Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lucris Eriksdotter Sønnesyn (Bruheim) - fødd Hafslo 1835 - utvandra i 1857 - forsvinn totalt - er det mogeleg å finna ho att?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Erik Hermundson og kona Martha Monsdotter, først husmannsfolk på Bruheim under Sønnesyn i Hafslo og frå 1859 gardbrukarar i Kinserdalen i Hafslo fekk i alt åtte born.  Berre to av dei utvandra til Amerika:

 

* Sonen Hermund Erikson alias Herman Kins (1837-1908) utvandra i 1866 og slo seg etter nokre år i Dane Co., WI ned som farmar i Buffalo Co., WI der han budde levetidi ut.  Dene huslyden har eg god oversikt over!

 

* Dotteri Lucris Eriksdotter, fødd i Hafslo 5.7.1835, er derimot ei STOR UTFORDING!  Ho utvandra i 1857 og er ikkje å sjå nokon stad i Amerika!

 

Problemet med dette namnet er rimelegvis at ho i Amerika endra førenamnet sitt.  Eg har sett Lucris verta til Lizzie og ogso til Louise....

 

Lucris hadde slekt i Amerika som var utvandra før, og dei budde stort sett alle i og kring Dane Co., WI, sidan òg i Buffalo Co., WI, men, som sagt i innleiingi; so langt har eg ikkje finne spor etter ho nokon stad "over there", so alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Når var  Maria født?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for nye innlegg!

 

Det stemmer at eg har vore på leiting etter denne huslyden i mange år, men hadde vekl meir eller mindre gjeve opp etter det negative svaret eg fekk for åtte år sidan...

 

Når det gjeld denne Maria, so var ho einaste dotteri etter søsteri Maria Eriksdotter, som døydde i barselseng i 1864:

 

Maria Aamundsdotter, fødd i Hafslo 8.8.1864, voks opp hjå besteforeldri sine i Kinserdalen, men utvandra derifrå til Amerika i 1882.

 

Me kan vel gå ut ifrå at Maria utvandra til anten tanta Lucris eller onkelen Hermund då ho dro til Amerika, men førebels har heller ikkje Maria vore mogeleg å finna att der borte!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

"Når det gjeld denne Maria, so var ho einaste dotteri etter søsteri Maria Eriksdotter, som døydde i barselseng i 1864:"

 

 

Mora het Synneva?

 

Døypte i Hafslo 1717-1894 (eigar Luster kommune)

 

Marie 1864.08.08 1864.08.14 f e Amund Thomasen Venjum Forpagter Synneva Eriksdatter     Hafslo Hafslo

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Hafslodb&gardpostnr=10158&merk=10158#ovre


Døde i Hafslo 1755-1920

 

Synneve Eriksdtr Venjum f 2508 1864 0309 19 3/4 aar   Hafslo

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=HAFSDOD&gardpostnr=4881&merk=4881#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for rettingi.  Det var ein "typo" frå mi side...  Mori heitte Synneva Eriksdotter!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Legger inn emigrasjonen til Marie.

 

 

 

Emigrantar over Bergen frå Hafslo kommune.

 

1882

1395 27/4 Marie Amundsdatr Dalen 18 1864 f Hafslo Hafslo ugift prp Dominion Linie Gaardmandsdatr fglass.gif

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=0212EMIG&gardpostnr=351&merk=351#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege i dvale sidan 2015.

 

Eg er framleis like langt når det gjeld å spora opp Lucris Eriksdotter i Amerika.  Eg har søkt igjennom FT1860 for Wisconsin, alle kvinner fødde i Noreg kring 1834-1836, men eg finn i grunnen ikkje nokon som direkte appellerer til meg.

 

So denne jenta gøymer seg verkeleg godt!!

 

Kanskje einkvan annan har betre auge enn eg?

 

Kan ho kanskje finnast i ei passasjerliste frå 1857?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Er denne sjekket ut?

Immigrasjonsåret stemmer.

 

----

 

Lucretia Adams

United States Census, 1910

birth:
1837
Norway
residence:
1910
Green Lake, Kandiyohi, Minnesota, United States
immigration:
1857
 
child:
Ideen Sonderson
other:
Osmond Sonderson, Chester O Nelson, Hellen J Sonderson, Oswald B Sonderson, Eunice C Sonderson, Alex W Sonderson...
 

View the original document. 

