Gå til innhold
Arkivverket

Skiftepakke Hafslo 1894 - Ole Sjurson Solvorn


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Sjurson Solvorn, i mange år husmann i Solvornstrondi under Solvorn i Hafslo, flytte visstnok i 1892 til Florø der han døydde 2.8.1893.  Eit mindre skifte vart halde i Florø (dette har vore undersøkt før), men eg har eit notat som seier at eit "større" skifte vart slutta i Hafslo i 1894, og ei mappe skal liggja i skiftepakken for 1894!  Han let etter seg borni:

 

* Sjur Olson Tune (1860-1929), bakar i Solvorn

 

* Ole Olson (Solvorn), fødd 16.4.1865, utvandra i 1885 til Amerika

 

* Maria Olsdotter (1869-1947), gift 1893 med Gunder Elias Gundersen, skomakar i Florø

 

I samband med dette skiftet skal sonen Ole vera nemnd som "tilstadeverande", men han er ikkje å sjå i nokon andre norske kjelder, so eg TRUR denne utsegni er uriktig!

 

* Går det fram av skiftedokumenti (registreringsforretningi?), kvar sonen Ole Olson oppheldt seg på den tidi og kva namn han nytta?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ligger en mappe i skiftepakken for Indre Sogn som gjelder strandsitter Ole Sjursen Solvorn. Der ligger utskrift av registrering 28. august 1893. Ole Olsen omtales som myndig i Amerika. På hans vegne opptrådte Knud Olsen Hjelmhaug. I pakken ligger to brev fra "Olle O. Börg, Black Earth, Dane Co., Wisconsin", datert desember 1893 og 23. februar 1894. I brevene bad han om at hans tilgodehavende ble satt i sparebanken, til han trengte de, og hvis han ikke trengte pengene, kunne "mine Folk have dem". Han skriver også at han hadde lovet å kjøpe billett til "Jertru". Han skrev under i det første brevet som Olle O. Bjørgen, og fortalte at han var hos sin tremenning Ingebor S. Johnson. Hennes pikenavn var Ingebor Sjursdatter Øvrebø. Han skriver at han nyss var kommet dit, men "i Saammer en tid" hadde han vært "Nord i Staten", "to hundrede mil her I fra". Han nevner at "vor Moster og hendes børen er der nor".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for eit kjempemessig svar!

 

Då har me fått vita at Ole Olson Bjørg i 1894 var busett i Vermont township, Dane Co., WI, for der var det at tremenningen Ingebor Sjursdotter og mannen Edward Johnson farma på den tidi før dei flytte til Taylor Co., WI.  Mosteri var Eli Christensdotter som budde i Buffalo Co., WI, men som miste livet i ein brann i mai 1894.

 

Eg har ikkje greid å finna Ole Olson Bjørg i noki folketeljing, MEN eg har finne gravi hans på Lyster kyrkjegard i Buffalo Co., WI.  Han døydde i 1911, truleg ugift!

 

Denne skiftepakken har soleis bidrege til å hjelpa meg finna lagnaden til nok ein "vanskeleg" emigrant til Amerika, og eg takkar på ny for god og nyttig hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.