Gå til innhold
Arkivverket

Rasmus Pederson, fødd på Svanøya, vaks opp i Batalden, men kva vart lagnaden hans?


Torbjørn Henrik Hillersøy
 Del

Recommended Posts

Firda Folkeblad skriv i utgåva av 12/12 1933 om ein Rasmus Pedersen som kunne vere ein av fleire mulige Rasmus'ar som var med på ei berging av båten "Urda":

http://www.nb.no/nbsok/nb/4decba1c026835f0a6ff663fdb189bc1?index=2

 

(Søkefunksjjonen i NB virker ikkje heilt som den skal, så ein må forstørre opp sida øverst til høgre, litt nede på sida finn ein artikkelen om Rasmus fraa Sunnfjord)

 

Dette er det einaste spor, utanom FT 1865, eg har funne etter Rasmus Pederson f. 1/4 1852 på Svanøya. Han var son til Peder Elias Mortensen og Helle Sofie Rasmusdtr. Dei flytta til Batalden rundt 1860. Rasmus budde der i 1865.

 

Men etter det har eg ikkje funne spor etter han. I avisa står det at han var komen bort på sjøen for lenge sidan. Det kan sjå ut som avisa engasjerte seg i å finne opprinnelsen til denne Rasmus som var med på berginga av "Urda".

 

Kan nokon finne meir om Rasmus?

 

Mvh Torbjørn

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fylkesarkivet har skrive litt om saka frå Firda Folkeblad i 1933, men det er ikkje kjent kven av Rasmus-ane som berga engelskmannen:

http://www.sffarkiv.no/sffbasar/print.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=128483&spraak_id=1&ptype=single

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

mange takk, Torbjørn, for informasjon om historia som var utg.pkt. for granskinga!

 

Lurer på om dei nokon gong fann ut kven den rette Rasmus var?

 

 

Fekk ellers svar frå NB at foreløpig må ein gjenta søket i det vesle søkevindauga rett øverst til venstre i det skanna bildet. Då vil søket bli utheva.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje akkurat svar på spørsmålet ditt, men ein liten kommentar. Det stemmer at Peder og Hille Sofie kom til Batalden kring 1860 (Eg har ei lita registrering på dei våren 1861), men dei hadde vore der før, i alle fall Hille Sofie. I juni 1847 (to månader før dei gifta seg, fekk dei ei dotter Maren Elisa, og bustad ved dåpen i juli er oppført som Batalden. (Hille Sofie er, som du sikkert kjenner til, søster til Rachel Rasmusdtr i Store-Batalden.) Når dei giftar seg i august 1847, er Peder oppført med bustad p.t. på Grov.

 

Eg reknar med at det er den same Maren som døyr i oktober 1847 med bustad Batalden, 13. veker gamal, i alle fall fekk Peder og Hille Sofie ei "ny" Maren nokre år seinare. Våren 1848 er Peder og Hille Sofie på Erikstad på Svanøy.

 

Eg har ikkje forska så mykje på denne familien, så eg har ikkje meir nøyaktige opplysningar enn det. Det kan kanskje hende at Hille Sofie var åleine i Batalden (Hos Rachel?) når Maren Elisa blei fødd, sidan Peder er oppført med p.t. Grov i august.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, dei budde i Batalden i 1847. Men det var nytt for meg at dei budde på Erikstad i 1848. Dei budde og på Svanøya i 1852, men i 1855 budde familien i Kvalvika i Eikefjorden, der Peder vaks opp.

 

Du har ikkje noko om Maren Andrea (f. i 1855)? Eg finn ho ikkje i FT 1875.

Stemmer det at Rachel og Hille var frå Solheimslia i Naustdal? Eg har og Stavang som adresse på Hille. Rachel budde vel og i Stavang då ho vart gift med Jahn Lyder?

Hadde Peder og Hille kontakt med Haugianer-miljøet på Svanøya?

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje forska så mykje på denne familien, så informasjonen eg har er begrensa, men eg skal leite meir i det eg har, og sjå om eg finn meir.

 

Maren har eg ikkje noko om etter 1865, men eg trur ikkje eg har leita heller. Eg kan ta eit lite søk, og sjå om eg finn noko.

 

Rachel var fødd i Solheimslia, som då låg i Naustdal sokn, no Førde. Nokre år etter at Rachel var fødd, flytta dei utover fjorden.

 

Henvisningane til Stavang trur eg må vere i vid forstand, altså at det ikkje er snakk om garden Stavang, men området. Det eg har registrert, er at dei budde i Eikevika i Høydalsfjorden. Hille Sofie er fødd i Eikevika. Eg trur nok at denne familien (altså Rachel og Hille Sofie + foreldre og søsken) var ein del av det rike haugianersamfunnet rundt Høydalsfjorden. Det skulle vel godt gjerast å "komme seg unna".

 

Rachel hadde ei tilknytning til Haugianargarden på Svanøy før ho blei gift med Jahn Lyder. Eg meiner å hugse at ei syster av Rachel (må ha vore ei som var eldre enn Hille Sofie) også var der. Eg har truleg ikkje sjekke Hille Sofie, sidan ho var ein god del yngre enn Rachel, men kan ta ein kikk på det. Det at dei kom til Erikstad i 1848 kan vel også tyde på at dei tilhøyrde haugianarane, for det var haugianarar på Erikstad på dei tider.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Maren Andrea konfirmert i 1870 (nr. 20)

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 8 (1859-1882), Konfirmerte 1870, side 76.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6892&idx_id=6892&uid=ny&idx_side=-75

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115310121.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har kun delvis oversikt over Svanøe sokn for denne perioden, men eg har funne litt.

