Gå til innhold
Arkivverket

Jeanne Marguerite Lavet Salvesen - frå Frankrike til Manhattan, NY (1855-1928) - opphavet hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette spørsmålet må vel sjåast på som ei skikkeleg utfordring, men kven veit?  Kanskje sit det ein eller annan der ute med detaljkunnskap om korleis denne oppgåva kan løysast?

 

Harald Sigbjørn Irgens Salvesen, fødd i Farsund 1.1.1850, slo seg ned som kjøpmann i 17. arrondissement i Paris.

 

Han gifte seg 1ste gongen i Paris 7.9.1879 med Mathilde Brunet, som me ikkje veit noko om i det heile.

 

Han gifte seg 2dre gongen i Paris 4.7.1886 med Jeanne Marguerite, kjend som Marguerite Lavet, fødd i Frankrike kring 1855.

 

Parfolket budde i Paris til Harald i 1891 utvandra til Manhattan, NY.  Marguerite følgde året etter.

 

Harald Salvesen døydde på Manhattan, NY 11.3.1904, medan Marguerite (Margaret) Salvesen døydde på Belleview hospital i New York City, NY 17.11.1928.  Ho ligg gravlagd på Mt. Hope cemetery i Westchester Co., NY, og gravferdsagent var Leo J. Reuther.

 

Eg har i dag vore i kontakt med Mt. Hope cemetery, men gravi manglar gravminne, og ikkje har dei noko som helst dokumentason på dette dødsfallet utover dei opplysningane som eg har teke med over.

 

* Er det mogeleg å finna nøyaktig dato (og stad i Frankrike) for fødsli til denne Jeanne Marguerite Lavet (Salvesen)?

 

* Er det nokon som har tips om korleis me kan finna fleire opplysningar om Mathilde Brunet (Salvesen)?

 

* Eit tilleggsspørsmål (innredigert): Eg er ikkje i stand til å finna att Harald og Marguerite Salvesen i FT1900 for Amerika.  Kanskje er det nokon som har betre auge enn eg?

 

So vidt eg veit, levde det ikkje att born etter Harald Salvesen...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for spennande innlegg!

 

Eg greier berre ikkje å opna denne sida!  Når eg tryker på "linken", får eg berre tilbod om abonnement på ancestry.de!  Kan du berre kort fortelja meg kva som står der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Feil fødselsår på Marguerite (Margaret) i Census 1905 og Census 1910?

 

Margaretha Salvesen

Head

New York State Census, 1905

birth:
1865
France
residence:
1905
Manhattan, New York, New York;Manhattan, A.D. 32, E.D. 01 Special, New York, New York
other:
Saloman Dorshkind, Joseph Walduraer, Nathan Margolin, Ida Margolin, Blanche Margolin, Rosa Sarger...

 

Margaret Salveson

Head

United States Census, 1910

birth:
1865
France
residence:
1910
Manhattan Ward 12, New York, New York, United States
immigration:
1895

 

Margeret Salvesen

New York State Census, 1925

birth:
1855
residence:
1925
New York, A.D. 03, E.D. 49, New York, New York, United States
 

 

Marguerite Salvesen

New York, New York City Municipal Deaths, 1795-1949

birth:
1855
France
death:
17 November 1928
Manhattan, New York, New York, United States
burial:
22 November 1928
Westchester N.Y.
residence:
311 West 39 St.

 

 

 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er lysningsdataene i lenken i innlegg 2:

Name: Jeanne Marguerite Lavet

 

Marriage Bann Date:

4 juil. 1886 (4 Jul 1886)

 

Father's name:

François Lavet

 

Mother's name:

Jeanne Pierrette Adèle Deichet

 

Spouse's Name:

Herold sylvin Salvesen

 

 

Her er lysningsdataene for Salvesens første ekteskap:

 

Name: Mathilde Brunet

 

Marriage Bann Date:

7 sept. 1879 (7 Sep 1879)

 

Father's name:

Jean Brunet

 

Mother's name:

Rose Bossant

 

Spouse's Name:

Harold silgjorn Salvesen

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Kurt for nye spennande innlegg!

 

Det ser etter dette ikkje ut til at nye opplysningar om dei to konene til Harald Salvesen er vortne tilgjengelege på ancestry.com eller andre stader for den saks skuld.

 

Og det er framleis eit stort mysterium kvar denne huslyden budde i 1900.  Kan dei ha vore ein tur attende til Paris?  Eller er dei rett og slette utegløymde?  Om dei hadde vore i Paris, burde dette gått fram av passasjerlister, so eg trur vel helst på teorien om utegløyming...

 

Det vert nok ikkje so lett å få svar på desse spørsmåli mine, men eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.