Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Edward Suckow (1860) skal ha mist livet i ein snøstorm i Colorado i 1902 - er dette mogeleg å prova?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Edward Suckow, son av Lars og Sigrid Suckow, som i 1845 utvandra frå Hafslo til Amerika, var

 

fødd i Winneshiek Co., IA 3.5.1860, men voks opp i Sioux Rapids, Buena Vista Co., IA

 

Frå ein familiebiografi heiter det at Edward Suckow miste livet i ein snøstorm nær New Castle i Garfield Co., CO

 

Eg har so langt ikkje finne opplysningar som kan stadfesta denne utsegni.  Eg finn han heller ikkje i FT1900!

 

Er det nokon som kan hjelpa meg finna fleire opplysningar om Edward og lagnaden hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke noe svar på spørsmålet ditt. Men da jeg "googlet" snøstorm (snow storm) og 1902, fikk jeg treff på denne filmen som antakelig viser samme snøstormen i New York i 1902! Håper du får den opp når du klikker på lenken nedenfor: 

 

http://strangesounds.org/2014/02/discover-the-first-video-of-a-new-york-city-snowstorm-in-1902.html

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 

 

Edward i Census 1860

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:M82B-PDL

 

 

 

Edward med foreldre og søsken i 1870.

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MDJ2-5WV

 

 

 

Finner han ikke hos foreldrene i Census 1880.De bodde i Lee,Buena Vista,i 1880

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MDKY-SPY

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner ikke Edward i Census 1880.Hvor har han gjemt seg?

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for spennande innlegg!

 

No er vel avstanden frå Colorado til New York so lang, at eg tvilar på om same snøstormen kan herja båe stader på same tid.  Det ville vel vera som å ha snøstorm i Bergen og St. Petersburg på same tid...

 

Elles er det eit mysterium kvar Edward Suckow "gøymer seg", både i 1880 og i 1900.  Ein kunne nesten tru at biografien var feil, eller at namnet hans er fullstendig "corrupted" i ulike kjelder.  Det siste er sjølvsagt godt mogeleg.  Eg var i si tid på leiring etter ein mann med namn Sidenbender frå Indiana som budde i St. Paul, MN kring 1890.  Den norske kona hans døydde, og han let dei tre borni sine over til ein misjonsstasjon som adopterte dei bort.  Sjølv forsvann barnefaren, og han dukka ikkje opp i offentlege kjelder før folketeljingi for Florida for 1935 vart gjort tilgjengeleg!

 

Når det gjeld Edward, vurderer eg å ta kontakt med biblioteket i New Castle, CO....  Kanskje dei kan hjelpa meg?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan være at navnet til Edward  er feilskrevet ved tellingene.
Broren Nils fant jeg heller ikke i Census 1880.Men fant ham i Census 1895.

 

Nils Suckow

Iowa Births and Christenings, 1830-1950

birth:
7 July 1854
Little Iowa Norsk-evangelisk Lutherske Menighed, , Winneshiek, Iowa
christening:
23 July 1854
Little Iowa Norsk-evangelisk Lutherske Menighed, Winneshiek, Iowa
father:
Lars Johan Suckow
mother:
Sigrid Ivarsdr

 

N Suckow

Iowa State Census, 1895

birth:
1855
residence:
1895
Buena Vista, Iowa, United States
other:
Lena Suckow, Laura Suckow

 

 

RootsWeb:

http://archiver.rootsweb.ancestry.com/th/read/NORWAY/2010-07/1279752750

 

 

Men foreldrene finnes i Census 1885.

 
Lars J Suckow
Iowa State Census, 1885
Name: Lars J Suckow Event Type: Census Event Year: 1885 Event Place: Sioux Rapids, Buena Vista, Iowa Gender: Male Age: 65 Birth Year (Estimated): 1820 Page: 12 Household Role Gender Age Birthplace

 

Lars J Suckow

  M 65  

 

Sarah Suckow

  F 66  

 

Christine Suckow

  F 42  

 

Ben Suckow

  M 29  

 

Nora Suckow

  F 24  

 

Walter Suckow

  M 4  
Family Number: 1 , Line Number: 1 , GS Film number: 1021447 , Digital Folder Number: 004539575 , Image Number: 00389

