Gå til innhold
Arkivverket

Samuel Cooley (1869- ) - jarnbanearbeidar i Faith, SD - forsvinn kring 1924, men kvar vart han av - amerikansk utfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få presentera ein ny amerikansk "nøtt" som eg har slite med i lang tid:

 

Eg saksar frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Julia Susanna, kjend som Susan Torkelson, f. i Watonwan Co., Minn. 13.11.1872, d. i Coeur d’Alene, Idaho 4.12.1949.  Susan gifte seg i Missoula, Mont. 18.5.1892 med Samuel, kjend som Sam Cooley, f. i Green Lake Co., Wis. ?.1.1869. 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Sam var jarnbanemaskinist (”railroad machinist”), og han og Susan budde først nokre år i Montana, men flytte snart til Larimore, Grand Forks Co., N.D.  Dei budde òg ei tid i Grand Forks, Grand Forks Co., N.D. til dei i 1911 flytte til Mobridge, Walworth Co., S.D.  Kring 1917 flytte dei so vidare til Faith, Meade Co., S.D.  Kring 1924 vert Sam borte for oss, utan at me veit noko meir om lagnaden hans, men Susan livnærte seg sidan som kaféarbeidar og hushaldar (”cafe servant and housekeeper”) og vart buande i Faith, S.D. til ho i 1938 busette seg i Coeur d’Alene, Kootenai Co., Idaho.  Susan og Sam fekk ei dotter i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Susan var dotter av Sophia Jensdotter frå Åsen i Hafslo (1845-1924) som i 1861 utvandra med si ugift mor til Amerika.  Sophia gifte seg med Torkild Torkildson frå Flugon i Tuddal, Hjartdal, og fekk elleve born, inkl. Julia Susanna.  Eg har vore i kontakt med etterkomarar etter søsken av Susan, og dei kunne fortelja meg at Susan var "noko for seg sjølv".  Ho braut all kontakt med foreldri og søskeni sine, og ingen visste noko om ho før ho på sine eldre dagar flytte til Coeur d'Alene, ID, der ei av søstrene då budde.

 

Sam Cooley var son av Loren Cooley frå NY og Cornelia Smith frå OH, og ogso dei flytte svært ofte på seg.

 

Eg har lukkast finna att Sam i ulike folketeljingar:

 

* 1900 Larimore, Grand Forks Co., ND

 

* 1910 Grand Forks, Grand Forks Co., ND

 

* 1915 Mobridge, Walworth Co., SD (der det seiast at han i 1911 var flytt til SD)

 

* 1920 Faith, Meade Co., SD

 

I 1925, 1930 og 1935 er Susan åleine på same stad.  Ho kallast dels "enkje" og dels "gift".

 

Eg MISTENKJER Sam Cooley for å ha "stikke av" eller vorte borte på eitt eller anna vis, og eg tenkte KANSKJE finst det avisomtaler av denne karen i pressa i og kring Faith, SD?  Kanskje kan ein eller annan med dei "rette kjeldene" greia finna opplysningar om han?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Walworth Co., SD - WPA Graves Registration Project - Alphabetical Listing "A" to "H"	The index was compiled by Yvonne Haefner <yhaefner@wcenet.com> 	Individuals and non-profit organizations may freely copy this file 	For their private use. 	Any other use, including publication, storage in a retrieval 	system, or transmission by electronic, mechanical, or other 	means; requires the written approval of the file's author.	This file is part of the SDGENWEB Archives. If you arrived here inside	a frame or from a link from somewhere else, our front door is at	http://www.rootsweb.com/~usgenweb/sd/sdfiles.htm
LAST               FIRST                   DEATH            BIRTH              NAME OF                   SEC     BLK    LOT        GRAVE         CITY OR        VETERAN
Cooley             Samuel                                                      Greenwood                 17      D      93         2             Mobridge, SD

http://files.usgwarchives.net/sd/walworth/cemetery/wpa-ah.txt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye spennande innlegg!

 

Eg har tydeleg oversett Samuel Cooley frå FT1925; kan henda kjem det av at fødestaden er unøyaktig oppgjeven...

 

Uansett, denne Samuel Cooley som ligg gravlagd i Mobridge, SD, KAN so abslutt vera mannen eg søker!  Berre so synd at ingen datoar ligg føre...

 

Eg har likevel alt sendt ei melding til Yvonne Haefner og vonar på ei positiv attendemelding derifrå!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

So har ogso dette problemet finne ei løysing!

 

Eg høyrde aldri frå Yvonne Haeffner, so eg ringde Walworth County kyrkjegardsregister, men heller ikkje der fekk eg greie på noko som helst!

 

Men i dag fekk eg ei gladmelding frå ein kjenning i Milwaukee, WI som sende meg følgjande:

 

~~~~~~~~~~

 

The Milwaukee Magazine, July 1928

https://milwaukeeroadarchives.com/MilwaukeeRoadMagazine/1928July.pdf

Samuel Cooley, engineer man at Faith passed away June 3rd at the Milwaukee hospital, after an illness of several months.  Mr. Cooley came to Mobridge in 1911 as roundhouse foreman, which position he held until 1916 when he was transferred to Faith. Internet was made at Greenwood cemetery.

 

~~~~~~~~~~

 

Han leitte altso på rette staden, og fann svaret!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.