Gå til innhold
Arkivverket

To dokument som omhandlar Ola Sjurson Austrheim, Gloppen, sine born.

Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg vil be om hjelp til å få med meg det rette innhaldet her. Skrifta er ukjend for meg, og med lite trening er eg usikker på om eg får med meg alt.

Ola Sjurson hadde 2 barnekull (minst). Dei eldste har han truleg med den kona som døyr som Sjurs kvinde i 1689. Men så gifter han seg igjen i 1698, over 60 år gammal, og får fleire born.

Eg har namn og omtrentleg alder på dei fleste, men vil ikkje oppgje det her og no, for ikkje å lage føringar for det som står her.

Ingen av Ola sine born overtok garden; han gjekk til ein slekting av andre kona hans.

Fyrst denne:

Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.a.1, Sted: Nordfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB
Merknader:
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20071008840005.jpg
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=12493&uid=ny&idx_side=-5

Her les eg at Sjur Olson Sund og Peder Olson Sund......, begge borgarar og innvånarar i Bergen, tillike med deira fråverande bror Nils Olsson og ei tilstadeverande syster Ingeborg Olsd. (eg tolkar det slik at dei har sendt eit brev som er skrive i Bergen og at det er der dei er fråverande/tilstadeverande) gjev til kjenne at dei har arva etter far sin, Ola Sjurson Austrheim; kvar bror 4 pd? smør, og systera 2 mrk?

Deretter blir systera Magnhild omtala - ho blir tillagt ein svakhet, men så vidt som eg kan lese, har også ho arva ein systerlodd.

Så kjem eit avsnitt der eg konkluderer med at det blir laga ei kontrakt med Berge Ellingson Austrheim som får overta garden og underhaldet av den "svage" systera Magnhild, men eg får ikkje med meg alt.

Alle desse som er nemnde her, er av det fyrste kullet. Andre kulls born (som alle er umyndige) er ikkje nemnde.

Er det vesentleg informasjon eg har oversett?

Så denne:

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Skifteprotokoll C 4a , 1748-1760, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register på Statsarkivet i Bergens lesesal.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24001/165/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111640166.jpg

Her er det barnlaust skifte (382) etter ein Nils Olson i 1751 - eg veit så langt ikkje kven han er, bortsett frå at han ikkje er den bortreiste broder Nils Olson i forrige dokument.

Det blir oppgjeve at det er syskenborna hans som skal arve, og det skal vere følgjande:

Johanna Jakobsdtr, enkje i København, Ingeborg Jakobsdtr, enkje i Bergen, Margrete Jakobsdtr, enkje i Bergen (nærværande - om det gjeld berre henne eller alle tre er eg usikker på), og Anne Jakobsdtr, død og etterlatande seg ein son Jakob i Holland.  Eg kjenner ikkje att nokon av desse personane.

Desse 4 er syskenborn på ein farbror Jakob Nilsson si side. Dei (tyder på at alle er der) lovar å skaffe oversikt over om det er fleire arvingar.

På neste side finn eg ingen slekts-opplysningar. Men på sida deretter blir det framlagt ei oversikt over Nils Olsens samtlige arvingar - men dei 4 frå fyrste sida er ikkje nemnde.

Her dreiar det seg om etterkomarane etter ein morbror, Ola Pederson, som er død og har etterlate seg ei rad born. Men etter namna på borna må det vere ein skrivefeil her - alle desse borna kan tilleggast Ola Sjurson Austrheim.

1. Peder Olsson, død og etterlet ein son Peder Pederson (her i byen=) og ei dotter Else Pedersdtr.

2. Sivert Olsson, død og etterlet 3 søner; Kristoffer (her i byen), Sivert og Peder.

3. Jon Olsson, borgar og mestersnekkar i Bergen.

4. Ingeborg Olsdtr, enkje

5. Else Olsdtr, enkje

6. Borgny Olsdtr, enkje.

Så kjem Helena Jakobsdtr og hendes nuværende mand inn i bildet, og no dett eg verkeleg av lasset. Dei hevdar at Nils har testamentert - ? Kven er dei, og kven er Valborg Olsdtr?

