Gå til innhold
Arkivverket

Bygdebokoppslag Fana - gardane Søreide og Bjørgen 1760/1770-åri?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kyrkjeboki for Fana (http://www.arkivverk...ny&idx_side=-82) syner at:

 

Jacob Larsson Søreide og Bertha Iversdotter Søreide gifte seg i Fana 2.7.1764, og eg finn minst fire born etter dei, alle fødde på Bjørgen og døypte i Fana:

 

* Agatha Jacobsdotter, døypt 26.1.1768 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8798&idx_id=8798&uid=ny&idx_side=-52)

 

* Gjertrud Jacobsdotter, døypt 30.4.1769 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8798&idx_id=8798&uid=ny&idx_side=-58)

 

* Aamund Jacobson, døypt 2.12.1770 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8798&idx_id=8798&uid=ny&idx_side=-66)

 

* Guri Jacobsdotter, døypt 22.3.1772 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8798&idx_id=8798&uid=ny&idx_side=-72)

 

Mellom fadrane til desse borni finst det INGEN med namn Iver eller Iverson/-dotter, og eg mistenker Bertha for å vera barnefødd i Hafslo i Sogn i 1741 (av foreldre Iver og Gjertrud Øvrebø!) og innflytt til Bergen/Fana kring 1760.

 

Kva kan bygdeboki for Fana fortelja oss om dette parfolket og opphavi deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I den gamle bygdebok for Fana, og under Bjørgen(Bjørgi) står dette Lars.

 

Jacob Larsen Søreide død 1796, 63 år gammel, gift 1 gang med Britha Ivarsdatter Søreide død 1780, 49 år gammel.

Gift 2 gang i 1782 med Britha Mikelsdatter Store Midthun.

Barn 1. e. Lars, Agate, Gjertrud, Åmund og Guri.

Barn 2.e. Åmund, Brita , Kari, Synneva og Mikel.

 

 

Torleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torleif for interessante opplysningar!

 

Det er ikkje godt å seia so mykje utifrå dei opplysningane som du sende meg.  Har du også søkt under garden Søreide om opphavi til Jacob og Bertha er omskrivne der?  Eller er kanskje spørsmålet drøfta i den nye ætteboki for Fana?

 

Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fanaboka:

Jacob Larsen 1737-1796 f. Knappen (nabogarden til Bjørge).

Hans far er Lars Jacobsen Knappen f. Søreide (finner ingen Jacob nevnt på Søreide som mulig far) g. Gjertrud Amundsdatter Dolvik.

 

Når det gjelder Berta Ivarsdatter, så nevnes ingen Ivar på Søreide som kan være hennes far. Derfor kan ho vært i tjeneste på Søreide og teoretisk være fra Hafslo.

Er kanskje denne far til Lars Jacobsen også en tilflytter?

 

mvh

Oddvar S.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Fanaboka bd 4 s. 184 (Bjørge):

Jakob Larsen Knappen f. 1737 d. 1796 fekk bygselbrev i 1764 på den delen som Rasmus Olsen før hadde hatt. G. 1 1764 m Brita Ivarsdtr. Søreide f. ca 1731 d. 1780. Barn: Gjertrud b, i Mathopen, Agate b. på Sletten, Ivar, Lars, Amund, Guri. Dei 4 siste d. unge.

G 2 m Brita Mikkelsdtr. Midttun f. 1749 d. 1809. Barn: Brita. Kari, 2 b. d små.

 

Det er ingen opplysninger om Brita Ivarsdtr.s opphav verken under Bjørge eller Søreide.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Oddvar og Lars J. for nye spennande innlegg!

 

Eg ser av dei framkomne opplysningane at Bertha har "fått" eit fødselsår som llgg 10 år før det "mi" Bertha har.  So ser eg òg at mori til Jacob Larsson heitte Gjertrud.  Soleis er det ikkje so sikkert at det var mor til "mi" Bertha som vart oppattkalla...

 

Desse faktorane gjer meg svært usikker på om dette verkeleg kan vera Bertha Iversdotter frå Øvrebø i Hafslo...

 

Eg trur eg førebels vil lata denne Bertha stå som eit godt "alternativ" og heller komma attende til saki, med mindre andre element skulla "dukka opp"...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.