Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Kva står om Arnold Jonsen på Solheim?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Eg sit og skriv av den nyoppdaga folketellinga 1815 for Gloppen, og møter stort sett få utfordringar. Men kva står etter namnet hans? Familie nr 2 på Solem. Han er bror til brukaren, så noko gardsnamn er det ikkje.

 

Ja, no var fila for stor til å laste opp, og eg veit ikkje korleis eg kan skjere ned bildet. Er det nokon som kan hjelpe meg?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Nei, det er nettopp det som er poenget - ho er funnen i eit gammalt prestearkiv no nyleg, og ei venleg sjel har fotografert henne av til meg slik at eg kan skrive henne av og få gjort henne søkbar på DA. Så eg må beskjære/endre det bildet eg har her hos meg og det får eg ikkje til. Nokon som kan ta i mot bildet på epost og gjere jobben?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Geir Tverå

Da er bilde beskjært og lagt ut. Dessverre måtte det beskjæres ganske mye for å komme innenfor tillat maksimumsstørrelse.post-300-0-21340500-1440537378_thumb.jpg

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Tusen takk for hjelpa så langt, både til Geir Tverå og dei andre som tilbaud å hjelpe! Så då er spørsmålet igjen: Kva står bak Arnold?

 

Må forresten nemne at denne folketellinga er ei gullgruve, ikkje minst fordi tenarar, legdsfattige og andre har fått med seg gardsnamnet sitt. På denne måten får vi identifisert fleire av dei ukjende personane i 1801-tellinga og.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Det einaste ordet eg kan få det til å vere, er Tyl.

 

Ordet er vel vanleg i Nordfjord, men kan vel ha fleire tydingar. Men brukt i denne samanhangen må det vel vere meint i tydinga tulling eller beintfram idiot. Aaland skriv at Arnold var "vitlaus, fekk kaar": http://www.nb.no/nbsok/nb/33fa3648e6b42aa06744d8edb785e446?index=7#361

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Det er mi tolking av skriftbildet og - det ville eg ikkje nemne i starten for ikkje å legge føringar for andre. Eg kjenner ordet godt frå bygda, men tykkjer det er spesielt å finne det i ei slik liste, og vil vere 100 % sikker før eg skriv det.

 

Bygdeboka fortel at Arnold vart spedalsk, men skriv ikkje noko om åndsevnene hans.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×