Til slutt blir alle arvingane opplista - 10 partar. Eg skal setje meg ned og pusle saman dette bildet, men det kan vere detaljar eg ikkje har fått med meg. Eg treng ikke "ord for ord", berre dei eventuelle detaljane som seier noko om slektskap.

På førehand: Hjerteleg takk for hjelpa! Og er det nokon som kan identifisere Nils Olsson sine foreldre, blir eg ekstra glad! Mora er tydelegvis syster til Ola Sjurson Austrheim, men eg har ikkje noko namneforslag.

Nils sin far må ha heitt Ola, men meir veit vi ikkje. Han treng ikkje å ha tilknyting til Gloppen.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fyrst denne:

Kildeinformasjon: Protokollnummer: II.B.a.1, Sted: Nordfjord sorenskriveri, Oppbevaringssted: SAB

Merknader:

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20071008840005.jpg

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=12493&uid=ny&idx_side=-5

Her les eg at Sjur Olson Sund og Peder Olson Sund......, begge borgarar og innvånarar i Bergen, tillike med deira fråverande bror Nils Olsson og ei tilstadeverande syster Ingeborg Olsd. (eg tolkar det slik at dei har sendt eit brev som er skrive i Bergen og at det er der dei er fråverande/tilstadeverande) gjev til kjenne at dei har arva etter far sin, Ola Sjurson Austrheim; kvar bror 4 pd? smør, og systera 2 mrk?

Deretter blir systera Magnhild omtala - ho blir tillagt ein svakhet, men så vidt som eg kan lese, har også ho arva ein systerlodd.

Så kjem eit avsnitt der eg konkluderer med at det blir laga ei kontrakt med Berge Ellingson Austrheim som får overta garden og underhaldet av den "svage" systera Magnhild, men eg får ikkje med meg alt.

Alle desse som er nemnde her, er av det fyrste kullet. Andre kulls born (som alle er umyndige) er ikkje nemnde.

Er det vesentleg informasjon eg har oversett?

Byrjinga er om lag sånn:

"Kiendis Vj underskrefne Siur Olss. Smed og Peder Osen Snedker, beg-

ge borgere og Jndvaanere her udj Bergen og her med giør Vitterligt, at Vj til-

ligge med Voris nu fraværende broder Nielss:, og Voris her til stæde værende

Søster Jngebor Olsdatter, effter voris Sal: fader Ole Siurssen Østrimb

arvelig er tillfalden nemblig hver broder fiire mk Smør og Søsteren Toe

marcker Smør alt udj dend gaard Østrimb udj Nordfiord og Gloppens

Skibbrede beliggende, og Vj der foruden har en Anden Søster Nafnlig

Magnild Olssdatter som formedelst fiet og Svaghed Sig icke Sielf(er?)

Kand er nære eller brødet J blandt goet folck fortiene, hvilcken

og Ligeledis udj bemelte gaard Østrimb Toe mk Smør arvelig Tilfaldt.

.....  "

Resten av brevet går ut på at, sidan dei ikkje har høve til å ta seg av systra, har dei har avtala med "Berje Ellingss." at han

får alle arvepartane, 3x4+2+2 mk= 16 mk Smør i Austrheim med bygsel, til odel og eige for seg og arvingane sine,

mot at han (og evt. arvingane hans) tek seg av Magnhild så lenge ho lever (og syter for ei sømeleg gravferd til slutt).

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk! Smed og snekkar, det burde eg forstått. Som nemnt er desse personane av eit fyrste kull - andrekullsborna er under konfirmasjons-alder på denne tida. Men om eg kan gå ut frå at dette er alle fyrstekullsborna - eller om det er berre dei i Bergen - kan eg lese noko meir om det ut av dette?

Nei... eg trur ikkje du kan lese meir.  Det gjeld dei 16 mk Smør som tilfall dei fem syskena. Om det var fleire arvepartar, til heil- eller halvsysken, eller ikkje, er ikkje sagt noko om.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, slik tenkjer eg og. Takk skal du ha. Håpar du kan sjå på det andre og - det er skremmande kor fort lese-evnen taper seg når ein ikkje øver noko særleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så denne:

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Skifteprotokoll C 4a , 1748-1760, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register på Statsarkivet i Bergens lesesal.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24001/165/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111640166.jpg

Her er det barnlaust skifte (382) etter ein Nils Olson i 1751 - eg veit så langt ikkje kven han er, bortsett frå at han ikkje er den bortreiste broder Nils Olson i forrige dokument.

