Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Pederson (1752-1815) og kona Synneva Berentsdotter (1753-1805) - frå Sogndal til Bergen - kvar vart det av borni deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #83779 frå det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/169114-83779-hans-pedersen-1752-1815synneva-berentsdotter-1753-1805-sogndal-bergen/?hl=%2Bhans+%2Bpederson+%2Bbergen+%2Bberentsdotter), der eg først vil nytta høvet til retta ein sein, men like hjarteleg takk til Arne og Grethe for spennande innlegg!

 

Arne fann i 2011 lagnaden til ho han meinte måtte vera dotteri Guri(ne), og eg er overtydd om at det verkeleg er ho!

 

No ønskjer eg å freista fullføra biografien min for denne huslyden med opphav på plassen Bakken under garden Urnes i Hafslo, og eg vil gjerne få syna fram ein oppdatert versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Pederson, døypt {i Hafslo} 12.3.1752,

Hans Pederson flytte i ung alder til Sogndal der han 20.11.1780 gifte seg med Synneva Berentsdotter frå Sogndalsfjøra i Sogndal.  Ho var dotter av strandsitjar Berent Berentson i Sogndalsfjøra, opphavleg frå Tylden, og kona Martha Larsdotter frå Resaland i Sogndal og vart døypt i Sogndal 30.11.1753.  Hans og Synneva var i mange år strandsitjarar i Sogndalsfjøra i Sogndal, men flytte kring 1796 til Bergen der me finn att Hans Pedersen som arbeidar med bustad i Ladegaardsgaten.  Synneva vart gravlagd i Bergen 23.7.1805, medan Hans Pedersen d. same staden 9.5.1815.  Me kjenner til åtte born etter dei:

a. Berent Hansson, døypt i Sogndal 28.2.1778,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnad? – einaste relevante i 1801 var dreng på Einehaug i Fjaler! – 22 år gl.)

 

b. Peder Hansson, døypt i Sogndal 4.8.1781,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

c. Guri Hansdotter, døypt i Sogndal 13.7.1783, vart gravlagd frå Sogndalsfjøra 25.11.1787.

d. Martha Hansdotter, døypt i Sogndal 6.8.1786,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

e. Guri Hansdotter, døypt i Sogndal 7.10.1787, vart gravlagd frå Sogndalsfjøra 30.11.1788.

f. Peder Hansson, døypt i Sogndal 1.11.1789,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnad?)

 

g. Knut Hansson, døypt i Sogndal 23.6.1793, vart gravlagd frå Sogndalsfjøra 1.1.1794.

h. Guri, kjend som Gurina Hansdotter, døypt i Sogndal 16.11.1794, flytte med foreldri til Bergen der ho 23.4.1826 gifte seg i Domkyrkja med Mentz Leonard Berentson Berg, f. i Bergen 14.7.1806.  Mentz var skomakarsvein og sidan vektar, og han og Gurina vart buande i Bergen der Gurina d. 28.3.1868.  Mentz Berg d. same staden 28.4.1872.   Dei fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som me ser, døydde fleire av desse borni i ung alder, og den einaste som er nemnd med foreldri i Ladegaardsgaten i 1801, er Gurina.

 

Kvar vart det so av dei fire eldre søskeni hennar, som tydeleg òg voks opp?  Kan Berent ha hamna i Fjaler?

 

Eg står heilt fast når det gjeld lagnaden til denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Hans Pedersen døyr 9 mai 1815.

 

Finn du han i FT 1815 her Bergen ?

 

FT 1815 er gjort opp 30 april. 9 dagar før Hans døyr.

 

---------

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Vibeke Lund Åhling

Jeg er kjempeforkjölet, men håper at hjernen lest rett her:

 

Berent Hansen tjenestedreng hos herr No(o)rman(d) i Bergen, er 33 i 1801, men begraves som 20 i 1806.

Jeg har ikke sjekket originalene for å utelukke feillesing av kråketaer.

Edit: Klar, fin tekst, og rett transkribert.

 

Hörer denne hit?

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=16877&personpostnr=48929&merk=48929#ovre

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=33683&merk=33683#ovre

 

 

En mulighet i 1815?:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1815&gardpostnr=14521&personpostnr=14521#nedre

 

 

Endret av Vibeke Lund Åhling

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Vibeke for nye interessante meldingar!

 

Eg ser at du Vibeke har finne far og dotter i FT1815 - det må jo vera dei, og er ganske so overtydd om at du òg har finne eit ekstra barn som var født i 1798, då mori var 45 år gamal!

 

Derimot er eg i stuss med omsyn til Berent Hansson.  Undersøkjingskommisjonen 1804-1805 har tre personar som liknar:

 

22. rode Berent Hansen 13 år, fødd i Holmedal og tener i Holmedal

 

19. rode Berent Hansen Kaarstad, 39 år, fødd i Holmedal og tener hjå A. Nordman

 

10. rode Berent Hansen 10 år, fødd i Asvoll, hjå faren Hans Helgeson Waage

 

Ingen av desse synest å høva med "vår" Berent...

 

Elles trur eg at den første Peder Hansson frå 1781 må vera avliden i ung alder og i alle fall før den andre Peder Hansson var fødd i 1789.  Og ser me på den svært so knappe avstanden mellom Martha og Guri #2, trur eg at kanskje ogso Martha døydde kort etter fødsli...  So synd at kyrkjebøkene for Sogndal ikkje er heilt komplette for denne perioden!

 

Uansett; det er ikkje noko som tyder på at Berent (1778) og Peder #2 (1789) skal vera avlidne i ung alder...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og lever i voni om at fleire opplysningar vil dukka opp...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet frå i fjor haust, som framleis står ganske so uløyst.

 

Kvar er det vorte av dei fire ukjende borni, Berent (1778), Peder d.e. (1781), Martha (1786) og Peder d.y. (1789)?

 

Som eg har vore inne på før, er det mykje som talar for at Peder d.e. og Martha døydde i ung alder, og det er påfallande at det berre er yngste dotteri fødd i Sogndal, Guri(ne) (1794) som vert nemnd i FT1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390017489

 

Heller ikkje i undersøkjingskommisjonen frå 1804 er nokon av sønene nemnde: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=4945&merk=4945#ovre

 

Peder d.y. ville då ha vore berre 15 år gamal, medan Berent ville ha vore 26 år gamal!

 

Eg har ikkje enno freista finna nokon av dei som konfirmantar...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld lagnadane til desse borni og krossar fingrer og tær!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i føremiddag sett litt på konfirmantlistene i Sogndal og likeins i Krosskyrkja i Bergen og kan slå fast at:

 

* Berent Hansson, fødd 1778 - er ikkje konfirmert korkje i Sogndal eller i Krosskyrkja.

 

* Berent Hansson, som i 1801 var 22 år ogv busett i Fjaler, er utan tvil identisk med ein Berent Hansson Sørdal som vart døypt i Ytre Holmedal 2.7.1780.

 

* Peder Hansson, fødd 1781 - er ikkje konfirmert korkje i Sogndal eller i Krosskyrkja.

 

* Martha Hansdotter, fødd 1786 - ikkje konfirmert i Krosskyrkja!

 

* Peder Hansson, fødd 1789 - KAN vera identisk med ein Peder Hansson som vart konfirmert i Krosskyrkja 19.4.1811 i ein alkder av 19 år - døypt i SOGN!?

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=kf12011736kk&gardpostnr=6408#nedre

 

Denne siste Peder Hansson kan eg IKKJE finna i Bergen i 1804/1805 (undersøkjingskommisjonen)!  So kven kan han vera om han ikkje er son av «vår» Hans Pederson?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.