Gå til innhold
Arkivverket

Nils Larsson Solvorn - fødd i Hafslo 1748 - konfirmert i 1769 - forsvinn so frå bygdi - til Lærdal? - eller kanskje til Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Nils Larsson Solvorn, son av Lars Mortenson Solvorn (1725-1754) og Siri Aamundsdotter Bjørnetun (1720-1788), vart døypt i Hafslo 23.1.1748 og vart konfirmert i Hafslo i 1769.

 

Liksom ei eldre søster Martha (døypt 24.10.1745, konfirmert i 1767) flytte Nils frå Hafslo etter han vart konfirmert, men kvar vart det av han?

 

FamilySearch har fleire gode alternativ, men ingen i indre Sogn utanom desse FIRE i Lærdal:

 

* Nils Larsson og Kirsti Christensdotter - vigde i Hauge sokn 18.8.1776 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-224) - kausj. Jens Øye og Anders Hauge

 

* Nils Larsson og Britha Knutsdotter - vigde i Hauge sokn 24.5.1779 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-225) - kausj. Jens Øye og Nils Helland - Denne Nils er 45 år i 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058396001399

 

* Nils Larsson og Barbro Knutsdotter - vigde i Hauge sokn 18.5.1783 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11595&idx_id=11595&uid=ny&idx_side=-139) - kausj. Anders og Jens Øye - Kan dette vera han på 61 år i 1801? http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058396001169

 

* Nils Larsson og Anna Ludvigsdotter - vigde i Årdal sokn 4.7.1784 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11595&idx_id=11595&uid=ny&idx_side=-140) - kausj. Jan Henrik Mathisen og Anders Seim - Denne Nils er 53 år i 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058396001913

 

Men akk: Her har me vel alle desse alternativi som fødde i Lærdal (kjelde FamilySearch): https://familysearch.org/search/record/results?count=20&englishSubcountryName=Sogn%20og%20Fjordane&query=%2Bgivenname%3ANils~%20%2Bsurname%3ALarsson~%20%2Bbirth_place%3ALaerdal%20%2Bbirth_year%3A1730-1763~%20%2Brecord_country%3ANorway%20%2Brecord_subcountry%3A%22Norway%2CSogn%20og%20Fjordane%22%20%2Brecord_type%3A%280%29

 

So, kvar vart det då av "vår" Nils Larsson?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt og utfordrande innlegg!

 

Som du ser, døydde Siri i Hafslo, og so vidt eg veit, budde ho alltid i Hafslo.  Dødsåret til Lars Mortenson er eit "circa"-år, men Siri er omskrive som enkje alt i 1763, då ho fekk fattigstøtte på grunn av sjukdom.  Og i 1765 fekk "Siri Aamundsdatter Lars' Enche" fattighjelp "til datterens skolegang".

 

Eg kjenner berre dei to borni, Martha og Nils, etter dette ekteparet, men har fundert svært på dette med skulegongen til dotteri, og det so seint som i 1765!  Martha må jo då forlengst vera ferdig med alt som heitte "skulegong".  Eg trur difor at Lars og Siri òg må ha hatt ei dotter til fødd kring 1753/1754 (då kyrkjebok manglar heilt for Hafslo), som i 1765 framleis ville vera i "skulepliktig alder"!?

 

Kvar det var av dotteri Martha, veit eg heller ikkje, men når eg ikkje går ut spesielt for å spørra etter ho, heng det saman med at namnet er so vanleg!  Då er det mykje lettare å leita etter Nils Larsson...!

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis det er snakk om en datter født i 1753/1754, så er hun for ung til å være nevnt i ekstraskatten 1762 - der er det vel snakk om barn fra 12 år. Hvor bodde forresten Siri/Sigrid i 1763? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt utfordrande innlegg.

 

Diverre er ekstraskattmanntalet for Hafslo svært ufullstendig ført, og ugifte kvinner og enkjer er knapt nok nemnde, og om dei er nemnde, so berre med førenamn!  Og dei fleste ungdomane over 12 år manglar heilt, særleg born av husmenn og strandsitjarar.

 

Eg kan difor ikkje seia nøyaktig kvar Siri var i 1762, og ikkje heller veit eg kvar borni var, men bustaden deira var ganske so sikkert i den dåverande umatrikulerte allmenningi i Solvornstrondi!

 

So det er ikkje mykje hjelp å få i Hafslo med omsyn til lagnadane til dei to søskeni, Nils og Martha...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.