Gå til innhold
Arkivverket

Iver Christenson (Aasen) (1823- ) - frå Hafslo til Ålesund - kvar vart han av, og kvar finn me borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att tema #17948 frå det gamle brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/103695-17948-iver-christenson-aasen-f-hafslo-1823-til-molde-og-aalesund-huslyden-hans/?hl=%2Biver+%2B%C3%A5lesund+%2Bhafslo) som omtaler ein huslyd som framleis, 12 år etter, framstår som ganske so "spinkel" i manuskriptet mitt.  Ein og annan detalj er komen til, men eg saknar framleis opplysningar om lagnadane til både faren og fire av desse borni:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Iver Christenson, f. {i Hafslo} 17.1.1823,

Iver Christensen Aasen reiste til sjøs i ung alder og gifte seg i Molde 25.11.1859 med Regine Bertine Knutsdotter Pettersen frå Trondheim.  Ho var dotter av korporal og skulelærar Knut Pettersen i Trondheim, opphavleg frå ein plass under Syltebøen i Erisfjorden, Nesset, og kona Anna Marie Knutsdatter frå Dalen under Magerøy i Hemne og f. i Trondheim 3.10.1831.  Iver Aasen var matros, og han og Regine budde nokre år i Molde, men flytte kring 1862 til Ålesund der me finn Iver att som bryggearbeidar og sidan som fløtmann.  Regine d. i Ålesund 15.1.1874, medan Iver  

 

¤¤¤¤¤ (lagnad etter 1875? – ikkje funnen avliden i Ålesund fram til 1903!)

 

Dei fekk fem born i lag, men Regine hadde òg to søner frå før:

a. Edvard Reinert Edvardson Eide, son av Regine og bakarsvein Edvard Eide, var f. i Trondheim 12.2.1852 og d. i Trondheim 26.8.1852.

b. Karl Alfred Nilsen, son av Regine og matros Nils Torkildson, f. i Molde 15.10.1857,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1865 som Aasen – konf. Ålesund som Nilsen i 1872 – lagnaden hans?)

 

c. Laura Christine Iversdotter Aasen, f. i Molde 18.12.1860,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1865 – 1875 mellombels på sjukehus i Ålesund – konf. Ålesund 1876 – lagnaden hennar?)

 

d. Petter Oluf Iverson Aasen, f. i Ålesund 16.8.1863,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1865 og 1875 – konf. Ålesund 1878 – lagnaden hans?)

 

e. Peder Christian Iversen, f. i Ålesund 22.7.1866, d. i Bergen 7.12.1925.  Peder flytte i 1884 til Bergen der han 4.12.1894 gifte seg med Jensine Albertine, kjend som Sine Jensdotter Albrechtsen.  Ho var f. i Bergen 10.12.1860 og d. i Bergen 15.6.1941.  Peder var skomakarsvein, og han og Sine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

f. Anna Caroline Iversdotter Aasen, f. i Ålesund 31.5.1869, d.i Ålesund 10.2.1870.

g. Johan Magnus Nicolai Iverson Aasen, f. i Ålesund 13.2.1871,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1875 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har i kveld freista finna Karl, Laura, Petter og Johan i FT1910, men finn ikkje nokon av dei!!  Den eine sonen eg har finne att i Bergen, skreiv seg for IVERSEN, so kanskje søskeni hans òg nytta dette namnet?

 

Det hadde vore svært so kjekt om nokon kunne hjelpa meg finna att desse borni.  Dei kan jo ikkje berre "forsvinna"?

 

Forresten:  Dei fleste søskeni til faren Iver utvandra til Amerika, og det er vel ikkje utruleg at nokon av desse borni hans Iver òg fann vegen over havet...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være Karl Alfred i Ålesund i 1875 - innført som Alfred Nilsen, f. 1857, Molde, losjerende, sjøfarende?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052324001653

 

Her dukker det opp en sjømann Alfred Aasen som forlover i en vielse i Ålesund i 1900, men jeg har ingen garanti for at dette er vår mann: 

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000183109

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire spennande og interessante innlegg.

