Gå til innhold
Arkivverket

Nils Aasen med kone i Hafslo 1762 - born Bendik og Aamund - kven var desse folki og kvar vart dei av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Stundom råkar ein i Ekstraskattmanntalet for 1762 borti "merkelege" huslyder.  Dette er ein av dei frå Hafslo som eg berre ikkje greier verta klok på:

 

Som innerstfolk under Kinserdal i Hafslo er nemnd:

 

Nils Aasen

Nils Aasen's kone (utan namn)

Bendik Nilsson, son deira

 

Dessutan finst det ein barnedåp som ganske so sikkert høyrer til same huslyden:

 

Aamund Nilsson, døypt i Hafslo 7.11.1762 av far Nils Aasen (barnemori vart ikkje oppgjevi på den tidi!)

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 2 (1755-1806), Kronologisk liste 1762, side 55-56.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1992&idx_id=1992&uid=ny&idx_side=-37
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050818010510.jpg

 

Som fadrar er nemnde:

 

* Ole Aasen = Ole Bendikson Aasen (1716-1782), gift med Britha Pedersdotter Krogen (1723-1785), gardfolk i Åsen (som Nils og kona budde hjå!)

* Søren Bjørnethun = (truleg) Søren Jensson Bjørnethun (1707-1768), gift med Agatha Larsdotter Elvethun (1707-1788), gardfolk i Bjørnetun

* Øllegaard Nitter = Øllegaard Eriksdotter Klingenberg (1710-1800), gift med Ludvig Christenson Nitter (1709-1776), gjestgjevarfolk på Valaker (lille)

* Hans Pladsen = Hans Olson Pladsen (1703-1785), gift med Britha Hansdotter Grov (1707-1789), plassfolk på Plassen i Kinserdalen under Urnes

* Siri Pladsen = Siri Hansdotter Pladsen (1735-1804) (dotter av Hans Olson), gift med Trond Aamundson Pladsen (1735-1803), ogso plassfolk på Plassen i Kinserdalen under Urnes

 

Skal me analysera desse fadrane, er det to namn som trekker merksemd:

 

* Ole Bendikson Aasen - p.g.a. sonen Bendik Nilsson - me kjenner ikkje alle søskeni til Ole Bendikson!

 

* Trond Aamundson Pladsen - p.g.a. sonen Aamund Nilsson - denne Trond er av usikkert opphav:

 

** ein Trond Aamundson vart døypt i Årdal 29.8.1735 som son av husmann Aamund Asbjørnson i Hola under Hovland og kona Kirsti Trondsdotter (gifte i 1730)

 

** ein Trond Aamundson vart døypt i Aurland 17.4.1735 som son av ein Aamund Trondson (gardsnamn ikkje oppgjeve)

 

** ifølgje ei segn (sitat Jon Laberg!) skal Trond ha vore frå Feios i Leikanger!

 

Eg trur samanhangen kan vera slik:

 

Nils NN var gift to gonger, først med ei søster av Ole Bendikson, som vart mor til Bendik Nilsson (som, sidan han er nemnd i ekstraskatten 1762 må vera fødd 1750 eller før!)

 

So vart Nils NN enkjemann og gifte seg att med ei søster av Trond Aamundson, kva for ein det no måtte ha vore...

 

Sonen Bendik ser me ikkje noko meir til i Hafslo.  Han vart ikkje konfirmert eller gift her!

 

Sonen Aamund ser me heller ikkje noko meir til i Hafslo.  Han vart heller ikkje konfirmert eller gift her!

 

Kvar kan det so ha vorte av denne huslyden??  Bergen??  Ytre Sogn??

 

Dette er ein skikkeleg nøtt, men eg vonar at eg gjennom dette emnet kan appellera til forskingslyst hjå ein og annan, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.