Gå til innhold
Arkivverket

Tor Martinison i Bergen, d.1747 - kvar vart det av borna hans?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg er så fri å be om litt leitehjelp i samband med denne karen.

 

I to andre trådar har vi hatt før oss ei jente som sannsynlegvis er dottera hans, og for å få den endelege bekreftinga på det, hadde det vore strålande å funne skifte etter eit barnlaust sysken. Men la oss starte frå starten:

 

Tor Martinusson er fødd på Henden Ytre i Gloppen - noverande Eid - i 1709.

 

I skiftet etter faren Martinus Torson i 1764 står det at Martinus er død i Bergen, og det blir namngjeve fleire born av han.

 

Ut frå namna på borna veit eg at Martinus er identisk med denne brudgommen i Bergen i 1734 (høgre side), og brura Anne Jørgensdtr mistenkjer vi er identisk med Anne Jørgensdtr Gloppestad, f. i Gloppen i 1705.

 

Dei får 4 born før Anne døyr i 1741 - med skifte her :

 

1. Agate - 1736. Ho er sist nemnd i skiftet etter farfaren i 1764. Kvar er ho seinare?

 

2. Martha - 1737. Ho er nemnd i skiftet etter farfaren i 1764, men står ikkje i den naturlege rekkjefølgja, derimot heilt til slutt i oppramsinga. Vi mistenkjer at ho er identisk med Marte Tordtr Gloppestad, gift i Gloppen i 1766. Kvar er ho seinare dersom ho IKKJE er identisk med MTG?

 

3. Jørgen - 1739. Han er død før skiftet etter mora i 1741, og kanskje identisk med "Tor Martinisens drengebarn" som døyr i febr 1741.

 

4. Ananias - 1741. Han er nok oppkalla etter mora som døyr i samband med fødselen, og er sist nemnd i skiftet etter farfaren i 1764. Kvar er han seinare?

 

Tor Martinison får seg ny kone, Marte Maria Olsdtr, men eg har ikkje funne vigsla; kanskje har han vore ut av byen for å finne henne. Kan vigsla finnast? Saman får dei fire born: (no legg eg ikkje ut lenker til hendingane, men dei vil kome i ettertid).

 

5. Anne Marie 1743 - sist nemnd i skifte etter farfaren i 1764. Kvar er ho seinare?

 

6. Beate Kristine 1744 - fadder i Bergen 1762, og sist nemnd i skiftet etter farfaren i 1764. Kvar er ho seinare?

 

7. Anne Margrete 1746 - nemnd i skiftet etter farfaren i 1764. Seinare gifter ho seg med Jon Nilsen Bjerk og får borna Birgitte, Tor, Nikolai, Marte, Ananias og Bernt. Ho døyr i 1820, men sidan ho har mange born etter seg, vil neppe eit skifte gje leietrådar for meg.

 

8. Torine 1747. Ho er nok fødd etter at faren døydde, sidan ho fekk namnet hans. Ho er nemnd i skiftet etter farfaren i 1764. I 1788 er ho gift med "Mons Pedersen Fjøsanger" og får sonen Peder Martinus, som ser ut til å vere einaste barnet deira. Dei bur i Bergen i 1801 (med son) og i 1815 (utan son, men han skal då vere gammal nok til å ha flytta ut) - og begge to døyr i 1815. Her hadde det vore svært nyttig med eit skifte, særleg dersom sonen har døydd før foreldra.

 

Eg takkar på førehand for leitehjelp!

 

Eg hengjer også på eit anna spørsmål som kan vere til nytte i leitinga: Dersom Anne Jørgensdtr Gloppestad f.1705 er identisk med Anne Jørgensdtr, gift i Bergen i 1734 og død i Bergen i 1741, ville eg kunne hatt nytte av å vite lagnaden til dei to yngste systrene hennar:

 

A - Guri Jørgensdtr Gloppestad - fødd 1709 - siste gong nemnd i 1732 då foreldra skifta i levande live. Kvar er ho seinare?

 

B - Marte Jørgensdtr Gloppestad d.y. - fødd 1713 - siste gong nemnd i 1732 då foreldra skifta i levande live. Kvar er ho seinare? (Systera Marte Jørgensdtr d.e. budde på Gloppestad og var gift med Rasmus Larsson Støyva og Noje Olsson Lefdalsnes).

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.