Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lina Kristine Johanne Larsen/Johannessen - fødd i Haugesund eller Eide/Kvernes i 1909 - flytte 1931 til Skåre ved Haugesund - lagnaden hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter opplysningar om lagnaden til denne jenta frå Haugesund:

 

Lina Kristine Johanne Larsen, dotter av ein Andreas Larsen, fødd på Eidet ved Haugesund 15.9.1909.

 

Ifølgje FT1910 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036657003520) var ho fødd 22.10.1909, og faren Andreas Larsen var fødd i Hafslo 30.1.1871 som son av omstrefar Lars Børreson og Martha Marie Alexandersdotter (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Hafslodb&gardpostnr=10766&merk=10766#ovre).

 

Lina gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 15.10.1927

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4607&idx_id=4607&idx_listetype=vi&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-287
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060623080710.jpg

 

med Alexander (Magnusson) Johannessen, fødd i Bergen 13.1.1905.  Ved vigsli ståår det at Linma var fødd på Eidet; skal det kanskje veras Eide i Kvernes??

 

Uansett, Alexander og Lina fekk tre born i lag.  Dei vart separerte i 1931 og formelt skilde i 1934.  Lina flytte i 1931 til Skåre ved Haugesund, truleg heim til foreldri sine??

 

Eg ønskjer å finna ut følgjande:

 

* Kva er rett dato og stad for fødsli til Lina Larsen?

 

* Kva skjedde med Lina etter 1931? - Dato og stad for dødsfallet hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Fødestedet er Eide i Kvernes, M & R. Fødselsdato 15. Sep. , døpt 10. Okt. (Jeg kan ikke lage lenke fra min iPad)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt for nyttige opplysningar om fødsli til Lina!  Då er det problemet avklart.

 

Men kva med lagnaden hennar?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Fødestedet er Eide i Kvernes, M & R. Fødselsdato 15. Sep. , døpt 10. Okt. (Jeg kan ikke lage lenke fra min iPad)

 

Møre og Romsdal fylke, Eide i Kvernes, Ministerialbok nr. 571A02 (1898-1910), Fødte og døpte 1909, side 37. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=61116&idx_id=61116&uid=ny&idx_side=-42

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10711405200042.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste stadfestande innlegg om fødsli til Lina Larsen frå Kvernes.

 

Diverre er det ikkje komme fleire bidrag til dette emnet, so eg vil i dag henta det fram att..., samstundes som eg vil starta opp eit nytt emne som går på denne omreisande huslyden generelt.  Kanskje er det nokon som kjenner att desse folki?

 

Eg har i dag blatt igjennom alle lysingane for Haugesund frå 1934 til 1938, men finn ikkje noko nytt ekteskap for Lina Kristine Johanne.  Kanskje gifte ho seg att borgarleg utan kyrkjeleg lysing?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld lagnaden til Lina f. Larsen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonny Mydland

Hei, Lars :-)  Jeg har følgende på disse, noenlunde det samme som deg:

 

Alexander Johannessen, f.13-1-1905 (1910: 11-1-1904), hjdpt.27-3-1905 ”af Pastor Holdt”, stf.9-7-1905 i Korskirken i Bergen, 6/1910 og hjemme, død 24-1-1967 (da nevnt født 11-1-1904) og gravlagt på Solheim kirkegård i Bergen. Gift med Lina Kristine Johanne Larsen [ -se Bør'ane ], f.15-9-1909 på Svanviken, dpt.10-10-1909 i Eide. Jeg har notert to jenter på dem, og de skal også ha hatt en gutt. Så ser det ut til at Alexander ble gift på ny i 1935.

 

Han er av Palm og Solvorn slekt; foreldrene er Johannes Magnus Johannesen Palm - ”Magnus Johannessen”, f.17-7-1871 (1910: 7-7-1872 i Aurland) i Lavik, død 1-9-1940 i Bergen, steinarbeider, borgerlig gift 31-10-1893 i Bergen med Marie Tøgersen [ -se Solvorn ], f.13-1-1874 i Solvorn, Hafslo (Luster), død 1945.

 

Beklager at jeg ikke kunne hjelpe mer her, men tar gjerne imot ny info :-)

 

Jeg er for øvrig av både Palm og Bører :-)

 

Beste hilsener Jonny

Endret av Jonny Mydland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jonny for spennande innlegg!

 

Bakgrunnen for denne huslyden er velkjend for meg og vert delvis omskriven i det kommande bandet av bygdebokserien for Luster (Solvorn sokn).

