Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Botolv Jonson Tistam ca 1675-1770 - korleis er Sjur Pederson Hestenes knytt til hans slekt?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Etterslekta etter Botolv Jonson får vi delvis klarlagt i skiftet etter kona hans, Lisbet Larsdtr (f.Devik) i 1754. Då har dei 2 søner og 6 døtre som arvar - slik er dei omtala i skiftet, med tillegg av det eg veit om dei elles:

 

- Jon Botolvson Tistam, gift og buande her på garden(dvs Tistam).

Eg har ikkje greidd å finne ut kven han var gift med, og eg har heller ikkje funne ut om han har born. Det finst ein samtidig Jon Botolvson Tistam som er gift med Ingeborg Larsdtr og har borna Lars, Jakob, Kari, Anders og Hans - men det er altså ikkje denne.

 

- Jens Tvinnereim.

Han må vere identisk med enkjemannen på Tvinnereim i 1741, der borna Lisbet og Rasmus er nemnde i skifte-utdrag etter mora, 7 og 4 år gamle. Dei er også nemnde i eit skifte etter ei grandtante på Andenes i 1745.

 

- Brite Botolvsdtr, enkekvinne i Bergen

Henne finn eg gift i Bergen i 1743 med Jan Jansen Høyer - men ho er allereie då enkje. Kven ho har vore gift med før, har eg ikkje funne, men når Høyer døyr, gifter ho seg truleg att med ein Peder Larsen i 1758. Høyer er død på skiftetidsounktet i 1754, så det stemmer at ho er "enkekvinne" då. Born etter henne har eg ikkje funne.

 

- Ingeborg Botolvsdtr, gift med Knut Fjellkårstad.

Dette ekteskapet er Ingeborg sitt andre - ho var fyrst gift med Jakob Martinusson Fjellkårstad, og dei hadde sonen Martinus, 5 år gammal ved skifte etter faren i 1745. Med Knut fekk ho dottera Magdeli, som døydde 18 år gammal i 1772.

 

- Kari Botolvsdtr, 40 år.

Ho døydde ugift året etter dette skiftet, i 1755. Eg kan ikkje sjå noko skifte etter henne, og konkluderer med at ho er barnlaus; særleg om ho hadde barn utanfor ekteskap, ville det vore viktig med eit skifte.

 

- Barbrå Botolvsdtr, gift med Peder Nybø i Gloppen.

Ved skifte etter henne i 1770 er det nemnt 4 døtre - Gunnhild, Lisbet, Rakel og Kari. Av dei er det berre Gunnhild som får etterkomarar - ho bur på Nybø, er gift og får 5 søner - Rasmus, Peder, Pål, Knut og Bertel. Rasmus og Bertel ser ut til å ha døydd tidleg.

 

- Marte Botolvsdtr, 25 år

Henne veit eg ingen ting om.

 

- Agnete Botolvsdtr, 32 år (litt rar rekkjefølgje, men det står slik).

Ho gifter seg 2 år etter dette skiftet med Peder Andersson Moldrheim, og dei får borna Synnøve, Anders og Lisbet. Dei skifter i levande live i 1774, og ho har ingen særkullsborn.

 

På denne bakgrunnen tek eg fram skiftet etter Sjur Pederson Hestenes i 1805. Etter alder ved død bør han vere fødd rundtom 1745 - kanskje litt seinare, sidan han er konfirmert i Gloppen i 1765 (då under namnet Sjur Pederson Tistam). Han har to barnlause ekteskap bak seg, og den eine dottera han har, er fødd utanfor ekteskap, og dermed ikkje "verdig" til å arve noko.

 

Derfor må ein lenger ut i slekta for å finne arvingar, og vi les:

 

"Som arvinger efter den avdøde blev angivne på moderens side næst søskendebørn navnlig:" og så følgjer  Peder....Pål......Knud Pedersen Nybøe.............. Anders........Synnøve.......Lisbet  Erikssøn/dtr.

 

Fleire arvingar er der ikkje.

 

Eg har vridd og vrengt på desse opplysningane, og kome til at Sjur Pederson Hestenes må vere son til Brite i hennar fyrste ekteskap (før Høyer). Eventuelt må han vere fødd av ei ca 16 år gammal Marte?

 

Er det nokon som har meir å tilføye her, eller kan arrestere logikken min på noko punkt?

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Hei!

 

Eg kan nemne at i 1764 vart ei Marthe Botolvsdtr. Tisthammer gift med Anders Andersen Reme frå Innvik. Dei vart trulova (18. mars) og gifte seg (9. april) i Vanylven:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Vanylven, Ministerialbok nr. 501A02 (1760-1816), Ekteviede 1765, side 98.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15935&idx_id=15935&uid=ny&idx_side=-98
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070829610180.jpg

 

Dei busette seg på garden (Indre) Myklebust (også kalla Stølen) i Syltedalen i Vanylven. Det var ikkje born i dette ekteskapet, og Marthe døydde i 1786: 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Vanylven, Ministerialbok nr. 501A02 (1760-1816), Døde og begravede 1785-1787, side 150.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15935&idx_id=15935&uid=ny&idx_side=-144
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070829610226.jpg

Marthe står her som 67 år gammal, dvs. fødd ca. 1719. I tilfelle ville ho vere 35 år (og ikkje 25) ved skiftet etter mora. Eg går då ut ifrå at det er tale om ein og same person som a) er nemnt i skiftet; og b) døyr i Vanylven. Eg har ikkje funne noko skifte etter Marthe. Enkemannen Anders gifte seg opp att, og fekk ein son (Anders Martinus) som m.a. eg sjølv ættar frå. Men det er ei anna soge... 

 

 

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Hjerteleg takk for denne opplysninga! Det er svært rimeleg at dette er "mi" Marte - synd det ikkje er skifte etter henne, det kunne vore oppklarande.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.