Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Mannsnamnet Wier i Sogn - kvar kjem dette namnet ifrå? - fleire huslydsmedlem?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Mannsnamnet Wier dukkar opp på garden Øvrebø i Solvorn, Hafslo sist i 1650-åri, og kring 1664 gjorde han makebyte med ein brukar på nabogarden Bjørnetun same stad. Der vart Wier buande til kring 1669.  Trulrg døydde han på den tidi, for i Hafslo ser me i alle fall ikkje noko meir til han.

 

Elles i Sogn har eg so langt berre finne dette namnet ein stad:

 

Jens Wierson, 50 år gamal, var i 1701 husmann på Merkjet under Helland i Lærdal.  Det er ikkje urimeleg å tenkja seg at Jens er son av den første Wier i Solvorn.  På den tidi var det fjorden som batt, og det var ikkje so langt frå Solvorn til strendene i Lærdal!

 

Men finst det andre Wier i Sogn frå den tidi?

 

Eg ser elles av gamle tema i Brukarforum at namnet Wier førekjem i Hardanger og Sunnhordland, men om Wier i Solvorn hadde noko samband dit, kan eg ikkje seia noko om.

 

Eg vonar at nokon kanskje har vore borti dette namnet, og då særleg i indre Sogn, og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Bygdeboki for Lærdal, bd. V side 156 har desse opplysningane om Jens Wierson:

 

Jens Wierson, fødd kring 1651, dødsår manglar - gift med Anna Ingebrigtsdotter frå Mjelde/Øye i Lærdal - ingen leveår!

 

To eller tre born er nemnde:

 

* Christopher Jensson, fødd kring 1688

 

* Sjur Jensson, fødd kring 1690 - "truleg til Vindedal"

 

* ?Aamund Jensson, neste brukar, ingen leveår, gift med Kari Ingebrigtsdotter (frå Kvikne? - ingen leveår!) - tre eller fire born frå 1732 og utover...

 

Kyrkjeboki for Lærdal syner:

 

* Aamund Jensson og Kari Ingebrigtsdotter gifte seg i Lærdal 2.12.1731

 

* Sjur Jensson og Inga Nilsdotter gifte seg i Lærdal 17.4.1713 - born:

 

** Nils Sjurson, døypt i Hola, Lærdal 15.10.1713 (fadrar mellom anna Anna Jensdotter)

 

** Christopher Sjurson, døypt i Vindedal, Lærdal 23.2.1721 (fadrar mellom anna Agatha Nilsdotter)

 

Diverre er opplysningane frå bygdeboki etter måten "snaue", men kanskje er det nokon som har jobba litevetta med denne ætti?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I 1741 er det en Aamund Jensen som har datteren Brite til dåpen i Lærdal, men det er kanskje ikke din Aamund? - se venstre side, venstre kolonne:

 

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1741, side 84. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-87
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620027.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget frå 17.6.!

 

Dette ser ut til å vera ein svært so "stemoderleg" handsama huslyd i bygdeboki for Lærdal.  Det finst openberrt opplysningar i kyrkjebøkene, men kvifor er dei ikkje medtekne i boki?

 

Eg fann no i kveld leveåri til Anna Ingebrigtsdotter, ho som var gift med Jens Wierson!  Ho vart gravlagd i Lærdal 2.3.1727, 65 år gamal, so då kan me plassera fødsli hennar til kring 1662.

 

Det ser ut til at Aamund Jensson og kona Kari Ingebrigtsdotter har fått desse borni:

 

* Ingebrigt Aamundson, døypt i Lærdal 17.8.1732

 

* Trond Aamundson, døypt i Lærdal 29.8.1735

 

* Knut Aamundson, døypt i Lærdal 12.7.1738

 

* Britha Aamundsdotter, døypt i Lærdal 12.11.1741

 

Bygdeboki nemner òg ei mogeleg dotter Eli Aamundsdotter gift 1771 med ein Ole Knutson Hunderi, fødd 1733.

 

Elles har eg i kveld blatt igjennom avlidne i Lærdal mellom 1752 og 1872, men finn ingen av dei "sentrale" personane her avlidne, d.v.s. Aamund Jensson og kona Kari Ingebrigtsdotter eller Sjur Jensson og kona Inga Nilsdotter.

 

Ein lyt soleis gå ut ifrå at alle desse fire personane samt Jens Wierson sjølv døydde mellom 1711 og 1752, men denne første kyrkjeboki for Lærdal er "slitsom" å bla igjennom!  Dødsfallsbasen som Fylkesarkivet i si tid lagde, inneheld berre dødsfall for dei fire første månadane i kvart år!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden, og greier nokon finna dødsfalli til dei ovannemnde personane i denne ætti, ville det vore ein kjempebonus!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Kanskje litt på siden, men på Vindedal i 1762 finner jeg en Ingebrigt Aanundsen med kona Ragnille Halvarsdatter: 

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogn fogderi, Ekstraskatt 3418 (RA/EA-4092/R52/L3418), 1762-1769, oppb: Riksarkivet.

Merknader: Ekstraskatt 1762-1772, se også kat. nr. 1145/51.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47516/144/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-rk10051111030151.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas

Denne skriftforma "Wier" er vel mest truleg embetsmannsdansk for Viar, i moderne restaurert form meir kjent i skriftform, og som leseuttale, Vidar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Arnfinn for nye interessante innlegg.

 

Til Grethe: Eg var ikkje merksam på at ekstraskattmanntalet for Lærdal er utlagt på Digiotalarkivet.  Det hadde jo vore litt enklare å søkja etter dei fire sakna personane i staden for å lesa dødsfallslistene i kyrkjebøkene for Lærdal, men ein lyt vel uansett gå ut ifrå at dei alle var avlidne før den tid...  Hadde me endå hatt ei digitalisert kyrkjebok frå 1711 til 1752...

 

Til Arnfinn: Du har sikkert rett i at namnet Vidar kjem frå Wier, eller omvendt, alt etter kva tidsperiode me talar om...  Det er alltid eit problem kva namneform ein skal nytta i ei bygdebok.  Bøkene mine vert skrivne på "lustra"-norsk, men ein er berre nøydd til å "standardisera" namni.  Det vart for mange år sidan i Luster vedteke å nytta dei namneformene som var vanlege midt på 1800-talet for so å nytta dei namneformene folk sjølv nytta frå den tidi folk flest vart skriveføre og bevisste over korleis namni skulle skrivast.  Dette er ofte ein vanskeleg balansegong, men stort sett har det gått bra.  At namneformene frå midten av 1800-talet vart valde, heng dels saman med omsynet til dei tusenvis av amerikanarar som grev etter slekti si og som ikkje er vande med dei "moderne" namneformene som me kjenner i dag.

 

Eg vonar framleis på innspel om gravferdsdatoane for dei eldre ættemedlemmane...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.