 

----

 

Lucretie Adams

Minnesota State Census, 1905

birth:
1836
Norway
residence:
1905
Green Lake township, Kandiyohi, Minnesota

 

----

 

Tufhise Adams

United States Census, 1900

birth:
August 1837
Norway
residence:
1900
Green Lake Township, Kandiyohi, Minnesota, United States
immigration:
1857
 
spouse:
E A Adams
other:
Esther L Sondersen, Hans Hansen
 

 

View the original document. 

 

----

 

Lucretia Adams

Minnesota State Census, 1895

birth:
1836
Norway
residence:
1895
Green Lake, Kandiyohi, Minnesota
other:
Asmund Soderson, Irene Soderson, Marcella M Soderson, Emmerson Adams

 

----

 

Lerkin Adams

Minnesota State Census, 1885

birth:
1835
Norway
residence:
1885
Green Lake, Kandiyohi, Minnesota
other:
Emarson Adams, Idam Adams, Louisa Adams
 

 

----

 

Lacretia Adams

United States Census, 1880

birth:
1835
Norway
residence:
1880
Green Lake, Kandiyohi, Minnesota, United States
spouse:
Emerson Adams
child:
Idean Adams
other:
Oriza Adams
 

 

View the original document. 

 

----

 

Lucretia Adams

Minnesota State Census, 1875

birth:
1837
Norway
residence:
1875
Green Lake, Kandiyohi, Minnesota
other:
Emerson Adams, Idens Adams, Melinda Adams, Oriza Adams

 

----

 

Det er kanskje ikke din dame,for fødselsdato og fødselsår stemmer ikke.

 

Lucretia Adams

Birth: Aug. 12, 1837Death: Jan. 5, 1911trans.gif
 Burial:
Spicer Cemetery 
Spicer
Kandiyohi County
Minnesota, USA 
Edit Virtual Cemetery info [?] 
Created by: Steve Krahn
Record added: Nov 06, 2011 
Find A Grave Memorial# 79985676

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=adams&GSiman=1&GScid=2177909&GRid=79985676&

 

----

 

Emerson O Adams

Birth: Jan. 26, 1847Death: Feb. 19, 1907trans.gif
 Burial:
Spicer Cemetery 
Spicer
Kandiyohi County
Minnesota, USA 
Edit Virtual Cemetery info [?] 
Created by: Steve Krahn
Record added: Nov 06, 2011 
Find A Grave Memorial# 79985827

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=adams&GSfn=emerson&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSst=25&GScntry=4&GSob=n&GRid=79985827&df=all&

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Ja,og jeg har lagt inn kommentar om det i temaet. :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Nei, no vart eg skikkeleg overraska - og optimistisk!  Hjarteleg takk til Ann-Mary og Lars J. for svært spennande og lovande meldingar!

 

Dette er ein svært so god «kandidat» for «vår» Lucris Eriksdotter, for sjå kva eg fann i vigselsregisteret for Kandiyohi Co., MN:

 

KANDIYOHI B-300 06/18/1871 ADAMS, EMERSON ERICKSON, LUCRETIA  

 

Eg har med ein gong sendt etter dødsattestar både for Lucretia og Emerson Adams, so får me sjå kva dei bringer...

 

Emerson var fødd i Ohio 26.1.1847 og soleis ein del år yngre enn Lucris, so eg ville ikkje verta forundra over om ho «jugde» litevetta på alderen sin...

 

Eg ser Emerson og Lucretia fekk to døtrer i lag:

 

** Ideen A. Adams, fødd apr. 1872, døydde i Tacoma, WA 27.2.1943, gift i Kandiyohi Co., MN 21.6.1893 med byggmeistar Osmund Sonderson, fødd i MN mai 1866, døydde i Pierce Co., WA 5.6.1946 - fekk i alle fall åtte born i lag.

 

** Malinda Adams, fødd 1874, døydde før 1880.

 

Det vert spennande å venta på dødsattestane, men eg er som nemnt svært optimistisk og takkar på ny for framifrå forskingsinnsats for å leita opp denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg motteke obituaries for Emerson og Lucretia Adams:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Willmar Tribune - February 27, 1907 - Page 1

Death of Emerson Adams.

Emerson Adams, the well-known Green Lake citizen, passed from the scenes of
this life on the old family homestead on the shores of Lake George, Tuesday
evening, Feb. 19, at 10:30 o'clock, the immediate cause of his death being
Bright's disease, at an age of sixty years.

