Gå til innhold
Arkivverket

Ingebrigt Knutson Lærdalsøren, f. 1824, gråsteinsmurar, reiste april 1850 på sildefiske og vart aldri høyrd frå att etter den tid - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ingebrigt Knutson Lærdalsøreenm, fødd i Lærdal 10.1.1824, gifte seg i Lærdal 20.1.1848 med Kari Pedersdotter Ehre, fødd i Lærdal 13.6.1821.  Ingebrigt var gråsteinsmurar, og parfolket budde på Lærdalsøyri i Lærdal til 1850.

 

Av heimstavnsrapporten for Kari Pedersdotter frå Bergen

 

http://digitalarkive...00000000030562 

 

http://da3.uib.no/cg...30&storleik=125

 

http://da3.uib.no/cg...31&storleik=125

 

http://da3.uib.no/cg...32&storleik=125

 

kjem det fram at Ingebrigt Knutson i april 1850 reiste heimefrå og skulle på sildefiske.  Men dei korkje såg eller høyrde noko meir til mannen etter den tid, og han vart sidan erklært for avliden.  I desember 1850 fekk Kari sitt yngste barn, ein son Ingebrigt Ingebrigtson oppkalla etter far sin!

 

Er det mogeleg i dag, meir enn 160 år etter, til dømes gjennom dei digitaliserte kyrkjebøkene for heile landet, å løysa dette spørsmålet om kvar det vart av Ingebrigt Knutson etter 1850?  Kanskje miste han livet ein eller annan stad på kysten?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skulle til å skrive at det ikkje var heilt uvanleg at folk innanfrå fjordane mista livet under sildefiske ved Kinn, slik kyrkjeboka viser her (#7-#14):

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Fjaler, Ministerialbok nr. A 12 (1854-1887), Døde og begravede 1860, side 15. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2054&idx_id=2054&uid=ny&idx_side=-16

 

Men det ser ut som om Lars har funne ei uventa løysing på kvar Ingebrigt vart av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Lars J. og Torbjørn for spennande og svært utfordrande innlegg!

 

Det var litt av ei oppdaging å finna Ingebrigt Knutson att som tvangsarbeidar frå november 1852 til mai 1853!  Eg er skikkeleg imponert!

 

Då har nok ikkje Ingebrigt mist livet på sildefiske, men kvar kan han ha gjort av seg?

 

Kan han ha "stikke av" til Amerika?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.