Gå til innhold
Arkivverket

Jakob Thorson Egge frå Egge i Breim, Gloppen, fødd 1881 - gift to gonger i Hafslo - lagnad til han og sonen Kristian Johan, fødd 1910?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg attgjev frå manuskriptet mitt for Gnr. 103, Marifjøra almenning i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jakob Thorson Egge, frå Egge i Breim, Gloppen, var son av gardbrukar Thor Olson på Egge og kona Agnetha Sørensdotter, òg frå Egge, og f. i Breim, Gloppen 15.11.1881.  Han d. truleg kring 1917, dato og stad ukjende, truleg som anleggsarbeidar på eitt eller anna anlegg. 

 

##### (lagnaden hans?)

 

Jakob gifte seg første gongen i Jørongakyrkja 11.6.1909 med Kristina Olsdotter Marifjæren frå Kråi, Kjørlaug (bnr. 7).  Ho var f. 14.1.1882, men d. i Marifjøra etter barselseng alt 15.2.1910, og Jakob gifte seg att i Jørongakyrkja 10.11.1911 med Brita Johanna Pedersdotter Marheim frå Marifjøra under Marheim.  Ho var f. 19.6.1888 og vart som enkje attgift med vegarbeidar Peder Larsson Øy på Øytun, Marifjøra Allmenning (bnr. 8) (1893-1974), men d. ved eit ulukkeshende i Råumsberget 23.7.1966.  Jakob Egge kom til Marifjøra som vegarbeidar og busette seg visstnok i ei stove her i allmenningen.  Me trur det var Ales-stova denne huslyden nytta dei få åri Jakob levde.  Jakob fekk ein son, som var frå første ekteskapet, men første kona Kristina hadde òg ei dotter frå før, som me lyt nemna:

 1. Olina Amalie Nilsdotter Marifjæren (1907-1963), dotter av Kristina og anleggsarbeidar Nils Nilsson Walaker (1883-1945), vart gift med vegarbeidar Johannes Larsson Berg på Berg, Kjørlaug (bnr. 13) (1903-1979).

 2. Kristian Johan Jakobson Egge, f. 15.1.1910,

Kristian Egge flytte truleg frå Hafslo i ung alder, men førebels manglar me opplysningar om lagnaden hans.

 

##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Er det nokon med lokalkunnskap i Gloppen som kan hjelpa meg finna svar på desse spørsmåli?  Kanskje Kristian voks opp i Gloppen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være den Kristian Johan Egge du ser etter?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/15/pa00000000675859

 

 

 

Jakop Egge, nummer 4

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Joranger i Jostedal, Klokkerbok nr. D 2 (1910-1941), Døde og begravede 1916-1918, side 121.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2092&idx_id=2092&uid=ny&idx_side=-77
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050810030914.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for spennande og nyttige innlegg!

 

Det er rett mann du har finne i Bergen, men eg stussa over fødselsdatoen:

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5264&idx_id=5264&uid=ny&idx_side=-51
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060815060431.jpg

 

og her er han konfirmert i Hafslo i 1924:

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2092&idx_id=2092&uid=ny&idx_side=-46
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050810030883.jpg

 

Kanskje presten skreiv feil fødselsdato ved båe høve?

 

Her fann eg no ogso dødsfallet til faren Jakobn Egge i Hafslo 13.7.1918:

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2092&idx_id=2092&uid=ny&idx_side=-77
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050810030914.jpg

 

men fødestaden er oppgjeven til STRYN!

 

Då er problemet løyst!

 

Nok ein kjempetakk til Sven for flott innsats!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.