 

I 1844 finn eg ei Gjøe Rasmusdtr på Svanøe (hovedgarden). Med litt forbehold reknar eg med at dette er Hille si syster ved same namn, fødd 1823 i Eikevik. I 1845 står både Gjøe og Hille Rasmusdtr oppført på Svanøe (hovedgarden). Peder Mortensen finn eg på Grov.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for det! Er det som fadrar du finn desse tre?

 

Og kva skjedde med Maren etter konfirmasjonen? Hadde eigentleg tenkt å lage eit nytt emne om ho, men det går for det same.

 

Og dette tema vert stadig utvida: Veit du når Mads Rasmusson (bror til Hille og Rachel) kom til Batalden? Han vart gift med Trone Andersdtr., frå Kvamme (i Naustdal?)i 1858 og var då busett i Batalden (husmann?). Eg er og usikker om paret busette seg i Batalden (nærare bestemt Floga) allerede då.

 

Ein anna ting som er litt forvirrande er gardsnamna. Eg finn garden Solheim i Naustdal, men ikkje Solheimsli. Kvamme ligg i Naustdal, men det er fleire gardar med namnet Kvamme i Førdefjord-området og ein i Angedalen (Førde), så det er ikkje lett å vite kva som er rett.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I matrikkelutkastet frå 1950 finn eg gnr. 74 Soleim og gnr. 75 Soleimslien i Naustdal kommune. Gnr. 144 heiter Kvamme. Gnr. 41 i Førde heiter Kvamme, medan gnr. 8 i Vevring (nytt gnr. 87 i Askvoll) heiter Kvammen.

Dersom ein kjenner gardsnummer i rett kommune anno 2015 kan ein f. eks. gå inn på gardskart.no og skrive inn kommunenr., gnr. og bnr. og på den måten få sjå på kartet kvar garden/eigedommen ligg.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for det! Er det som fadrar du finn desse tre?

 

Og kva skjedde med Maren etter konfirmasjonen? Hadde eigentleg tenkt å lage eit nytt emne om ho, men det går for det same.

 

Og dette tema vert stadig utvida: Veit du når Mads Rasmusson (bror til Hille og Rachel) kom til Batalden? Han vart gift med Trone Andersdtr., frå Kvamme (i Naustdal?)i 1858 og var då busett i Batalden (husmann?). Eg er og usikker om paret busette seg i Batalden (nærare bestemt Floga) allerede då.

 

Ein anna ting som er litt forvirrande er gardsnamna. Eg finn garden Solheim i Naustdal, men ikkje Solheimsli. Kvamme ligg i Naustdal, men det er fleire gardar med namnet Kvamme i Førdefjord-området og ein i Angedalen (Førde), så det er ikkje lett å vite kva som er rett.

Opplysningane om bustad har eg henta frå kommunikantprotokollane.

 

Eg trur eg har litt om Mads også, men det må eg leite etter i kveld.

 

Solheimslia ligg i Solheimdsdalen på Førdesida av Førdefjorden, inn forbi Heilevang

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så då trur du det er snakk om Solheimslia i Solheimsdalen (inn forbi Hellevang) og gnr. 41 Kvamme i Førde (i Angedalen?)?

 

Solheimslia (innfor Hellevang) og Kvammen (no Askvoll) ligg nærast kvarandre i ytre del av Førdefjorden. Og det var derfrå at dei fleste kom som flytta utover til Batalden.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har notert meg litt om Mads, men dessverre ikkje så mykje.

Han er fødd i Solheimslia i 1816. Han er fadder for Christine Bolette Jahnsen i 1843, og er då oppført som busatt i Stavang. I 1846 er det truleg han som er oppført som som fadder til Rasmus Jahnsen, men då oppført som busett i Batalden. Han er forlovar for Hille Sofie i 1847, og då oppført som busett i Stavanger.

 

Han blir gift 14. august 1858 med Trone Andersdtr Qvamme. Trone Alida Andersdt er fødd 1814 på Qvame i Førde sokn. (Angedalen).

Dåpen til Trone Alida midt på høgre side

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Fødte og døpte 1814, side 27.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11406&idx_id=11406&uid=ny&idx_side=-27

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070227250303.jpg

 

Mads er ved giftemålet oppført som enkemann, bst i Batalden, fødd i Naustdal. (Solheimslid låg då under Naustdal).

 

 

Eg har notert meg eit spørsmål om kven han var gift med først, men det ser ikkje ut til at eg har funne ut av det.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for svar! Tidspunkta hadde eg, men hadde ikkje tenkt videre over kva for gardar det var snakk om.

 

Eg har ikkje funne Mads sitt første ekteskap i Kinn sokn.

 

Har du forresten funne dødsfallet til Trone?

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...

Eg vekkjer med dette ein snart 5 år gammal tråd, så i mellomtida har de kanskje allereie funne ut at fyrste kona til Mads heitte Elen Johanne Ingebrigtsdtr. Naustdal. Dei vart gifte i 1849, #19:

 

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Naustdal, Vevring, Haukedalen, Holsen i Førde, Ministerialbok nr. A 7 (1843-1860), Viede 1849, Side 398
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070613620549
 

Eg legg ved lenke til slektstre på Geni (under arbeid): https://www.geni.com/people/Mads-Henrik-Batalden/6000000142095273110 Eit barnlaust skifte etter Ole Johannesson Rørvik i Vevring år 1859 nemner m.a. korleis morslekta frå Naustdalslia greinar seg ut. Skiftet (utlodninga) byrjar på høgre side:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteutlodningsprotokoll nr. D 1 (1855-1861), Skifteprotokollside, Side 266b-267a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127660269

 

Er det nokon som kan seie kvar og kor tid foreldra til Mads og dei andre syskena døydde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.