Gå til innhold
Arkivverket
Helge Hånes

Kva kjelder er rette?

Recommended Posts

Helge Hånes

Eg har funne eit tilfelle der det er usemje mellom Herøyboka 3, side 379 - 380 om Eiksundøydegard 1 og Ørstingar 1 side 107 og 93, avsnitta om plassane til Hagen og om Lystad.


 


Herøyboka fortel at Lars Olson Hagen frå Hagen i Ørsta vart gift med ei Siri Ivarsdotter, kanskje Øygard. Ho skal ha vore dotter av Ivar Pederson Øygard. Ho har også ifølgje denne sogeboka to systrer, Berte, død i 1696, gift med Jens Rasmusson Velsvik og busett i Dalsfjord og Brite, fødd i 1709 og død i 1774. Desse årstala ser ikkje ut til å stemme overeins. Lars Olson Hagen brukte garden mellom 1702 og 1726. Kanskje døydde han det året. Far til Siri, som var den førre brukaren, Ivar Pederson Øygard, brukte garden mellom 1664 og 1702. Far til Ivar, Peder Ivarson Øygard brukte garden mellom 1626  og 1664 og er nemnd som odelsbonde i 1655. Far til Peder skal ha vore Ivar Gudbrandson Havåg, som skal ha drive garden mellom 1624 og 1626. Han budde på Eiksund 3 og var utsending til kongehyllinga i Oslo i 1610.


 


Ørstingar 1 fortel at Lars Olson Hagen brukar plass 2 under Hagen i Ørsta, og at han kjem frå bruksnr. 2 Nedrehagen. Han er fødd i 1666 og lever til 1726. Far hans er Ola Larson Hagen fødd rundt 1627. Lars Olson Hagen er i følgje Ørstingar 1 gift ca. 1698 med Marit Ivarsdotter Lystad 3. Ho er dotter til Ivar Olson Lystad som er fødd i 1626 og er brukar av Lystad 3 mellom 1661 og 1711. Marit er nest yngst av seks syskjen. Lars Olson Hagen brukar plassen i Hagen til 1701 då han flytter til Eiksundøydegard 1 i Eiksund, den gong Herøy, no Ulstein.


Herøyboka fortel vidare at Lars Olson Hagen dreiv bruket mellom 1702 og 1726, dvs. til han døyr. Dette året tek sonen Knut Larsson Ødegård over bruket og driv det fram til 1761.


 


For meg verkar det som om Ørstasoga er mest påliteleg i dette spørsmålet, men det einaste som kan avgjere saka er nok  kjelder som kan støtte den eine eller andre slektslinja. Kan nokon hjelpe med dette?


 


Helsing


Helge


Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Eit par kjelder å starte med:

 

Marit Ivarsd. (kona til Lars, ifl. Ørstingar) hadde ein bror Nils, som døydde på Godøya i 1744 utan etterkomarar. I skiftet etter honom er syskena - og borna til døde sysken - arvingar http://arkivverket.no/URN:sk_read/24556/233/ 

 

Lars Olsson Øygard var det skifte etter i 1726, her http://arkivverket.no/URN:sk_read/24551/194/

 

Det ser ikkje ut til at det er skifte etter Ivar Pederson Øygard (føremann på Eiksundøygard).

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Det er ikkje flust med kjelder frå denne tida....

 

Tingboka manglar delvis for nokre av åra først på 1700-talet, men når ho finst, kan ho fortelje om nye eigarar og bygslarar på gardane.

Offentleg skifte er halde etter eit lite mindretal.

Pantebok og kyrkjebok kjem seinare.

Manntala er "mangelfulle": (1701 er truleg komplett for menn og gutar, skoskatten 1711 inneheld namn på hovudpersonen, men berre tal for andre husstandsmedlemer over ca. 7-10 år; begge inneheld svært få kvinner)

 

Men her er det iallfall to aktuelle skifte.

 

Lars Olson Øygard i 1726 etterlet seg enkja Sirri Ifvers datter og

"deris sammen aflede 3de børn nembl: Knud Larsen, 24 aar gl., sampt britte og borille Lars Døttere".

"Til formynder ..(for Knut) Joen Amundsen Grødviigen, (Britte) Anders Siur Jensen Vels Viigen, (for Borille) Elling Olsen Foldstad"

"Enkens Laugverge er Lensmanden Frans Pedersen Egsund".

 

I skiftet er det 1 mellag jordegods utan bygsel(rett) i Åmbø. Det vert utlagt på Knut sin arvelut.  (Heile Åmbø var 4,5 mellag.)

