Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Larsson Valeberg, fødd i Hafslo 1865, til Amerika i 1882, var han barnefar i Muskegon, MI i 1886? - kjempeutfordring!!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er i kveld vorten merksam på ei utfordring i Muskegon, Michgan, som eg vonar einkvan kanskje kan hjelpa meg med?

 

Johannes Larsson Valeberg, fødd i Hafslo 29.5.1865 som son av Lars Iverson Valeberg og Gjertrud Hermundsdotter Walaker.

 

Johannes utvandra til Amerika i 1882 og hadde då namnet Johannes Walaker, men då mori døydde i Hafslo i 1915, vart sonen nemnd som Johannes Valeberg i Amerika!

 

I kveld har eg so finne denne fødsli hjå FamilySearch:

 

Albert Volburgh var fødd i Muskegon, MI 28.9.1886

 

Foreldri er oppgjevne som: John Volburg of Norway og Sophie Volburg of Norway.

 

Eg har freista finna fleire kjelder i Amerika som gjeld denne huslyden, men er førebels ikkje komen nokon veg!

 

So no lurer eg på om ein eller annan i Brukarforum kan greia å løysa denne floken?

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,


 


Johan Walberg og Sofia finner du her i emigrantprotokollene (Emigranter over Kristiania 1871-1930, redigert utgave), kanskje de samme som John og Sophie Volburg?:


 


http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000001024041


og


http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000001024042


 


De reiser med sønnene Daniel (3 år) og Anna (11 mnd) (Albert kan være død). Oppgitt bosted er Amerika.


 


Men om denne John Walberg er den samme som din Johannes Valeberg/Walaker er antakelig tvilsomt, alder stemmer i alle fall dårlig.


 


Vennlig hilsen Richard

Endret av Richard Johan Natvig
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for godt og spennande innlegg!

 

At John og Sophia Wallberg, som i 1888 utvandra til St. Paul, MN etter ei vitjing heime, må vera foreldri til Albert, synest vera ganske so opplagt, men eg har vanskar med å "plassera" dei i Amerika.  Eg finn eit par med namni John og Sophie Wahlberg i rett alder, men dei er svenske!  Hmmm.  Men dei aldrene som er oppgjevne i 1888 synest heilt klart å seia at dette er andre folk enn den Johannes Larsson Valeberg som eg leiter etter...

 

So dette tyder nok "back to square #one"!

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg lurer på om Volburg kan være feil for Forberg. Ekteparet John og Sofie Forberg, begge fra Trøndelag, bodde i en årrekke i Muskegon. I deres store barneflokk var sønnen Albert (f. sep. 1886), se bl.a. cencus 1900: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WVQ-LNT(nederst). Draft registration fra første verdenskrig oppgir 28.09.1886 som hans fulle fødselsdato.

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Arne for eit godt og avklarande innlegg!

 

Ingen tvil om at du har finne den rette familien til Albert.  So då har me endeleg ei avklaring på dette spørsmålet.  Og det paret som i 1888 utvandra over Christiania, var nok det svenske paret som eg har finne i St. Paul, MN!  Det var jo ikkje so heilt uvanleg at svenskar utvandra via Christiania...

 

Men, spørsmålet om lagnaden til Johannes Larsson Valeberg er framleis ei stor gåte, og eg tek med glede imot alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.