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:HH2F-NW2

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er mulig at Edward Suckow “gjemmer seg” bak navnet Edward Sucho i 1880-tellingen, uttalen vil jo være den samme: https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MDL6-K2V

Name:            Edward Sucho

Event Type:   Census

Event Year:   1880

Event Place: Eden, Sac, Iowa, United States

Gender:          Male

Age:    20

Marital Status:          Single

Race:   White

Race (Original):        W

Occupation:   Farming

Birth Year (Estimated):      1860

Birthplace:     Iowa, United States

Father's Birthplace:             Wisconsin, United States

Mother's Birthplace:            Wisconsin, United States

 

OBS! OBS! OBS!

Father's Birthplace:             Wisconsin, United States

Mother's Birthplace:            Wisconsin, United States

er feil, i originaldokumentet (ancestry.com: http://interactive.ancestry.com/6742/4241093-00778?pid=32494327&backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2f%2fcgi-bin%2fsse.dll%3findiv%3d1%26db%3d1880usfedcen%26gss%3dangs-d%26new%3d1%26rank%3d1%26gsfn%3dedward%26gsln%3dsucho%26MSAV%3d0%26msbdy%3d1860%26cp%3d0%26catbucket%3drstp%26uidh%3dl93%26pcat%3d35%26fh%3d1%26h%3d32494327%26recoff%3d%26ml_rpos%3d2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true) er begge foreldres fødested Norway!

 

Eden, Sac, Iowa, ligger øst for Sioux Rapids.

 

På same side i originaldokumentet, men i et annet hushold, finner vi en Theodore Sucho, kan det være broren til Edward? Også hans yrke er Farming. Alder er oppgitt å være 20, som for Edward, det burde være 22, men det er mange feil i folketellingene. (I FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MDL6-K2W) er fødested til foreldrene er oppgitt å være Germany, men i originalen er disse to feltene tomme!)

 

Vennlig hilsen Richard

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fant ham! Ed Sucho

 

Dette er fra Colorado Online Historical Newspapers (http://www.coloradohistoricnewspapers.org), avisa New Castle Nonpareil Feb 23, 1899, se bilde

 

(adresse til artikkelen: http://www.coloradohistoricnewspapers.org/Default/Skins/Colorado/Client.asp?skin=Colorado&AW=1436882717094&AppName=2)

post-663-0-68872600-1436883306_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No vart eg skikkeleg imponert!  Hjarteleg takk til Richard for "breathtaking research" og takk ogso til Ann-Mary for kjempefin oppfølgjing!

 

Problemet er løyst!

 

Denne Suckow-familien består av heile 14 søsken pluss ein fosterbror, og her finn me mange merkelege lagnader.  Med den kjempesukséen som du Richard hadde med Edward, kanskje du har lyst til å "bryna deg" på ein av dei eldre brørne hans, Christopher Martin Suckow?  Eg legg han inn som eige tema...

 

Nok ein kjempetakk for glimrande innsats!  Slike resultat gjer Brukarforum i Digitalarkivet til det det er:  Eitt av dei aller beste debattfora for oss som driv med ættegransking!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen,

 

under mislukka leiting etter Christopher M. Suckow fann eg desse avisnotisane som viser at liket av Ed/Edward Sucho/Suckow blei funne (Yuma Pioneer (Yuma, Yuma County), Friday, March 03, 1899, Page: 5 [heilt likelydande notis i Colorado Transcript (Golden, Jefferson County), Wednesday, March 08, 1899, Page: 2]), og så henta av broren (kva for ein bror??) for gravlegging heime (Glenwood Post (Glenwood Springs, Garfield County), Saturday, March 04, 1899, Page: 5), sjå vedlegga. Alt funne via søkesida til Colorado Online Historical Newspapers.

 

Vennleg helsing Richard

post-663-0-89460200-1437052470_thumb.jpg

post-663-0-11158300-1437052491_thumb.jpg

Endret av Richard Johan Natvig
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for nye imponerande funn frå amerikanske aviser!

 

Det er berre heilt fantastisk kor mykje det etter kvart er mogeleg å finna der borte no når fleire og fleire gamle aviser vert digitaliserte og gjort søkberre!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.