Gå til innhold
Arkivverket

Ch(K)risten Ch(K)ristensen (Aasen) (1819-1902) - frå Hafslo via Førde til Laksevåg og Bergen - kvar vart det av borni Kristoffer og Henrikka?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att tema #82154 som Egil Russøy starta i 2010: http://forum.arkivverket.no/topic/167490-82154-christine-christensdotter-f-foerde-1858-kor-er-ho-ikring-1900/?hl=%2Bchristen+%2Bchristenson+%2Baasen+%2Bhafslo+%2Bbergen#entry1431314

 

Huslyden som her omskrivast, har røter frå garden Åsen i Hafslo, og det er to born her, Kristoffer og Henrikka, som berre forsvinn, men som eg trur må vera avlidne i Bergen (eller på Laksevåg?) i ung alder(?).  Her er kva eg veit pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Christenson, døypt {i Hafslo} 7.2.1819,

Kristen Kristenson Aasen flytte i 1850 til Førde der han 7.1.1858 gifte seg med Anna Ellingsdotter frå Svanø i Kinn.  Ho var dotter av husmann Elling Hansson Dahl på Svanø i Kinn og jenta Siri Haagensdotter frå Bjørnebergstølen i Hemsedal og f. i Hemsedal (Nes) 1.7.1836, men voks opp på Svanø i Kinn.  Kristen var ei tid koparverksarbeidar, og han og Anna budde som strandsitjarar på Skei i Førde, men flytte kring 1870 til Damsgård på Laksevåg og snart etter vidare til Sandviken i Bergen der han livnærte seg som bryggjearbeidar og sidan òg som steinarbeidar.  Kristen d. i Bergen 28.5.1902, medan Anna Aasen d. same staden 19.10.1902.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Kristine Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 20.2.1858, d. på ein pleieheim i Bergen 12.7.1939.  Kristine var lagerarbeidar og sidan hushaldar.  Ho var ugift og budde i Bergen levetidi ut.

b. Elisabeth Sophie Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 18.12.1859, d. på Lille Damsgård på Laksevåg 5.1.1872.

c. Kristoffer Kristenson Kristensen, f. i Førde 7.3.1862,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1865/1875 – innsett på tvangsarbeid i Bergen seks gonger, siste gong 1884!)

 

d. Anna Lovise Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 30.1.1865, d. på Lille Damsgård på Laksevåg 15.1.1872.

e. Henrikka Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 31.12.1867, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – truleg før 1875!)

 

f. Elias Ananias Kristenson Kristensen, f. på Laksevåg 6.3.1872, d. i Bergen 29.8.1894.  Elias var matros og budde i Bergen, ugift.

g. Henrik Kristenson Kristensen, f. i Bergen 18.11.1875, d. i Bergen 14.10.1879.

h. Henrik Andreas Kristenson Kristensen, f. i Bergen 7.4.1880, d. i Bergen 30.11.1882.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det går fram av dødsmeldingane etter foreldri frå 1902 at Kristine då var einaste attlevande av desse borni, so både Kristoffer og Henrikka må vera avlidne FØR 1902, men eg greier berre ikkje å finna dødsfalli deira i Bergen.  Er det augi mine som sviktar?  (No er det over sju år sidan eg fekk nye brillar.  Kanskje det er på tide å skifta dei ut...?)

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

 

Jeg vet ikke om du har dette fra før, men jeg finner en steinarbeider Kristen Kristensen Aasen, f. 1820, i fattigmanntallet for Bergen:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000042454

 

Og her følger kona Anne Ellingsdatter:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000042455

 

Elias Annanias

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000042457

 

Henrik Andreas (død des. 1882)

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000042459

 

Her er innførselen i selve fattigprotokollen:

http://da3.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt273&sideid=213&innhaldid=1&storleik=

 

 

Og her dukker Kristen Kristensen Aasen, f. 1819, og kona Anne Ellingsdatter, f. 1835, opp igjen:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000054427

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000054429

 

Selve protokollen: http://da3.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt275&sideid=390&innhaldid=1&storleik=

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være dødsfallet til Henrikke?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000455279

 

Bergen fylke, Sandviken, Ministerialbok nr. A 1 (1867-1877), Døde og begravede kvinner 1875, side 285. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8365&idx_id=8365&uid=ny&idx_side=-264
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070301690382.jpg

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 3 , 1861-1878, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/23997/252/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111620546.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for ei spennande og nyttig oppdaging!  Ingen tvil om at du har finne den "rette" Henrikke, so då er ho "på plass"!