 

So vidt eg kan vurdera det, har du finne alle dei "bortkomne" borni i 1875, og eg er rimeleg sikker på at det må vera "vår" Iver som er i Ålesund som fløtmann i 1885, anten han skreiv seg for Aasen eller Kristensen(!).  Når det gjeld Alfred Aasen som trulovar i 1900, er eg mindre sikker, men han var sjømann (liksom Alfred Nilsen i 1875) og KAN godt vera stesonen hans Iver...

 

Eg finn ikkje noko konfirmasjon på Johan Magnus Nicolai.

 

Laura Christine var alt i 1875 i forpleining hjå fattigstellet, og det er vel eit spørsmål om ikkje ogso Petter Oluf og Johan Magnus Nicolai hamna der...

 

Kvar finst fattigprotokollane for Ålesund?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for interessant link!

 

E-post er alt send til IKA, so fær me sjå kva som kjem attende derifrå...  Men uansett kva dei skriv; desse borni kan jo ikkje berre "forsvinna"...!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skudd helt i blinde - ikke engang sikkert om dette er én og samme person:

 

Charles A Nelson
Minnesota State Census, 1895

Name Charles A Nelson

Event Place Minneapolis city, Ward 11, Hennepin, Minnesota

Age (Original) 38y

Birth Year (Estimated) 1857

Birthplace Norway

Race (Original) W

Gender Male

Page Number 106

 

 

Charles Alfred Nelson
Minnesota Death Index

Typed or Handwritten H

Name Charles Alfred Nelson

Event Type Death

Event Date 19 Dec 1936

Event Place Hennepin, Minnesota

Record Number 743823

Certificate Number 005505

Certificate Year 1936

File Name 005505

Affiliate Batch Identifier NF362DO

 

Men det er også en Carl Alfred Nelson som dør i Hennepin i 1942:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:V4CK-MY1

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser jeg at skomakersvenn Peder Kristian Iversen er nevnt sammen med Kristen Kirstensen Aasen og Anna Ellingsdatter i 1891:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052994050709

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052994050707

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052994050708 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Charles A. Nelson frå 1895 Minneapolis, MN er ein interessant person, men diverre står det so altfor lite om denne mannen, og namnet er heller "vanleg"...

 

Når det gjeld dei avlidne personane frå Hennepin Co., MN, ser eg at:

 

* Carl Alfred Nelson, d. 7.10.1942, var fødd i 1874 som son av ein August Nelson

 

* Charles Alfred Nelson, d. 19.12.1936, var fødd i 1865 av ukjende foreldre

 

Den somvel høver best, er ein:

 

* Carl A. Nelson, d. 30.6.1935 i Nicollet Co., MN men gravlagd i Hennepin Co., MN, fødd i 1856!  Foreldri er ikkje oppgjevne...

 

Ikkje godt å seia om dette er "vår" mann...

 

Elles var det interessant å sjå at Peder Christian Iversen budde i lag med onkel og tante i Bergen i 1891.  Det har nok vore kontakt mellom Christen og Iver...  Alle dei andre sølskeni deira var i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for ei ny spennande oppdaging!  Det er utruleg kva me kan finna av opplysningar når me leiter...

 

Men framleis har me tydeleg ikkje leitt på rette staden etter dei fire borni...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

I dag fekk eg svar frå IKA i Ålesund, men diverre er det ikkje stort dei kan bidra med:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Fattigvesenet i Ålesund - info om ein huslyd

Syner til din førespurnad om opplysningar frå fattigesenets arkiv i Ålesund kommune.

Me har tatt nokre søk i arkivet etter dei namna du ynkjer meir opplysningar om utan resultat.

Konklusjonen er den at det overleverte materialet frå fattigvesenet er lite frå den aktuelle perioden. Me har møtebøker og kopibøker men me har ikkje nokon registre eller lister over dei som mottok stønadar. Det kan være at det finst informasjon i møtebøkene, men det krev meir tid og kapasitet enn me kan yte. Du er imidlertid velkomen for å studere materialet selv.

Med helsing

Dan André Fiskum Velle
Arkivar

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So då er me like langt...  Er me nøydde til å gje opp å finna borni i denne huslyden som i lag med faren Iver berre "forsvinn"?

 

Eg ville verta overmåte takksam for alle gode tips i denne saki og kan berre på ny syna til opningsinnlegget mitt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Finner en Peder Christian Emil Aasen død i Ålesund 1865. 

