Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Johannesson (1806) og Bertha Hansdotter (1818) - gifte i Sogndal 1848 - då busette i Lærdal - utfordring: kvar vart det av dei? - Toten?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordrande huslyden har eg hatt på "blokken" i mange år, men eg trur aldri problemet har vore drøfta i Brukarforum!  No er det på tide...  Kanskje ein eller anna kan finna løysingi?

 

Johannes Johannesson (Aasen), døypt i Hafslo 23.11.1806 (son av Johannes Clausson og Synneva Jensdotter), flytte i 1848 frå Hafslo til Lærdal, men gifte seg i Sogndal 13.11.1848 med Bertha Hansdotter (Foss), fødd i Sogndal 7.10.1818 (dotter av Hans Olson og Guri Andersdotter).  Ved vigsli står det at faren er busett i Lærdal!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 12II (1847-1877), Ekteviede 1848, side 230.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8413&idx_id=8413&uid=ny&idx_side=-4
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306610004.jpg

 

Men so ser me ikkje noko meir til dette parfolket i det heile!  Eit par med liknande namn får to born på Toten i 1849 og 1850, men dei gifte seg på Toten i 1847, so dei er det ikkje.

 

Det EINASTE alternativet som eg so løangt har greidd å finna, er denne huslyden som i 1860 budde i Vermont township, Dane Co., WI:

 

Name: Johannes Johnson Age: 53 Birth Year: abt 1807 Gender: Male Birth Place: Norway Home in 1860: Vermont, Dane, Wisconsin Post Office: Black Earth Family Number: 909 Value of Real Estate: View image Household Members: Name Age

 

Johannes Johnson 53 Norway

Berta Johnson 40 Norway

Knudt Johnson 6 Wisconsin

 

I dette nabolaget budde det mange emigrantar frå Hafslo, og aldrane på både John og Berta høver svært so godt, men eg har so langt ikkje vore i stand til å finna dei utvandra!!  Heller ikkje finn eg fødsli til denne sonen Knut!  Er dette "mine" folk?

 

Er det nokon som kan hjelpa meg finna lagnaden til denne huslyden, anten i Noreg eller i Amerika, ville eg setja svært stor pris på det!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det væra han her, Lars ?

 

Sjølvsagt var det ikkje mogeleg å kopiere direkte frå norway hertugen.cox, så eg får prøva manuelt.

Båten, brig Jørgen Brunchorst går frå Bergen 26 april 1853 og kjem same året til NY den 2. juni.

Nr 48 er trulig din mann. Sjølv om kona, nr 49 kun er 20 år.

 

Året 1853 passar og med sonen Knudt, 6 år i 1860.

---------------

Dersom det er rette person, så er det få Amerika ekspertene til å bistå deg vidare.

 

Lev vel frå Jon S., Bergen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for spennande svar!

 

Det høyrest ut som du er på spor etter noko her, so eg vonar einkvan kan stadfesta passasjerlista frå 1853...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit svært so spennande innlegg!

 

Eg er rimeleg sikker på at dette er "vår" Johannes; han har til og med Aasen-namnet med seg.  Alderen til Bertha er rett nok "korrupt", og eg spekulerer svært på kven denne Hans kan vera, men likevel; dette må vera "våre folk!

 

Elles er denne lista svært interessant i seg sjølv.  Eg dreg kjensel på mange Hafslo-namn, mange av dei svært so "korrupte" og mest ikkje til å kjenna att, både før og etter Johannes.  Dei er alle registrerte i kykjeboki for Hafslo mellom utflytte, men Johannes og Bertha er IKKJE medtekne der, og ikkje heller finn eg dei som utflytte frå Lærdal, so kvar dei budde før dei utvandra i 1853, er ikkje godt å seia...

 

Er desse passasjerlistene ålment tilgjengelege, og kan ein lesa dei originale listene ein eller annan stad?  Det hadde vore eit interessant prosjekt å studera desse listene og identifisera dei personane som er nemnde her!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johannes Aasen i New York passengers list https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:275F-LPCfødselsår 1813

Hans Aasen https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:275F-LP8fødselsår 1837

Karen Berthe Aasen https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:275F-LPZfødselsår 1833

Får ikke opp bilde av passasjerlista, men de tre nevnte de samme som sto oppført på lista på norwayheritage.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit interessant innlegg der eg òg fekk opp originallista!

 

Eg ser at mange av dei namni som i avskrifti var "korrupte", rett og slett berre er mistolka, men opplysningane om Johannes og Bertha synest klåre.  Kvifor ho er kalla "Karen Bertha", kan eg ikkje heilt forstå, og kven denne Hans kan ha vore, veit eg heller ikkje.  Han kunne vera ein son som Bertha fekk før ekteskapet med Johannes, men eg finn ikkje nokon som høver...