 

So sit me att med tvangsarbeidaren Kristoffer...  Eg meiner ¨hugsa denne karen var oppentil drøfting i eit anna emne for ei tid attende.  Var det ikkje i samband med ein barnefar i Florø kring 1890?  Eg er ikkje heilt sikker...  Han må i alle fall vera avliden før 1902.  Greier me berre å leita på "rette staden"...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her fann eg i alle fall eitt tema som gjeld Kristoffer Kristensen:

 

http://forum.arkivverket.no/topic/190217-tvangsarbeidarar-i-bergen-1876-1888/?hl=%2Bkristoffer+%2Bkristensen

 

Og her er temaet som eg hadde i tankane då eg skreiv førre innlegg:

 

http://forum.arkivverket.no/topic/190130-christopher-kristoffer-christensen-kristensen-f%C3%B8dt-1862-sf/?hl=%2Bkristoffer+%2Bkristensen

 

Det kan sjå ut som om Kristoffer var i Solund kring 1889/1890, men kvar vart han av?  Kom han bort "på sjøen" slik det vert hevda i sistnemnde emne?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er vel de to barna født i Solund - legger dem inn sånn for ordens skyld: 

 

Sogn og Fjordane fylke, Solund i Solund, Ministerialbok nr. A 1 (1881-1902), Fødte og døpte 1889, side 19. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6929&idx_id=6929&uid=ny&idx_side=-19
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116310496.jpg

 

Nr. 13 - 1904:

Sogn og Fjordane fylke, Solund i Solund, Klokkerbok nr. A 2 (1893-1921), Konfirmerte 1905, side 79. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6932&idx_id=6932&uid=ny&idx_side=-38
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116320185.jpg

 

 

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Solund i Solund, Ministerialbok nr. A 1 (1881-1902), Fødte og døpte 1890, side 20. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6929&idx_id=6929&uid=ny&idx_side=-20
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116310497.jpg

 

Nr. 7 - 1905:

Sogn og Fjordane fylke, Solund i Solund, Klokkerbok nr. A 2 (1893-1921), Konfirmerte 1905, side 79. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6932&idx_id=6932&uid=ny&idx_side=-38
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116320185.jpg

 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for dei siste interessante opplysningane om dei to borni i Solund.

 

Og no hugsar eg kvifor eg i si tid tvilte på om dette kunne vera rett Kristoffer:  Det står då tydeleg "Kristiansen" som farsnamn ved båe borni, og eg tykkjer dessutan det er merkeleg at Kristoffer plutseleg vart "lovlydig" i 1884 etter so mange "kriminelle" handlingar...

 

Dette får meg til å tru at "vår" Kristoffer snarere må vera avliden kort etter 1884, eller han "stakk av" frå Bergen og Noreg - kan henda hoppa han på ei skute til Amerika?

 

Spennande huslyd dette!  Eg takkar på ny for alle gode innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei Lars,

 

Det har ikkje vore heilt enkelt å spore opp den rette far til barna i innlegg #6.

Endret av Gisle Hersvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Først : Takk til Lars for oppfølginga her :-).

 

Eg la vekk heile Kristoffer, sidan det berre førte til blindveier. Så først no oppdaga eg denne tråden.

 

Eg må få rette meg sjølv i mine feil, ser at eg konsekvent brukte Kristensen medan Kristiansen var rett etternavn/farsopphav.

