Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder Andersson (1787-1855) frå Kinserdalen i Hafslo til Borgund på Sunnmøre - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Manuskriptet mitt for garden Kinserdal i Hafslo syner denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Andersson, døypt i Luster 20.5.1787,

Peder Andersson flytte i ung alder til Borgund på Sunnmøre der han 20.10.1816 gifte seg med Bertha Oline Petrikke, kjend som Olina Johnsdotter frå Vasstranda i Borgund.  Ho var dotter av gardbrukar John Paulson på Vasstranda og kona Elsa Olsdotter frå Nedregard i Borgund og vart døypt der 21.12.1794.  Peder og Olina tok i 1817 over heimebruket hennar på Vasstranda, men Olina d. der alt 15.4.1825.  Peder d. som kårmann same staden 14.1.1855.  Han og Olina fekk to born i lag, men Peder hadde òg ein son før ekteskapet, som truleg flytte til Borgund med far sin:

 

¤¤¤¤¤ (NB: Peder hadde ein son Anders, døypt i Luster 3.10.1810, sjå under Talle i Luster! - reiste

       Anders til Borgund?)

 

a. Anders Pederson, son av Peder og Anna Margrethe, kjend som Margretha Olsdotter frå Trulsberg under Talle i Luster (1771-1833), vart døypt i Luster 3.10.1810,

 

     ¤¤¤¤¤ (flytt til Borgund? - lagnaden hans?)

 

b. Peter Andreas Pederson, f. i Borgund 17.12.1816,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

b. Berent Andreas Pederson, f. i Borgund 12.11.1820,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har leitt etter desse gutane i vigselsprotokollane for Borgund, men utan hell.  Det er soleis eit stort mysterium kvar dei er vortne av.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Grethe for nyttige og interessante opplysningar!

 

Ingen tvil om at du Grethe har finne døødsfallet til Peter Andreas, medan Carsten står attom konfirmasjonen til Bernt Andreas.  Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Andersson, døypt i Luster 20.5.1787,

Peder Andersson flytte i ung alder til Borgund på Sunnmøre der han 20.10.1816 gifte seg med Bertha Oline Petrikke, kjend som Olina Johnsdotter frå Vasstranda i Borgund.  Ho var dotter av gardbrukar John Paulson på Vasstranda og kona Elsa Olsdotter frå Nedregard i Borgund og vart døypt der 21.12.1794.  Peder og Olina tok i 1817 over heimebruket hennar på Vasstranda, men Olina d. der alt 15.4.1825.  Peder d. som kårmann same staden 14.1.1855.  Han og Olina fekk to born i lag, men Peder hadde òg ein son før ekteskapet:

a. Anders Pederson, son av Peder og husmannsdotteri Anna Margrethe, kjend som Margretha Olsdotter frå Trulsberg under Talle i Luster (1771-1833), vart døypt i Luster 3.10.1810 og flytte truleg med far sin til Borgund, men lagnaden hans er førebels kjend.

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

b. Peter Andreas Pederson, f. i Borgund 17.12.1816, d. på Vasstranda i Borgund 16.10.1825.

c. Berent Andreas Pederson, f. i Borgund 12.11.1820,

 

     ¤¤¤¤¤ (konfirmert i Borgund 1835 – ikkje gift i Borgund 1839-1858 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har søkt etter konfirmasjonen til Anders Pederson både i Borgund, i Luster og i Hafslo, men finn han ikkje nokon stader!  Heller ikkje ser eg noko til Bernt Andreas korkje i FT1865 (heile landet) eller hjå FamilySearch (vigde i heile landet).  So kvar er det vorte av desse to gutane?  Amerika?

 

Kanskje bygdeboki for Borgund har noko å fortelja om dei?  Eg meiner eg har leitt der før, for mange år sidan, men utan å finna noko meir...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne «fortvilande» huslyden som eg rett og slett ikkje greier å finna att!

 

Manuskriptet mitt står uendra frå innlegg #4 ovanfor, men ein eller annan stad må det jo ha vorte av dei to gutane, Anders og Bernt Andreas!?  Det er truleg berre at me ikkje enno har leitt på «rette» staden...

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand med å freista finna ut av denne «utfordringi» og vonar på «gullkanta» opplysningar...

