Gå til innhold
Arkivverket

Skoskatten 1711 - persongalleri


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg veit ikkje om dette er rette staden å stille spørsmålet mitt, men eg prøver: Eg har sett meg til å sjå gjennom skoskatten for eiga bygd, og legg merke til eit spesielt fenomen: Eg finn personar som er døde nokre år før, td 1707. Sidan det ikkje står patronym på personane, kan eg ikkje 100 % slå fast at det ikkje er andre personar enn eg trur, men eg kjenner nokså godt desse gardane etter kvart.

 

Td Ryssdal i Gloppen; her har . Der blir Rasmus og Ola skattlagde, men den einaste Ola som figurerer med tilknyting til Ryssdal på denne tida, er Ola Gullbrandson, som døydde i 1707.

 

Er der noka god forklaring på dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

har du sett etter i tenarmanntalet?  (lister sokneprestane sette opp på våren 1711, som forarbeid til futen si innkrevjing seinare på året)

Dei ligg i den same rekneskapen, sannsynlegvis før skoskattelista.

 

 

Redigert:

.... det hjelper ikkje stort: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47532/96/

Det står berre Ole og Rasmus.

 

 

Men når kvar 6. mann (kvar 5.?) heiter Ole, så er det ikkje urimeleg at etterfølgjaren (fast eller mellombels) for avdøde er ein av dei.

 

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akkurat denne garden kjenner eg spesielt godt fordi eg bur her. Der er ikkje skifte etter Ola - eg har fundert på om "Ola" kan bety "enkja etter Ola", sidan det ikkje kjem ny brukar på garden før etter at enkja Ester (som det er skifte etter) døyr i 1715.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akkurat denne garden kjenner eg spesielt godt fordi eg bur her. Der er ikkje skifte etter Ola - eg har fundert på om "Ola" kan bety "enkja etter Ola", sidan det ikkje kjem ny brukar på garden før etter at enkja Ester (som det er skifte etter) døyr i 1715.

 

No må eg medgje at eg ikkje finn skoskattemanntalet (lenkja ovanfor er til tenarmanntalet)... 

Men der står det gjerne om brukaren har kone, barn, kårfolk, m.m., i tillegg til tenarane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, det står berre eit namn, ikkje patronym heller, og så kor mange tenarar dei har. Og ein må gå ein omveg for å finne det - skildra av Grete Singstad i Friis-tråden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, det står berre eit namn, ikkje patronym heller, og så kor mange tenarar dei har. Og ein må gå ein omveg for å finne det - skildra av Grete Singstad i Friis-tråden.

 

Det er vel denne skildringa du tenkjer på:

http://forum.arkivverket.no/topic/191324-dorothea-friis-og-arvingene-etter-vincents-jensen-friis-1632-1689-i-trondheim/?p=1667604

 

Denne omvegen kjenner eg (eg har registrert skoskattelista for Sunnmøre).

Eg kjem altså hit http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47532/

og fann tenarmanntalet for Gloppen (lenkje ovanfor). Men her finn eg altså ikkje skoskatten... 

Det kan hende eg ikkje leita godt nok - men lenkjene i "Friis-tråden" går også til tenarmanntalet og til Kopp- og eldstadsskatt (for dei kondisjonerte).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er fyrste gongen eg er inne på dette dokumentet, så om du seier det ikkje er skoskatten eg har funne, så er det sikkert rett :-)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit ikkje om dette er rette staden å stille spørsmålet mitt, men eg prøver: 

 

Spør Riksarkivet er det rette forumet for spørsmål om arkivmateriale som oppbevares i Riksarkivet, så sant det ikke er et spørsmål som går spesifikt på den skanna versjonen.

 

Når det er sagt, tror jeg akkurat dette spørsmålet passer best i Brukerforumet, så jeg flytter tråden dit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.