 

Det var min mor som ønsket å vite meir om sin oldefar Kristoffer. Så er det slik at man kan finne opplysninger i ein heilt annen retning enn man i utgangspunktet leita etter. At Kristoffer Kristiansen fekk to barn; Elen og Magnus med eit halvt års mellomrom var ukjent. Mor til Magnus var fadder for Elen medan ho sjølv bar barn med samme mann, så desse to mødrene har nok vært venninner. Men damene fortalte aldri om Kristoffer. Elen og Magnus endte opp som naboer, sikkert uvitende om at de var søsken. Så dei nærmaste nabobarna mi mor vokste opp med var hennes tremenninger. Det var litt artig å presentere for henne og for Elen sine etterkommere. Men Kristoffer er fremdeles ei gåte...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er truleg slik at Kristoffer, far til Elen og Magnus heitte Kristianson, og vi må difor sjå vekk frå den Kristoffer Kristensen som Lars E. Øyane leiter etter. Men viss det er slik, skulle det vera mogeleg å finna Kristoffer Kristianson i folketeljingane, kanskje i 1865, men i alle fall i 1875, ut frå den alder han har då borna vart fødde. Kven tar utfordringa?

 

Mvh Alf Strand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg oppdaga no i kveld at eg har forsømt meg og gløymt å takka Gisle, Laila og Alf for dei siste innleggi i dette emnet!  So her kjem ein hjarteleg takk!

 

Elles vil eg gjerne få henta fram att dette emnet sidan det no er gått lang tid, og me er i grunnen like langt når det gjheld å finna lagnaden til Kristoffer Kristensen, fødd i Førde 7.3.1862.  Me veit han var innsett på tvangsarbeid i Bergen seks gongar, siste gong i 1884, og me veit òg at han var avliden før 1902, men kva lagnad fekk han til sjuande og sist??

 

Ein oppdatert versjon av manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Christenson {Aasen}, døypt {i Hafslo} 7.2.1819,

Kristen Kristenson Aasen flytte i 1850 til Førde der han 7.1.1858 gifte seg med Anna Ellingsdotter frå Svanø i Kinn.  Ho var dotter av husmann Elling Hansson Dahl på Svanø i Kinn og jenta Siri Haagensdotter frå Bjørnebergstølen i Hemsedal og f. i Hemsedal (Nes) 1.7.1836, men voks opp på Svanø i Kinn.  Kristen var ei tid koparverksarbeidar, og han og Anna budde som strandsitjarar på Skei i Førde, men flytte kring 1870 til Damsgård på Laksevåg og snart etter vidare til Sandviken i Bergen der han livnærte seg som bryggjearbeidar og sidan òg som steinarbeidar.  Kristen d. i Bergen 28.5.1902, medan Anna Aasen d. same staden 19.10.1902.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Kristine Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 20.2.1858, d. på ein pleieheim i Bergen 12.7.1939.  Kristine var lagerarbeidar og sidan hushaldar.  Ho var ugift og budde i Bergen levetidi ut.

b. Elisabeth Sophie Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 18.12.1859, d. på Lille Damsgård på Laksevåg 5.1.1872.

c. Kristoffer Kristenson Kristensen, f. i Førde 7.3.1862,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1865/1875 – innsett på tvangsarbeid i Bergen seks gonger, siste gong 1884! – d. før 1902!)

 

d. Anna Lovise Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 30.1.1865, d. på Lille Damsgård på Laksevåg 15.1.1872.

e. Henrikka Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 31.12.1867, d. av kopper på «koppelasarettet» i Sandviken, Bergen 11.7.1875.

f. Elias Ananias Kristenson Kristensen, f. på Laksevåg 6.3.1872, d. i Bergen 29.8.1894.  Elias var matros og budde i Bergen, ugift.

g. Henrik Kristenson Kristensen, f. i Bergen 18.11.1875, d. i Bergen 14.10.1879.

h. Henrik Andreas Kristenson Kristensen, f. i Bergen 7.4.1880, d. i Bergen 30.11.1882.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg retta ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til Kristoffer!  Det hadde vore heilt gigantisk om han kom til rette...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.