 

 

Nils Ivarson på Godøya 1744 etterlet seg dei syskena som står i "Ørstingar 1", derimellom

"...Marith Iversd. den sl. mands 3e Søster, død og efterladt sig 3de børn .. Iver Larsen, myndig, Knud Larsen, myndig, Ingeborg Larsdatter, 40 aar, formynder Knud Bachen..."  (ein Knut Bakken er nemnd tidlegare som son til ei anna syster).

 

Det står ikkje tydeleg i dette skiftet at Nils (og syskena) er frå Lystad - men han er iallfall frå Ørsta (står i skiftet), og det er truleg mange nok andre haldepunkt for å plassere syskenflokken til Lystad.

Men dersom Marit Ivarsd. (Lystad) er gift med Lars Olsson Hagen, slik "Ørstingar 1" seier, kan det ikkje vere den same Lars som budde på Øygard. Det tyder på at "Ørstingar" tek feil.

Barneflokken under Hagen Pm02 ("Ørstingar 1" s. 88) er ein kombinasjon av barna i dei to skifta, og det heng ikkje saman.

 

 

Det høyrer med til soga at ifl. "Ørsta" (Myklebust, 1933 - den gamle bygdeboka) var eigarane av Åmbø i 1699 Knut Vik 3 3/8 mellag og Ole Larss. Hagen 1 1/8 mellag. Kvar han har funne oversynet over eigarskap i 1699 er eg ikkje sikker på. 

Om ein kan finne korleis det eine mellaget kom Lars Olson Øygard i hende mellom 1699 og 1726 (anten frå Knut Vik, skifte 1704, eller frå Ole Larsson Hagen), kan ein kanskje seie noko om slektskap.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg
Det høyrer med til soga at ifl. "Ørsta" (Myklebust, 1933 - den gamle bygdeboka) var eigarane av Åmbø i 1699 Knut Vik 3 3/8 mellag og Ole Larss. Hagen 1 1/8 mellag. Kvar han har funne oversynet over eigarskap i 1699 er eg ikkje sikker på. 

Om ein kan finne korleis det eine mellaget kom Lars Olson Øygard i hende mellom 1699 og 1726 (anten frå Knut Vik, skifte 1704, eller frå Ole Larsson Hagen), kan ein kanskje seie noko om slektskap.

 

Myklebust fann opplysningane i odelsskattelista i futerekneskapen 1699, her: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47655/182/

(han rekna om frå pund og merker til mellag =18 mrk=3/4 pd)

 

og eigarskapen er den same i 1711: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47662/79/  (berre at no er det Knut Vik sine arvingar)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Myklebust fann opplysningane i odelsskattelista i futerekneskapen 1699, her: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47655/182/

(han rekna om frå pund og merker til mellag =18 mrk=3/4 pd)

 

og eigarskapen er den same i 1711: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47662/79/  (berre at no er det Knut Vik sine arvingar)

 

I skiftet etter Ragnhild Larsdotter, enkja etter Knut Nilsson VIk er det ført opp 6 våger 1 pd 7 1/4 mk jordegods i ytre og indre Åm med Åmbø

http://http://arkivverket.no/URN:sk_read/24552/169/ (nede, heilt til høgre)

Dette er nøyaktig det same som Knut Vik hadde i 1699 og arvingane i 1711.

 

Altså må det eine mellaget i skiftet etter Lars Olson Øygard ha kome frå det Ole Larsson Hagen hadde i 1699 og 1711 (20 1/4 mk = 1 1/8 mellag).

 

Futerekneskapa etter 1711 er ikkje skanna, så langt eg veit. Då må ein til Riksarkivet for å leite i originalane. Dei vil kunne fortelje kven som eig den

 minste delen av Åmbø mellom 1711 og 1726.

Tingboka finst også og er skanna og lagd ut på nettet. Dei er førte kronologisk for Sunnmøre, med 2-3 tingsamlingar i kvar skipreide kvart år.

Då må ein "berre" leite seg gjennom 16-17 årgongar for å finne kva som er tinglyst om Åmbø.

http://arkivverket.no/URN:rg_read/search/?rettsinstans=&fylke=15&embete=Sunnm%C3%B8re+sorenskriveri&protokoll=&periode=&navn=

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Nils Aksel Horvei

Futerekneskapa etter 1711 er ikkje skanna, så langt eg veit.

Beklager, jeg hadde oversett ordet "etter" da jeg skrev et svar, og nå greier jeg ikke å slette.

Endret av Nils Aksel Horvei

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.