Kan det være en av samme søskenflokk, selv om han døde 5/4 år gammel som det står så liker jeg å ha med alle selv om de døde tidlig.

 

Må vel sjekke dåpen for å se om det er riktige foreldre, er vel født i 1864 da vil jeg tro.

 

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000651889

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Hanne for interessant melding!

 

Dette var ein spennane namnekombinasjon, og eg greidde å finna dåpen til Peder Christian Emil i 1864

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Ålesund, Ministerialbok nr. 529A02 (1864-1871), Fødte og døpte 1864, side 10.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2262&idx_id=2262&uid=ny&idx_side=-10
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050727010166.jpg

 

Han var fødd 7.1.1864 av foreldri handelsbetjent Christen Christenson Aasen og kona Ingeborg Marie Ellingsdotter, so diverre; han høyrer ikkje til denne huslyden!

 

Elles er eg heilt samd med deg, Hanne; alle born skal takast med, anten dei levde opp eller ikkje!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget om denne utfordrande huslyden!

 

Eg ser at den nemnde fangeprotokollen gjeld perioden 1885-1887, og «vår» Johan Marius var den gongen berre 14-16 år gamal. Det er vel litt i yngste laget for å vera innsett i Botsfengselet?

 

Elles har eg på ny søkt «høgt og lågt» etter Iver og dei sakna borni, men finn abslutt ingen som høver!  Kvar i all verdi kan dei ha vorte av?

 

Her er siste versjon av manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Iver Christenson (Aasen), f. i Hafslo 17.1.1823,

Iver Christensen Aasen reiste til sjøs i ung alder og gifte seg i Molde 25.11.1859 med Regine Bertine Knutsdotter Pettersen frå Trondheim.  Ho var dotter av korporal og skulelærar Knut Pettersen i Trondheim, opphavleg frå ein plass under Syltebøen i Erisfjorden, Nesset, og kona Anna Marie Knutsdatter frå Dalen under Magerøy i Hemne og f. i Trondheim 3.10.1831.  Iver Aasen var matros, og han og Regine budde nokre år i Molde, men flytte kring 1862 til Ålesund der me finn Iver att som bryggearbeidar og sidan som fløtmann.  Regine d. i Ålesund 15.1.1874, medan Iver  

 

¤¤¤¤¤ (lagnad etter 1885? – ikkje avliden i Ålesund fram til 1903!)

 

Dei fekk fem born i lag, men Regine hadde òg to søner frå før:

a. Edvard Reinert Edvardson Eide, son av Regine og bakarsvein Edvard Eide, var f. i Trondheim 12.2.1852 og d. i Trondheim 26.8.1852.

b. Karl Alfred Nilsen, son av Regine og matros Nils Torkildson, f. i Molde 15.10.1857,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1865 som Aasen – konf. Ålesund som Nilsen i 1872 – lagnaden hans?)

 

c. Laura Christine Iversdotter Aasen, f. i Molde 18.12.1860,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1865 – 1875 mellombels på sjukehus i Ålesund – konf. Ålesund 1876 – lagnaden hennar?)

 

d. Petter Oluf Iverson Aasen, f. i Ålesund 16.8.1863,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1865 og 1875 – konf. Ålesund 1878 – lagnaden hans?)

 

e. Peder Christian Iversen, f. i Ålesund 22.7.1866, d. i Bergen 7.12.1925.  Peder flytte i 1884 til Bergen der han 4.12.1894 gifte seg med Jensine Albertine, kjend som Sine Jensdotter Albrechtsen.  Ho var f. i Bergen 10.12.1860 og d. i Bergen 15.6.1941.  Peder var skomakarsvein, og han og Sine budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

f. Anna Caroline Iversdotter Aasen, f. i Ålesund 31.5.1869, d.i Ålesund 10.2.1870.

g. Johan Magnus Nicolai Iverson Aasen, f. i Ålesund 13.2.1871,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1875 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan gjera dette manuskriptet litt meir fullstendig!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg ønskjer i kveld på ny å henta fram denne gigantiske utfordringi frå Ålesund.

 

Nye briller har diverre ikkje gjort meg i stand til å finna fleire detaljar om Iver og huslyden hans, men eg er ein evig optimist og lever framleis i voni om at ein eller annan der ute kan greia å finna spor etter ein eller fleire i denne huslyden - jmf. manuskriptet i innlegg #18?

