Gå til innhold
Arkivverket

Jølster: Paret Anders Anderson Støve og Brite Jonsdtr. Lyngstad gifte 1801


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Eg leitar etter paret Anders Andersson Støve og Brita Jonsdtr. Lyngstad  (f. på Lyngstad i Jølster 1767)  som gifte seg Helgheim, Jølster  22. Nov. 1801  

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Helgheim i Jølster, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1821), Kronologisk liste 1801, side 198-199.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11527&idx_id=11527&uid=ny&idx_side=-93

 

Eg har ikkje klart å finne paret att.

Er det nokon som veit kvar dei etablerte seg etter 1801?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Andersson var truleg han som er i teneste på Flatjord 1801. Det er ingen Anders Andersson på Støyva i Breim (Gloppen) i teljinga 1801. Brite Jonsdtr. tener heime på Lyngstad i 1801. Anders og Brite ser ut til å vera jamgamle, 34 år i 1801. Bygdeboka for Jølster seier at Brite ikkje hadde etterkomarar, men det treng ikkje vera rett.

 

Alf Strand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som du ser av linken til vigsla trulova paret seg den 20. September og gifte seg den 25. søndag etter Trinitatis 1801  (22. november) då er han skriven A.A. Støva, det kan vel hende han var dreng på Støyva og difor var oppført med det namnet.

 

Som kjent vart folketellinga 1801 foreteke 1. februar og regelen var at tenestefolket hadde to mulige flyttedagar i året 14. April og 14. Oktober, det er difor mulig at den A.A. som i februar var i teneste på Flatjord flytte til Støyva våren 1801 og vart dreng der og såleis vart oppført som A. A. Støva.

Sjølvsagt bare teoriar frå mi side, men det er ei mulighet.

Kva bygdeboka skriv om dei forskjellige har eg etterkvart lært meg "å ta med ei klype salt"  sålenge  eg ikkje kan verifisere det med opplysningar frå orginal kjeldene.

Eg reiknar med at paret flytte vekk frå Jølster.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.