 

Kanskje bygdeboki for Borgund likevel har eit tips å komma med?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Skiftet etter Oline fra 1825 hjelper heller ikke stort i denne sammenhengen, men jeg legger det inn:

 

Møre og Romsdal fylke, Nordre Sunnmøre, Skifteprotokoll nr. 8 (1824-1827), Skifteprotokollside, Side 316b-317a
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090128700332.jpg
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Det ser ut som Peder Andersen har en navnebror som gifter seg som enkemann i 1826. Han er 54 år gammel, f. 1772 - så dette er nok en annen Peder Andersen Vasstrand:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000002206954

 

Møre og Romsdal fylke, Norddal, Sunnylven, Geiranger i Norddal, Ministerialbok nr. 519A05 (1817-1834), Viede 1827, Side 406-407
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070830650196.jpg
 

Brite Andersdatter dør på Vasstrand som kårkone i 1849

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000851977

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for skikkeleg spennande og interessante innlegg!

 

Eg er ganske so sikker på at det var «vår» Peder som i 1826 gifte seg att i Sunnylven.  Alderen er litt «feil», men det er ogso alderen til bruri!  Og Vasstrand er ein so pass liten gard at det ikkje kan ha vore to Peder Andersson der på om lag same alder på same tid!  Difor har eg lagt Britha inn i manuskriptet som ei kone #2.

 

So var det Berent Pederson som var på tukthuset i Bergen.  Det er ikkje stort me får vita om han, men tidi høver jo godt, og namnet er vel ganske so «unikt».  Eg vil leggja inn eit spørsmål i Arkivforum til Statsarivet i Bergen, for å be dei sjå etter fleire detaljar...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Andersson, døypt i Luster 20.5.1787,

Peder Andersson flytte i ung alder til Borgund på Sunnmøre der han 20.10.1816 gifte seg første gongen med Bertha Oline Petrikke, kjend som Olina Johnsdotter frå Vasstranda i Borgund.  Ho var dotter av gardbrukar John Paulson på Vasstranda og kona Elsa Olsdotter frå Nedregard i Borgund og vart døypt der 21.12.1794.  Peder og Olina tok i 1817 over heimebruket hennar på Vasstranda, men Olina d. der alt 15.4.1825.  Peder gifte seg 9.7.1826 att i Sunnylven, Norddalen med Britha Andersdotter frå Oplenskedal i Synnulven.  Ho var dotter av gardbrukar Anders Ingebrigtson på Oplenskedal, opphavleg frå Bjørdal, og kona Anna Ingebrigtsdotter frå Oplenskedal og vart døypt i Geiranger 9.3.1784.  Peder og Britha heldt fram som gardbrukarar på Vasstrand i Borgund der Britha d. som kårkone 9.11.1849.  Peder d. som kårmann same staden 14.1.1855.  Han fekk i ekteskapi sine to born, som båe var frå første ekteskapet med Olina, men han hadde òg ein son før ekteskapet:

a. Anders Pederson, son av Peder og husmannsdotteri Anna Margrethe, kjend som Margretha Olsdotter frå Trulsberg under Talle i Luster (1771-1833), vart døypt i Luster 3.10.1810 og flytte truleg med far sin til Borgund, men lagnaden hans er førebels kjend.

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

b. Peter Andreas Pederson, f. i Borgund 17.12.1816, d. på Vasstranda i Borgund 16.10.1825.

c. Berent Andreas Pederson, f. i Borgund 12.11.1820,

 

     ¤¤¤¤¤ (konfirmert i Borgund 1835 – ikkje gift i Borgund 1839-1858 – var «innom» Tukthuset i Bergen! – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å komplettera denne huslyden, og vonar at fleire opplysningar kan dukka opp med omsyn til dei to sønene...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det er komme eit svar i Arkivforum frå Statsarkivet i Bergen, og det stadfester at «vår» Berent Andreas Pederson var innom tukthuset i fire månader våren 1743 for første gongs tjuveri:

 

BerntPe.jpg

 

Men lagnaden hans etter 1843 er framleis ukjend...  So kvar kan han ha gjort av seg...?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp til å finna ut av denne «utfordringi»!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.