Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Jørgen Jacobson Holst - avliden som handelsborgar og handverkar i Herøy på Sunnmøre i 1724 - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ein Jørgen Jacobson Holst, kan henda fødd kring 1670(?), kom tidleg på 1700-talet til Herøy på Sunnmøre der han livnærte seg som handelsborgar og handverkar på Gjertholmen og dels på Herøyberget.  Han var gift to gonger; siste kona var Anna Dorothea Nyborg frå Danmark, som levde att som enkje då Jørgen døydde kring 1724.  Ho gifte seg sidan att med Ove Christopherson Nagel på Herøyberget (1701-1756).

 

Eg står "bom fast" når det gjeld opphavet til denne Jørgen Holst, men vonar at einkvan dreg kjensel på namnet og kan hjelpa meg finna ut litt om denne karen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Petter F. Vennemoe

Det var en Jørgen Jacobsen Holst som ble døpt i Trøgstad 09.07.1690, sønn av "Sigt og sagefaldforpakter i Heggen og Frøland fogderi" Jacob Jørgensen Holst og Catrine Thomasdatter,  som levde på storgården Herseter.

 

Men hvis han kom til Herøy tidlig på 1700 tallet blir vel denne i yngste laget.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif Salicath

I skifteregister for Skien nevnes bl.a. Margrethe Jacobsdatter død gift med Jørgen Holst med sønnen Jacob Jørgensen Holst. Det indikerer at Jørgen kan være sønn av Jacob.  Skiftet var 13.okt.1703 i Skien.  Margrethes foreldre postmester Jacob Halvorsen og Karen Pedersdatter Green.  Altså usikkert om sønnen er oppkalt etter farfar eller morfar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Petter og Leif for nye innlegg; det siste kom, medan eg skriv på mitt!

 

Nei, det er nok ikkje nokon av desse Jørgen Holst me er på leiting etter, men no i kveld har eg fått direkte meldingar frå ein meddebattant (som ønskjer vera anonym) og som har finne svaret:  Eg attgjev meldingane her:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jeg fant følgende:
https://borgarseta.wordpress.com/2013/07/20/heroy/
 
Her finner vi:
Frå kring 1700 til 1718 var borgaren JØRGEN HOLST, borgarson frå Rafteneset, i verksemd her.
Han tok borgarskap i Bergen i 1701.
Då kona døydde, seinast i 1709, var eiga i buet minst 1000 rd; av dette fekk enkemannen halvdelen.
I 1718 kjøpte Holst Gjertholmen og flytta kanskje dit.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her har vi sannsynligvis far til Jørgen Holst.
https://borgarseta.wordpress.com/2013/07/20/rafteneset/
 
Utdrag:
I 1675 rådde JOCHUM HOLST grunnen. Han var frå Femern og tok borgarskap i Bergen i 1665.
Alt i 1663 er han nemnd på Sunnmøre, då som tenar for Helmer Meyer (sjå Skottholmen),
men det er uvisst om han var fastbuande så tidleg.
Til Rafteneset kom han truleg ved å ekte enka etter Oluf Olufsen junior, Anne Jørgensdatter Bryssel, ei datter av Jørgen Bryssel som handla i Ålesund i 1630-åra.
Holst var her enno i 1683, men flytta så til Bergen, der han døydde i 1697.
På skiftet etter han dette året blei aktiva i buet sette til vel 502 rd (m.a ei gammal jekt til 25 rd,
husa i Herøy til det same og kram- og kjøpmannsvarer samt utskipa gods til 251 rd), passiva til berre snautt 29 rd. Ingen borgarhandel her seinare.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dette tyder at Jørgen eigentleg heitte Jørgen Jochumson Holst!  Han er truleg fødd kring 1675 på Rafteneset i Herøy, og soleis er dette problemet løyst!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sveinung Vegsund

Nå ble jeg sannsynligvis gjort oppmerksom på forfedre som inntil i dag har vært utenfor rekkevidde. Dette uten at jeg helt forstår slektskapet mellom denne  Holst og min formor Anne Jonsdatter Nøre Brandal (Ulstein) gift med Siver ( Siur/Siuer) Rasmussen Smoge f. 1762, senere Lille Nørve FT. i Borgund 1801 ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hei Sveinung,

 

Eg har diverre ikkje oversyn over etterslekti til Jørgen Holst, men dersom Anne Jonsdotter Nøre Brandal var av Holst-ætt og fødd på 1760-talet, kan ho vel godt ha vore eit barnebarn av Jørgen Holst!?

 

Kanskje andre lesarar har fleire opplysningar om denne ætti...  Alternativt kunne du jo oppretta eit nytt emne som går på denne skyldskapen...

 

Lukke til med vidare gransking!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sveinung Vegsund

Takker: Anne Jonsdatter er i henhold til FT. 1801 i Borgund angilig født 1764. Det er registrert to generasjonskifter på Brandal i siste halvdel av 1700 tallet hvor Jon(er) er involvert. Finner det sannsylig at en av disse to kan være far til Anne Jonsdatter. Brandal/Lille Nørve ? Ingen Jon bosatt på Brandal/Ulstein under FT. 1801.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000785945

 

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000785947

 

Føler nå at jeg er i ferd med å løse denne gåten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sveinung Vegsund

Takker for engasjement: Lars E. Øyane og andre som måtte være interessert i dette slektstemaet. Så er min e-postadresse sveinung_vegsund@hotmail.com. Jeg fikk ingen varsel om inkomst av din tilbakemelding. Derfor oppgir jeg min e-postadresse for å være tilgjengelig.

 

http://xml.arkivverket.no/folketellinger/hefter/1801/15More_og_Romsdal/f8011516_hefte.pdf                                                                                                                                                                     (019) En Eyner Jonsen Huusbonde Bonde og gaardbeboer 39 (alder) er bosett  på Brandal/Brandahl umder FT. 1801. Dette kan være bror til min formor Anne Jonsdatter ?oikk

 

Har noe om noen som knytter min formor Anne til den omtalte Holst, men finner ikke notatet akkurat nå.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Skiftet etter Jon Pedersen Brandal i 1788 nemner 9 born, nemleg Peder, Ejner, Hans, Ragnild, Inger, Gunild, Anne d.e., Anne d.y. og Marthe: https://www.digitalarkivet.no/sk20090126710741

 

Skiftet frå 1818 etter Gunild Jahnsdtr. i Ålesund nemner m.a. brørne Peder, Ejner og Hans Brandal og søstera "Anne Jahnsdtr. gift med dannemand Sjur Rasmussen Lille Nørve": https://www.digitalarkivet.no/sk20090128680517

 

Familien er nemnt i bygdebok for Hareid s. 66-67: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013062105013

I følge bygdeboka er Jon Pedersen frå Grytten og kona frå Gamlem. Korleis evt. Jørgen Holst kjem inn i biletet, veit eg ikkje noko om.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort
1 time siden, Sveinung Vegsund skrev:

Jeg fikk ingen varsel om inkomst av din tilbakemelding. Derfor oppgir jeg min e-postadresse for å være tilgjengelig.

Du kan også klikke knappen "Følg dette" øverst til høyre bak emnetittelen.

Ikke nødvendigvis lurt å oppgi e-postadresse i åpent forum...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.