 

Eg har elles notert meg at Aleksander og Lina fekk TRE BORN i lag, og Aleksander fekk dessutan tre born med andre kona si.

 

Men, som før nemnt; no er det lagnaden hennar LINA eg i første rekkje vonar å finna ut meir om.  Eg har finne telefonnummeret til ei dotterdotter av søsteri Laura, men diverre får eg ikkje svar der.  Kan henda er ho på ferie...  Kanskje veit du, Jonny, noko?  Du kan eventuelt senda informasjon til e-posten min (sjå nedanfor).

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jonny Mydland

Lars!  Mail sendt :-)  Jonny

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jonny og Gunnar for direkte e-postar om denne huslyden.

 

Eg har no greidd å spora opp ei nolevande dotter av Lina og har sendt detaljane til Jonny.  Kanskje vil du kontakta ho?

 

Eg har ei kjensle av at me no nærmar oss mål!?

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter mykje leiting har eg no vore i kontakt med etterkomarar etter Aleksander Johannessen og Lina f. Larsen, og eg har finne ut følgjande:

 

Etter andre verdskrigen var Lina busett i TYSKLAND.  Ho freista då ta kontakt med eldste dotter si frå ekteskapet med Aleksander Johannessen, men lukkast ikkje.  All kontakt var då bròten!

 

Er det mogeleg å finna att Lina i Tyskland?  Ho har truleg gift seg att med ein tyskar og reiste med han til Tyskland i 1945...  Hadde me endå kunna finna DØDSMELDINGANE etter Andreas Larsen eller kona Ingeborg Marie i Haugesund...?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

 

PS: Dette innlegget er ogso postert i dette relaterte emnet: http://forum.arkivverket.no/topic/197517-andreas-larsen-1871-av-den-reisande-svends-%C3%A6tti-fr%C3%A5-sogn-busette-ved-haugesund-fr%C3%A5-1910-og-utover-lagnaden-deira/?p=1677820

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Svein Gunnar kåsa

Lina blei tydligvis gift Bantelmann, altså Lina Bantelmann, Hademarstr. 1 Niederweiyer, Tyskland.( dette veit eg fra eit kort min mor fikk i 1973) Det er det einaste eg veit foreløpig............

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svein Gunnar og Ragnhild for nye spennande innlegg!

 

Her har me brått både ein ektemann #2, Gunnar Bærheim frå Høyland, og den tredje mannen frå Tyskland med namn Bantelmann.

 

Med ei slik nøyaktig adresse frå Tyskland frå 1973 bør det vera ei smal sak å finna ut meir, so gjev meg nokre dagar tid, so skal eg sjå kva eg kan greia...

 

Me nærmar oss ei løysing på denne utfordringi, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har nettopp oppdaga følgjande graver på Vår Frelsers gravlund i Haugesund:

 

Gunnar Berheim - fødd 16.5.1913 - døydde 22.4.1979

Karen Berheim, f. Berge - fødd 19.4.1911 - døydde 15.6.1979

 

Gunnar og Lina vart openberrt skilde, og Gunnar gifte seg på ny...

 

Kanskje nokon kan finna dødsannonser for Gunnar og Karen?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Svein Gunnar kåsa

Hei igjen !

Eg har prøvd  å leita litt i Tyskland etter spor av Lina, men litt dårlig tid og er heller ikkje så flink til dette. Har ikkje ført fram til anna enn bilde av gate/hus som kanskje kan være det riktige. Kortet me fann i papira etter mor er sannsynligvis det som eg prata om tidligere som me trudde ho hadde rive sundt og kasta. Telefonen mor mi fekk fra Lina må ha vært i åra 1-4 år etter kortet blei sendt, det var kona mi som overhørte slutten på samtalen. Kortet var bretta fint sammen og lagt i mellom noen andre bilder, kanskje ho hadde meining om at me skulle finne det........tusen takk for at du fortsatt viser interesse for dette. Eg sender deg opplysninger viss eg finn noko nytt. Regner med at du fikk bildet av kortet eg sende deg på mobilen.

 

Mvh

Svein Gunnar Kåsa 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svein Gunnar for nytt innlegg!

 

Eg er sjølvsagt framleis interessert i denne saki, og ventar ei attendemelding frå det lokale folkeregisteret i morgon.

