Gå til innhold
Arkivverket

Manglar du ei Marte Torsdtr, fødd på 1730-talet?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg systematiserer innbyggjarar i Gloppen kommune så langt tilbake som eg har skriftlege kjelder. Glopparar gifter seg stort sett med glopparar, men av og til kjem det inn "framande fuglar" - stundom finn eg ut kvar dei kjem frå, og stundom ikkje.

 

I 1766 blir det inngått ekteskap mellom Peder Arneson Gloppestad, ungkar, og pigen Marte Torsdtr Gloppestad. Peder er godt kjent for meg, men Marte er ikkje registrert som fødd eller konfirmert i Gloppen. Det finst ingen Tor på Gloppestad ho kan knytast til, og eg veit ikkje kvifor ho er busett der. Kanskje kan ho vere uekte fødd av ei jente frå Gloppestad, men i så fall ikkje i Gloppen.

 

Så då er det freistande å spørje om du sit med ei slektsoversikt der du har ei Marte Torsdtr, fødd omlag 1733 - kanskje litt før eller kanskje litt etter, som du ikkje kan gjere greie for etter konfirmasjonen? Mest truleg eg ho vestlending, kanskje helst frå Sogn og Fjordane, men vi ser også døme på "import" av jenter frå Austlandet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart døypt ei Marthe Thorsdtr. i Bergen i 1737:

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 3 (1717-1764), Fødte og døpte 1737, side 164.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8717&idx_id=8717&uid=ny&idx_side=-172
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416610117.jpg

 

Foreldra hennar, Thor Martiniussen og Anna Jørgensdtr., vart gifte i Bergen i 1734:

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 7 (1719-1781), Ekteviede 1734, side 70.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8723&idx_id=8723&uid=ny&idx_side=-72
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416620380.jpg

 

Det var skifte etter denne Anna Jørgensdtr. i 1741 (nr. 544): http://arkivverket.no/URN:sk_read/23999/118/

 

Eg har merka meg at ein av trulovarane til "di" Marthe Thorsdtr. var Jacob Jørgensen Hope, som opprinneleg var frå Gloppestad. Han hadde ei søster med namn Anna Jørgensdtr. For meg synest kabalen å gå opp, om det var slik at denne Anna Jørgensdtr. Gloppestad var den same som vart gift i Bergen med Thor Martinussen og fekk ei dotter Marthe, som seinare vart gift med Peder Arnesen. Peder Arnesen sin bror Ole var i alle høve gift med Anna Jørgensdtr. si søster Marthe, slik at det allereie var band mellom desse slektene.

 

Du har kanskje vore inne på liknande tankar sjølv. Å nemne ein slik mogleg samanhang som eg har gjort er ein ting, å prove noko er sjølvsagt noko heilt anna. Eg har ikkje noko som helst som provar at samanhangen verkeleg er slik eg antyder, og du har kanskje plassert Anna Jørgensdtr. Gloppestad ein anna stad i basen din? 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjerteleg takk for interessant innspel - dette skal eg straks setje meg og sjå på.

 

Det fyrste eg leg merke til, er at eg også manglar ein Tor Martinusson - fødd i 1709 på Henden Ytre. Når eg no sjekkar, finn eg eit skifte etter far hans - http://arkivverket.no/URN:sk_read/24231/417/ - og gåta om Marte ser ut til å vere løyst!

 

Eg legg merke til ein liten, spesiell detalj: I skiftet etter Martinus Torson er borna til Tor i Bergen oppramsa i ei spesiell rekkjefølgje: Alle står etter alder - bortsett frå Marte som står til slutt, og ikkje som nr 2 som ho burde.  Kanskje er det eit teikn på at ho oppheld seg ein annan stad enn dei andre.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det viser seg at Tor Martinusson døydde i Bergen allereie i 1747. Han hadde 4 born i eit andre ekteskap, derav 1 som var fødd etter hans død. Eg prøver å finne ut kvar det vart av desse borna.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.