 

Viktigare tykkjer eg det må vera å finna att denne huslyden i Amerika, men so langt manglar alle spor av dei etter 1860.  Dei er ikkje i Vermont township, Dane Co., WI i 1870!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnadane deira!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi frå hausten 2015, som framleis ligg ganske so «stille».  Eg har leitt ganske so aktivt, men finn berre ingen som høver til denne huslyden etter 1850!

 

Her er manuskriptet mitt pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Johannesson (Aasen), døypt i Hafslo 23.11.1806,

Johannes Johannesson flytte i 1848 til Lærdal, men gifte seg i Sogndal 13.11.1848 med Bertha Hansdotter frå Foss i Sogndal.  Ho var dotter av husmann Hans Olson på Malthaug under Foss, opphavleg frå Uglum, og kona Guri Andersdotter frå Stedje og f. i Sogndal 7.10.1818.  Johannes og Bertha budde visstnok nokre år på Lærdalsøyri i Lærdal, men utvandra til Amerika i 1853.  Der finn me dei att som farmarar i Vermont township, Dane Co., Wis.

 

¤¤¤¤¤ (lived there 1860 – later?)

 

Me kjenner til ein son etter dei:

 

¤¤¤¤¤ (hadde dei kan henda fleire born?)

 

a. Knut

 

     ¤¤¤¤¤  (born WI 1854 – biography?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om denne huslyden, og som den evige optimist eg er, so lever eg i voni...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kvar eg var den 8 november i 2015, Lars, er ikkje godt å vita no!

Men  eg lykkast å lesa Hans 16 år (i 1853) med at alderen kunne stemma m/ Knut på 6 år i 1860 !!

Det ville i "gode gamla dagar" seia LITE GODT i rekning !!

-------

Så diverre er du attende på start, Lars ! 

 

Dersom paret drog til Bergen kort tid etter dei vart gift, har vi det same som no i Jemen, Kolera ! 

 

No skal du ikkje få fleire vidle idear frå meg, Lars ! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Eg lyt nok vedgå at eg stusste lite vetta på det nemnde innlegget ditt frå 2015, men eg tolka det slik at om dei utvandra i 1853, so hadde dei «tid» til å få ein son Knut året etter fødd i Wisconsin...

 

Men det er jo berre det at me ikkje finn nokon slik son fødd i Wisconsin...

 

Koleraepidemi hadde dei òg i det nordlege Wisconsin i 1854, og fleire emigrantar frå Luster skal ha vore mellom dei avlidne...  Men Johannes og Bertha reiste året før og kom tydeleg vel fram...

 

Eg takkar på ny på det hjartelegaste til den eller dei som greier å løysa utfordringi med lagnaden til Johannes og Bertha og sonen Knut!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er det endeleg komme til eit «gjennombròt» når det gjeld denne utfordringi!

 

Eg mottok eit tips frå Amerika om denne eigedomstransaksjonen:

 

1869 Madison State Journal; Sept 25, 1869; page 4
Real Estate Transactions Sept. 21
Bertha Johnson to Edward Hanly, 40 acres, section 26, Vermont, $660.

 

Eit gamalt platmap frå 1873 syner at farmen låg i SW¼ NE¼ i Section 26 i Vermont township, Dane Co., WI:

 

http://www.historicmapworks.com/Map/US/475842/Vermont+Township/Dane+County+1873/Wisconsin/

 

So gjekk eg inn i skiftedokumenti på ancestry.com, og der fann eg skiftet etter John Johnson:

 

https://www.ancestry.com/interactive/9088/007708654_00188?pid=1205408&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?gl%3DBMD_DEATH%26gss%3Dsfs28_ms_f-125%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DJohannes%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DJohnson%26gsln_x%3DNP_NN%26msddy%3D1865%26msddy_x%3D1%26msddp%3D5%26msdpn__ftp%3DWisconsin%2C%20USA%26msdpn%3D52%26msdpn_PInfo%3D5-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C52%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msdpn_x%3D1%26msdpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008&usePUB=true#?imageId=007708654_00187

 

Der kjem det fram at John Johnson døydde i heimen sin i Vermont township 29.8.1867.  Han let etter seg enkja Bertha, men «no children, nor heirs of his body».  So dersom Knut verkeleg var son deira, må han vera avliden før far sin!

 

Det kjem òg fram av skiftet at Edward Hanley tok opp eit lån på farmen hjå Bertha Johnson, som innan to år skulle betalast attende til.  Panteboki i Madison, WI wil truleg ha ei sokalla «Satisfaction of Mortgage» der bustaden til Bertha på det tidspunktet vil vera oppgjeven.  Berre so synd at dei protokollane ikkje finst online...(?).

 

Me er soleis komne eit langt steg nærare ei løysing på denne utfordringi, men korleis finn me no att Bertha Johnson?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...

Innlegg #12:

 

Endå ein sist gong før bokutgjeving vil eg henta fram att denne gåta.

 

Eg syner til føregåande innlegg der det kjem fram at Bertha Johnson (fødd i Sogndal 7.10.1818 som Bertha Hansdotter) selde farmen i Vermont township, Dane Co., WI i 1869, men kvar vart det av ho???

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.