Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Ole A. Martinson, fødd i Noreg 12.5.1879, farmar i Burke Co., ND - kven var han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole A. Martinson, fødd i Noreg 12.5.1879, dukker i 1910 opp som farmar i Leaf Mountain township, Burke Co., ND.

 

Ole gifte seg 12.8.1907 med Gina Olsdotter Velo, fødd i Wilkin Co., MN 9.11.1884.  Foreldri hennar var komne frå Hadeland!

 

Det er fleire "family trees" for denne huslyden på ancestry.com, og eitt av desse har namngjeve foreldri til Ole som:

 

Ludvig August Martinson f. i mai 1861 i "Haurida Jonköp", Noreg og Severina Saabraten f. i Noreg 28.1.1859, utvandra i 1880/1881

 

Teljingi frå Otter tail Co., MN 1885 syner dei hadde ein son Ole på 5 år, men er det han?

 

Eg ville setja stor pris på om denne Ole A. Martinson kan identifiserast og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

~~~~~

 

PS: Eg er på leiting etter ein Ole Anderson som var fødd i Bergen 12.5.1879 og som budde nokre år hjå fosterforeldre på Hilland i Alversund, men som so utvandra til foreldri sine i 1885.  Foreldri vart sidan farmarar i Bowbells township, Burke Co., ND!!  Eg tykte denne Ole A. Martinson såg "mistenkeleg" nær ut!

 

(PS: Dette emnet vart i aftes ved ein feil innlagt i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen, men er no flytt hit!)

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nytt fint innlegg!

 

Du har trekt opp linjene for den Ole Andersson som eg eigentleg leiter etter, og eg vonar sjølvsagt det verkeleg ER han som budde i Burke Co., ND.  Men so var det å prova dette...

 

Dette familietreet på ancestry.com har Ole A. Matinson som son av:

 

Ludvig August Martinson, og han har eg no finna att:

 

~~~~~

 

Ludvig August Martin, fødd 15.3.1856 og døypt 19.10.1856 i Gamle Aker, Christiania

far: Martin Lauritz Larsen

mor: Ingeborg Andreasdotter

 

Foreldri gifte seg i Christiania 19.10.1856, same dag som sonen vart døypt!

 

~~~~~

 

Denne Ludvig August skal so ha fått sonen Ole 12.5.1879 med ei Severina, men denne finn eg ikkje nokon stad...

 

Ludvig August og kona hans ligg gravlagde på Maplewood cemetery nær Pelican Rapids, Otter tail Co., MN:

 

MARTINUSON, August

b. May 26, 1861, died May 1, 1929

MARTINUSON, Severine

b. 1859, died July 18, 1919

 

~~~~~

 

Desse opplysningane kjem fram av familietreet på ancestry.com, men det er openberrt noko som ikkje stemmer, jmf. fødselsdatoen til August!

 

Kanskje me kan finna nekrologar for August og/eller Severina for å sjå om dei let etter seg ein son Ole i Burke Co., ND...

 

Dette er eit spennande problem som eg vonar finna ei løysing på...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So kan eg svara meg sjølv på dette problemet etter at eg har undersøkt utflyttelistene over Christiania 1881-1883 (om mori til Ole Martinson i Otter tail Co., MN vart det sagd at skulle ha utyvandra i 1882, og eg fann ei Syverine Olsen frå STANGE med son Ole Olsen som utvandra i 1882.

 

Og her er fødsli til denne Ole Andersson, fødd 12.5.1879:

 

Hedmark fylke, Tangen i Stange, Ministerialbok nr. 14 (1862-1879), Fødte og døpte menn 1879, side 50.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8859&idx_id=8859&uid=ny&idx_side=-54
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070123320363.jpg

 

Då er det ganske sikkert han som busette seg i Burke Co., ND, men du store allverdi for eit samantreff, at to norskfødde gutar Ole Andersson fødde same dag i 1879 båe, rett nok på ulike tidspunkt, budde med få kilometers avstand i Burke Co., ND!!

 

Då kan me sjå på spørsmålet om Ole A. Martinson som løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.