Mr, Adams was born at Chardon, Geaguga county, Ohio, in 1847. He came with
his father and mother to the Green Lake settlement and located on their
claim June 6, 1857, and has lived there ever since. In 1871 Mr. Adams was
married to Miss Lucretia Erickson, who survives him. Two daughters were
born to them, one of whom died while quite young. The other daughter
married Osmund Sonderson, and Mr. Adams and wife have lived with their
son-in-law and daughter for many years. While not very robust in health for
the past few years. Mr. Adams was quite active until two weeks before his
death when he became bedridden and sank rapidly.

Mr. Adams was a faithful member of the Old Settlers Association and always
took a great deal of interest in its meetings. Besides his wife and
daughter, two sisters and a brother survive him. One of the sisters is Mrs:
Jane E. Clark of Irving township.

The funeral occurred last Saturday. Services were held in the Spicer
Presbyterian church at 2:30 o'clock Saturday afternoon by Rev. Baskerville.
The remains were laid at rest in the Spicer cemetery.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Willmar Tribune - January 11, 1911 - Page 1

MRS. LUCRETIA ADAMS.

Mrs. Lucretia Adams died at her farm home about three miles west of Spicer
on Friday, January 6. after a year's illness from tuberculosis of the lungs.

Mrs. Adams was born in Norway. August 12, 1837, and had lived in Kandiyohi
county many years. Her husband Emerson Adams died about four years ago. She
leaves one daughter, Mrs. Osmund Sunderson and many old friends and
neighbors to mourn her loss.

Rev. C. E. Nordberg, of New London, conducted the funeral service on Sunday
at the home at two o'clock and at the Spicer Presbyterian church at three
o'clock. The body was laid to rest in the Spicer cemetery.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det står ikkje stort om Lucretia og opphavet hennar, men eg vert meir og meir overtydd om at det er den «rette» jenta!!

 

Kanskje ho kan finnast i FT1860 og FT1870?

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne huslyden.  Her ser det ut til å ha komme ganske so mange gullkanta opplysningar!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag motteke dødsattesten til Lucretia Adams frå Kandiyohi Co., MN.  Diverre seier ikkje denne attesten noko som helst om foreldri hennar, men ser ein på FamilySearch, finst det INGEN ANDRE Lucris Eriksdotter fødde i Noreg noko nær «vår» Lucris, so eg er ganske so overtydd om at me har finne rett jente!

 

Eg har no sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lucris Eriksdotter (Sønnesyn), f. i Hafslo 5.7.1835,

Lucretia Erickson utvandra til Amerika i 1857 og gifte seg i Kandiyohi Co., Minn. 18.6.1871 med Emerson O.

 

¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

Adams, f. i Geauga Co., Ohio 26.1.1847.  Dei tok over heimefarmen hans i Green Lake township, Kandiyohi Co., Minn. og budde der levetidi ut.  Emerson d. i Kandiyohi Co., Minn. 19.2.1907, medan Lucretia Adams d. same staden 6.1.1911.  Dei fekk to døtrer i lag:

a. Ideen A.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     Adams, f. i Kandiyohi Co., Minn. 8.4.1872, d. i Tacoma, Wash. 28.2.1943.  Ho gifte seg i Kandiyohi Co., Minn. 21.6.1893 med Osmund H. Sonderson, f. i Dakota Co., Minn. 31.5.1866.  Han d. i St. Steilacoom, Wash. 5.6.1946.  Osmund var bygningssnikkar («house carpenter»), men han og Ideen farma dessutan heimefarmen hennar i Green Lake township, Kandiyohi Co., Minn. og sidan ein farm i Dovre township, Kandiyohi Co., Minn. til dei kring 1926 flytte til Tacoma, Pierce Co., Wash. der Osmund på ny livnærte seg som bygningssnikkar («house carpenter»).  Dei fekk åtte born i lag.

b. Malinda

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     Adams, f. i Kandiyohi Co., Minn.

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of her birth?)

 

     1874, d. i Kandiyohi Co., Minn.

 

     ¤¤¤¤¤ (date of her death? – between 1875 and 1880!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det vert truleg svært vanskeleg å finna svar på dei attverande spørsmåli, men eg har ei lita von om at the Clerk of Court i Kandiyohi Co., MN KAN ha dei naudsynte detaljane om Ideen og vestesøsteri Malinda...

 

So vil eg på ny takka for framifrå og imponerande bistand for å spora opp denne so «vanskelege» utvandrarjenta frå Hafslo, og om nokon har tips å komma med om svar på dei attverande spørmåli, tek eg imot med òpne armar!

Lucretia Adams death.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.