Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Gudny Olga Hultmann Høegh-Omdal (1913-1991) - Kristiansand/Oslo - telegrafekspeditør og førstesekretær i telegrafstyret? - vidare biografi?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter biografiske opplysnngar om denne jenta frå Kristiansand:

 

Gudny Olga (Thorvaldsdotter) Hultmann var fødd i Kristiansand 26.6.1913, men gifte seg på Voss 17.9.1940 med Hans Chrystie (Hansson) Høegh-Omdal, fødd på Ringsaker 3.10.1911.  Hans var journalist, medan Gudny var telegrafekspeditør.  Dei busette seg i Haugesund, men vart skilde i 1947.  Dei fekk ingen born i lag.  Hans miste livet ved eit ulukkeshende til sjøs nær Haugesund 31.5.1952.

 

Gudny flytte til Oslo der ho frå 1954 var førstesekretær i telegrafstyret.

 

So veit eg ikkje noko meir, anna enn at ho sidan flytte attende til Kristiansand der ho døydde 31.12.1991.

 

Eg har fått opplyst at det skal liggja føre rikhaldige opplysningar om Gudny hjå "Stiftelsen Arkivet i Kristiansand", men eg har ikkje greidd å finna nokon som kan hjelpa meg vidare med kontakt dit.

 

No vonar eg at einkvan i Brukarforum kan hjelpa meg vidare?  Eg skulle likt og visst litt meir om livet til Gudny etter 1954 og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Høegh-Omdal, Gudny + Kristiansand * 26.6.1913 # Telegrafekspeditør/Mitarbeiterin im Telegraphenwesen/Telegraph employee & I 13.5.42–8.6.42: Kristiansand II 5.9.42–8.5.45: Kristiansand, Åkebergveien, Grini, Ravensbrück

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for framifrå hjelp!

 

Eg har no hatt kontakt med Stiftelsen Arkivet og trefte på ei som Gudny var grandtanta til!  Eg fekk soleis perfekte opplysningar, og problemet er løyst!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arne B. Kristiansen

Vil også anbefale å lese boken "Frihetens flamme" av Kristin Taraldsen, der kommer det frem om litt hva hun gjorde under krigen...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arne for referansen!

 

Då eg i dag snakka med grandniesa hennar Gudny, fekk eg vita litt om kva Gudny var med på under krigen, og det er heilt klart ho opplevde mykje i kampen for fridom!  Eg kjenner ikkje boki som du nemner, men ho sikkert interessant å lesa....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.