Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Karen Kirstine (Jensdotter) Lemvig - fødd i Hafslo 1756 - enkje på Eri nedre i Lærdal 1816 - kvar vart ho av?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har ei ny utfordring til dykk i kveld!

 

Ei søster av jekteskipper Christopher Jensson Lemvig i Bergen/Sund (1758-e. 1807) var gift og budde i Lærdal.  Kanskje var det hjå denne fasteri at Christopher si eldste dotter, Mette Cathrine Christophersdotter Lemvig (1796-    ) voks opp?  Men, eg finn ho IKKJE konfirmert i Lærdal...

 

Opplysningane om denne søsteri er bra "komplette", men eg saknar opplysningar om den endelege lagnaden hennar!  Ho vart enkje i 1816, og einaste sonen hennar vart på same tidi gardbrukar på Horge i Borgund.  Kan ho vera flytt dit?  Bygdeboki for Lærdal har ikkje noko dødsfall på ho!

 

Her følgjer eit utdrag av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Karen Kirstine Jensdotter Lemvig, døypt [i Hafslo] 26.1.1756,

Karen Lemvig flytte med foreldri til Årdal kring 1772, men gifte seg i Lærdal 17.3.1787 med enkjemannen Sjur Jensson, opphavleg frå Tønjum i Lærdal.  Han var son av gardbrukar Jens Andersson på Tønjum og kona Ragnhild Sjursdotter og vart døypt i Lærdal 28.8.1734.  Sjur gifte seg første gongen i Lærdal 15.6.1756 med Inga Iversdotter frå Voll øvre i Lærdal.  Ho var dotter av gardbrukar Iver Alfson på Voll øvre og andre kona Gunvor Johnsdotter frå Halbjørshus i Hemsedal og vart døypt i Lærdal 4.5.1734.  Sjur og Inga vart gardbrukarar på Eri nedre i Lærdal der Inga d. 7.5.1786.  Sjur og Karen vart buande på Eri nedre som gardbrukarar og sidan som kårfolk.  Sjur d. på Eri nedre 24.7.1816, medan Karen d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1816!)

 

Sjur Jensson fekk i alt elleve born; av dei var desse to sønene frå andre ekteskapet med Karen Lemvig:

a. Jens Lemvig Sjurson, f. i Lærdal 30.5.1790, d. på Eri nedre i Lærdal 7.8.1793.

b. Jens Lemvig Sjurson, f. i Lærdal 23.5.1794, d. som gardbrukar på Horge i Lærdal 27.10.1832.  Jens gifte seg i Lærdal 24.10.1815 med Martha Andersdotter frå Molde i Lærdal, f. i Lærdal 25.4.1795.  Ho d. som kårenkje på Horge 27.6.1876.  Jens og Martha vart gardbrukarar på Horge i Borgund, Lærdal og fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om dette dødsfallet!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

For ordens skuld: Eg har i kveld blatt meg igjennom dødsfalli i Lærdal til og med 1848, men ser ikkje noko til Karen Kirstine Jensdotter Lemvig!

 

Kanskje er ho flytt frå Lærdal i seinare år?  Tja, kven veit...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.