 

Ein ny kjempetakk for all bistand til å spora opp denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege i «dvale» dei siste tre vekene, i von om at ein eller annan kan greia kasta meir ljos på denne huslyden!

 

Eg ville verta ubeskriveleg glad om nokon kan hjelpa meg vidare...  Eg står fullstendeg fast!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 30.6.2017 den 11.31, Lars E. Øyane skrev:

b. Karl Alfred Nilsen, son av Regine og matros Nils Torkildson, f. i Molde 15.10.1857,

     ¤¤¤¤¤ (n. 1865 som Aasen – konf. Ålesund som Nilsen i 1872 – lagnaden hans?)

 

???

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052324001653

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1501&kenr=002&bnr=0015&lnr=00

 

  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Ålesund
  • Kommunenummer: 1501
  • Gatenavn: Langeberget
  • Gatenr: 15
  • Bydel:
  • Gårdeier: ??
  • Antall leiligheter: 9

Antall personer registrert på bostedet: 36


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Størk Andersen Gjermoe hf g Øl og vinudskjænker 1827 Vangs S. og Vangs Prgl.  
  Ingeborg Anna Gjermoe hans Kone g   1833 Molde  
  Paula Gustava Gjermoe deres Datter ug   1859 ??  
  Lauritz Bernhard Gellen Logerende ug Søfarende 1857 Trondhjem  
  Alfred Nilsen Logerende ug Søfarende 1857 Molde

 

(utsnitt av f.t. 1875)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget om denne huslyden.

 

Eg ser attende at du òg i innlegg #3 var inne på tanken om at denne sjømannen frå FT1875 for Ålesund KAN vera «vår» Karl Alfred, og eg trur du har rett.  I same innlegget nemner du òg ein forlovar med namnet Alfred Aasen, sjømann, frå Ålesund frå 1900.  Dette kan òg gjerne vera «vår» mann, men der er eg nok meir på «gyngande grunn»....

 

Det er i det heile svært merkeleg korleis denne huslyden berre «forsvinn»!  Sonen Peder Christian flytte alt i 1884 til Bergen der han hadde kontakt med farbroren Kristen Kristensen, og eg ser vel ikkje bort ifrå at fleire av dei andre søskeni òg kan ha hamna der.  Diverre kan ikkje, jmf. innlegg #14 over, protokollane frå fattigvesenet i Ålesund heller hjelpa oss vidare med denne huslyden...  Me har med ei skikkeleg «kjempeutfordring» å gjera!  Kan Laura Christine, Petter Oluf og Johan Magnus Nicolai òg ha kalla seg for IVERSEN?

 

MEN, eg gjev ikkje opp, og eg vonar framleis at det ein eller annan stad der ute kan finnast fleire opplysningar om lagnadane til desse søskeni.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bustand til å løysa denne kjempegåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Eg tillet meg i kveld å henta fram att dette utfordrande emnet som har lege urøyrt sidan oktober i fjor.  Bygdebokprosjektet for Luster kommune er i avslutningsfasen, og denne utfordringi er ei av ei handfull, som eg oppfattar som særleg viktig for heile bygdebokprosjektet å finna ei løysing på, og som det samstundes burde vera mogeleg å gjera noko med(!?).  Eg har ei kjensle av at eg har leitt «overalt» etter lagnadane til Iver Christenson og dei tre borni Laura Christine, Petter Oluf og Johan Magnus Nicolai samt stesonen Karl Alfred, truleg kjend som Alfred Nilsen (jmf. innlegg #18 ovanfor), men utan hell.

 

Dei kan då vel ikkje berre «forsvinna» utan å setja spor etter seg?

 

Kan borni ha skift namn?  Kanskje dukkar dei etter kvart opp i FT1891??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og lever i voni...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit fantastisk spennande innlegg!  Eg er imponert!

 

Då har du med andre ord finne att Iver i 1891, og eg er overtydd om at du òg har finne yngste sonen som vognmannsdreng same stad!  Berre so merkeleg at eg ikkje fann Johan Iversen konfirmert i Ålesund den gongen eg leitte etter han...!?  Kan eg ha oversett han?

 

Ein ny kjempetaskk for framifrå bistand med denne huslyden.  Kanskje fleire detaljar no kan komma for ein dag...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.