Det blir oppgjeve at det er syskenborna hans som skal arve, og det skal vere følgjande:

Johanna Jakobsdtr, enkje i København, Ingeborg Jakobsdtr, enkje i Bergen, Margrete Jakobsdtr, enkje i Bergen (nærværande - om det gjeld berre henne eller alle tre er eg usikker på), og Anne Jakobsdtr, død og etterlatande seg ein son Jakob i Holland.  Eg kjenner ikkje att nokon av desse personane.

Desse 4 er syskenborn på ein farbror Jakob Nilsson si side. Dei (tyder på at alle er der) lovar å skaffe oversikt over om det er fleire arvingar.

På neste side finn eg ingen slekts-opplysningar. Men på sida deretter blir det framlagt ei oversikt over Nils Olsens samtlige arvingar - men dei 4 frå fyrste sida er ikkje nemnde.

Her dreiar det seg om etterkomarane etter ein morbror, Ola Pederson, som er død og har etterlate seg ei rad born. Men etter namna på borna må det vere ein skrivefeil her - alle desse borna kan tilleggast Ola Sjurson Austrheim.

1. Peder Olsson, død og etterlet ein son Peder Pederson (her i byen=) og ei dotter Else Pedersdtr.

2. Sivert Olsson, død og etterlet 3 søner; Kristoffer (her i byen), Sivert og Peder.

3. Jon Olsson, borgar og mestersnekkar i Bergen.

4. Ingeborg Olsdtr, enkje

5. Else Olsdtr, enkje

6. Borgny Olsdtr, enkje.

Så kjem Helena Jakobsdtr og hendes nuværende mand inn i bildet, og no dett eg verkeleg av lasset. Dei hevdar at Nils har testamentert - ? Kven er dei, og kven er Valborg Olsdtr?

Til slutt blir alle arvingane opplista - 10 partar. Eg skal setje meg ned og pusle saman dette bildet, men det kan vere detaljar eg ikkje har fått med meg. Eg treng ikke "ord for ord", berre dei eventuelle detaljane som seier noko om slektskap.

Eg les om lag det du har lest.

Nils har tydelegvis skrive eit testamente, primært til fordel for "afdøde Ole Pedersens barn Valborg Olsdatter". Helene Jakobsd. er enkje etter Ole Pedersen, no gift med Mathias Erichsen og venteleg mor til Valborg. Valborg er død, men Helene (og/eller mannen) meiner testamenteg gjeld henne også, fordi ho/dei skulle ta seg av Nils i alderdomen. Skrivaren avviser kravet, dels fordi Valborg er død, og fordi Nils etter vitnemål sjølv betalte for mat og losji hjå andre dei siste åra.

Kven denne Ole Pedersen var, kan eg ikkje sjå at det er sagt noko om. Han kan vere den same som morbror Ole Pederson nedanfor, eller ein annan.

Etter at kravet frå Helene er avklara, kan buet gjerast opp.  Det vert 10 rd 3 ort 11 skilling til fordeling.

Dei seks første er, som du skriv, identifiserte som "afgangne Niels Olsens Moders broder Ole Pedersen, død og eftter ladt sig følgende børn:"

Dei neste fire er dei som står på første sida. Arvepartane deira er like store som systerlutane til Ole Pedersen sine born; så då må også dei fire jakobsdøtrene

vere syskenborn til Nils.

Ifl. Kristian Vs Norske lov, 5-2-44 (ikkje 42 og 43 som det er vist til i dommen) var det slik at når foreldre sine sysken var døde, stillte alle syskenbarn likt, som om dei var sysken. (Dvs at full "representasjon" ikkje var innført; i dag ville Jakobsdøtrene får halvparten på deling, etter far eller mor, og Ole-barna ville få den andre halvparten,

etter Ole.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.