 

Her er eit utdrag av meldingi eg sende dei på skjærtorsdag (som er vanleg arbeidsdag i Tyskland):

 

~~~~~~~~~~~~

 

Für einen Bekannten in Norwegen suche ich nach Auskünften über seine Großmutter, die in den 1940-er Jahren nach Deutschland ausgewandert ist.  Alles was er hat, ist eine Postkarte von 1973 mit einer Anschrift wie folgt:

 

Frau Lina Bantelmann
Hadamarstraße 1
Niederweyer

 

Lina Kristine Johanne Larsen war in der Gemeinde Eide in Norwegen am 15.9.1909 geboren.

 

Sie war zweimal in Norwegen verheiratet, und zweimal geschieden.  Ihr Name bei der Auswanderung wäre möglicherweise: Lina Berheim

 

Von ihrem Deutschen Ehemann, Herrn Bantelmann, haben wir keine Auskünfte überhaupt.

 

Die Lina und ihr Mann leben bestimmt lange nicht mehr; es würde uns aber sehr freuen, wenn Sie von den Archiven weitere Auskünfte finden könnten, z.B.:

 

** Wann und wo ist die Lina Bantelmann gestorben?

** Weiß man wo sie eventuell begraben sein kann?

** Der Name von ihrem Ehemann mit Geburtsdatum/-ort und Todesdatum/-ort sowohl als auch ein Heiratsdatum/-ort wären von großem Intereße.

** Sind andere Wohnorte bekannt?

 

Von Kindern in Deutschland ist nichts bekannt.

 

Ich danke Ihnen recht herzlich im Voraus für Ihre Hilfe und würde mich über eine baldige Antwort sehr freuen.

 

~~~~~~~~~~~~

 

So får me sjå kva som kjem...

 

PS: Eg fekk ei melding på telefonen om ein MMS er for eit par veker sidan, men greidde ikkje òpna denne.  Då var det tydeleg den du sende...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

For ei veke sidan fekk eg ei attendemelding frå Standesamt Hadamar i Hessen, men denne var ufullstendig, og eg har pr. telefon i dag fått tak i «resten»:

 

Lina Christine Johanna Bantelmann, fødd Larsen, fødd i Eide, Norwegen 15.9.1909, døydde i Hadamar 11.4.1974

Ho gifte seg i Daaden nær Koblenz 10.2.1955 med

Fritz Bantelmann, fødd i Hannover-Linden 28.10.1901, døydde i Limburg 7.8.1968

Dei flytte inn til Hadamar frå Limburg i 1959

 

Lina er gravlagd i Hadamar, men gravi er sletta.

 

Dette trur eg er om lag so langt som det er mogeleg å komma når det gjeld lagnaden til Lina i Tyskland, og eg vonar dette er til hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Svein Gunnar kåsa

Mange takk til Lars og alle dere andre for opplysninger om min bestemor Lina, for snart 2 år siden visste eg ikkje ein gong navnet hennar. Nå veit me i alle fall hvor ho blei av, antagelig hadde min mor ei meining med det gjemte kortet (1973) fra Lina, som me fant etter at min mor døde. Igjen takk for alle opplysninger.

 

Svein Gunnar Kåsa

svegka@hotmail.com

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svein Gunnar for fine ord.  Det er alltid kjekt å høyra at den innsatsen ein gjer, bringer glede, og kanskje særleg når ein kan bidra til å finna att so nær slekt som dette var!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Solveig Kvalheim

Dette er så spennende,Lina var min bestemor og. Eg er datter til den yngste datteren til Lina. Veldig kjekt å få vite litt om bestemor vår,for som Svein Gunnar sier,er det ikkje lenge siden vi ikkje visste navnet hennes engang. Tusen takk alle 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Solveig Kvalheim
På 17.4.2017 den 11.05, Svein Gunnar kåsa skrev:

Hei igjen !

Eg har prøvd  å leita litt i Tyskland etter spor av Lina, men litt dårlig tid og er heller ikkje så flink til dette. Har ikkje ført fram til anna enn bilde av gate/hus som kanskje kan være det riktige. Kortet me fann i papira etter mor er sannsynligvis det som eg prata om tidligere som me trudde ho hadde rive sundt og kasta. Telefonen mor mi fekk fra Lina må ha vært i åra 1-4 år etter kortet blei sendt, det var kona mi som overhørte slutten på samtalen. Kortet var bretta fint sammen og lagt i mellom noen andre bilder, kanskje ho hadde meining om at me skulle finne det........tusen takk for at du fortsatt viser interesse for dette. Eg sender deg opplysninger viss eg finn noko nytt. Regner med at du fikk bildet av kortet eg sende deg på mobilen.

 

Mvh

Svein Gunnar Kåsa 

Tante Inger, ville nok at dere skulle finne ut av dette om dere ville det sjøl,når hun ikkje var her lenger. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.