Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Korleis kunne ein bergensar verta SPANSK TOLK midt på 1800-talet?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg syner til emnet om Anders Olsen (Aase) (http://forum.arkivverket.no/topic/196301-anders-olsen-aase-fr%C3%A5-sund-1782-gift-med-agatha-larsdotter-fr%C3%A5-hafslo-1780-budde-i-bergen-til-1850-og-forsvinn-kvar-vart-dei-av/) der son #3, Carl Johan Olsen (1818-1876), sidan vert sagd vera SPANSK TOLK i Bergen (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249000580).

 

Kan det tenkjast at foreldri hans, Anders og Agatha Olsen, flytte til SPANIA då dei selde huset deira i Bergen i 1850?  Kan eldste sonen Lars Olai òg vera utvandra til SPANIA?  Eller er eg heilt på jordet?  Dei må vel då ha søkt om PASS?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
David Widerberg Howden

Det kan ikke være så enkelt som at han hadde vært sjømann i Spanske farvann og derfor lært seg språket da? Min oldefar bodde iallfall en tid i Barcelona og seilte "på de syv hav".. (Vet ikke om han kunne spansk, men ville tro det var mange nordmenn som kunne det..)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til David for nytt innlegg og kommentar!

 

Jau, at ein sjømann kunne vera gått i land og oppheldt seg ei tid i Spania er absolutt ei relevant løysing, men eg har ingen opplysningar som tyder på at Carl Johan nokon gong var sjømann.  Han opptrer i Bergen som kontormann og, som nemnt, som spansk tolk, men han KAN jo sjølvsagt likevel ha vore til sjøs i ungdommen...  Kven veit...?

 

Eg vonar likevel det KAN ha samanhang med forsvinningi til foreldri hans frå 1850.  Me veit jo at nordmenn, særleg då frå dei "høgare samfunnsklassar", av helsemessige orsaker flytte til Tessin i Sveits og Gardasjøen i Nord-Italia på 1800-talet, so kvifor ikkje til Spania?

 

Eg vonar på fleire spennande innlegg og kommentarar og takkar so mykje....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
toreanda

Det var fra før 1850 aktiv handel mellom Norge og Spania. Mange nordmenn arbeidet og bodde i Spania som representant for norske firma. Om dette gjelder familien Olsen vet jeg ikke, men f.eks den senere statsråd Hans Rasmus Astrup (1831- 1898) kom som unge gutt i lære som kontorgutt og handelsbetjent hos konsul Hans Clausen i Kristiansund og var fra ca 1851 med som kargadør  med konsulens båter til bl.a. Barcelona. I 1856 startet Astrup sitt eget importfirma i Barcelona. Og det var mange lignende historier.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Hjarteleg takk til David for nytt innlegg og kommentar!

 

Jau, at ein sjømann kunne vera gått i land og oppheldt seg ei tid i Spania er absolutt ei relevant løysing, men eg har ingen opplysningar som tyder på at Carl Johan nokon gong var sjømann.  Han opptrer i Bergen som kontormann og, som nemnt, som spansk tolk, men han KAN jo sjølvsagt likevel ha vore til sjøs i ungdommen...  Kven veit...?

 

Eg vonar likevel det KAN ha samanhang med forsvinningi til foreldri hans frå 1850.  Me veit jo at nordmenn, særleg då frå dei "høgare samfunnsklassar", av helsemessige orsaker flytte til Tessin i Sveits og Gardasjøen i Nord-Italia på 1800-talet, so kvifor ikkje til Spania?

 

Eg vonar på fleire spennande innlegg og kommentarar og takkar so mykje....

 

 

Det er vel ingenting i vegen for at Carl Johan arbeidde som kontorist hjå ein av dei leiande bergenske fiskeeksportørane, stikkordet her er då sjølvsagt eksport av klippfisk til Spania og Portugal (Bacalão). Hugs på at Bergen by ikkje berre var Noregs men også Nordens leiande handels- og sjøfartsby på denne tida, og heile vågen surra nok av framande tungemål, då som no - og som i mellomalderen. Og til å føra skikkeleg og ryddig korrespondanse med oppkjøparane i mottakarlanda måtte ein sjølvsagt ha kontoristar- og agentar som kunne både engelsk, tysk, nederlandsk, fransk og - i dette høvet - spansk.

 

Så veit me òg at han som har mest korrespondanse med og skjønar seg best på tilhøva i eit land, og som ikkje minst vert vurdert som best skikka til å representera dette landet sine interesser utanlands, han eller ho blir gjerne utnemnt til dette landet sin konsul i Kgr. Noreg (ambassadørane deira sit alltid i hovudstaden, Oslo).

 

Det er difor fullt mogeleg at Carl Johan var kontorist hos den kjøpmannen- eller skipsreiaren I Bergen som samstundes var Kgr. Spania sin konsul i Bergen. Dessutan, folk lærde seg no framandspråk før i tida òg  ;)

Endret av Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore og Terje for nye interessante innlegg!

 

Jau, det er forståeleg at dei ogso den gongen hadde behov for folk med språkkompetanse utover det "vanlege".  Eg hadde vel ikkje tenkt akkurat i dei banane då eg oppdaga denne tolkstillingi, og når me veit at Carl Johan var kontormann, er nok denne forklaringi med fiskeeksport etc. ganske so logisk.

 

Vel, då får me vel leita vidare etter foreldri hans ein eller annan stad på Strilalandet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.