Gå til innhold
Arkivverket

Asbjørn Aamundson og Guri Torstensdotter - vigde 1741 Vang i Valdres - kven var Guri??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Den eldste kyrkjeboki for Vang i Valdres er ganske so anonym når det gjeld denne huslyden:

 

Asbjørn Anonsen og Guri Tostensdatter gifte seg i Øye sokn i Vang 20.11.1741

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Vang, Ministerialbok nr. 1 (1730-1796), Trolovede 1738-1742, side 434-435.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9393&idx_id=9393&uid=ny&idx_side=-214
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070621000139.jpg

 

Dotter deira Rangdi vart døypt i Vang 14.5.1747

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Vang, Ministerialbok nr. 1 (1730-1796), Fødte og døpte 1747, side 68-69.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9393&idx_id=9393&uid=ny&idx_side=-29
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603990668.jpg

 

Ingen stader er det oppgjeve noko gardsnamn, og heller ikkje fadrane har gardsnamn ved barnedåpen i 1747.  I 1748 flytte huslyden til garden Lingjerde i Luster som Asbjørn då "tok" etter odel.  Han var visstnok fødd i Luster kring 1715 som eldste son av Aamund Sjurson Lingjerde, men voks opp i Årdal.

 

Men kven var Guri Torstensdotter?  Ho var 72 år gamal då ho døydde i Luster i 1781 og må soleis vera fødd kring 1709, eller kanskje noko seinare.  Av eit skifte går det fram at bror hennar var gardbrukar Ole Torstenson på Kyrkjevoll i Borgund, Lærdal (fødd kring 1707).

 

Då Rangdi vart døypt i Vang i 1747, var ei av fadrane ei Rangdi Iversdotter.  Kan ho ha vore mor hennar Guri?

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Vang som kan hjelpa meg identifisera opphavet til denne Guri Torstensdotter og kven foreldri hennar var, likeins kvar Asbjørn og Guri medan dei budde i Vang?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har tatt tak i broren til Guri Torstensdatter, Ole Torstensen. I FS finner jeg følgende barn døpt i Lærdal med far Ole Torstensen:

 

Lars, døpt 12.11.1735 i Lærdal

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4LD-3YJ

 

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1735, side 63. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-66
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620006.jpg

 

Randi, døpt 01.05.1740 i Lærdal

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4LD-Z9J

 

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1740, side 78. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-81
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620021.jpg

 

Lars, døpt 04.01.1746 i Lærdal 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW8F-5Z3

 

Den sistnevnte Lars er ut til å være uekte barn:

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1746, side 102. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-106
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620046.jpg

 

Hmmmm....! Jeg vet jo ikke om dette er rette Ole Torstensen. I hvilket skifte er Ole T nevnt?

 

 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Asbjørn og Guri Lindgjerde fikk vel en datter Zidsele i Luster i 1751:

 

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1751, side 41, høyre side:
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-41
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680269.jpg

 

Er dette Asbjørn på Lindgjerde i ekstraskatten for Luster, manntall mars 1763? Jeg synes det står to barn: Kirsti og Randi:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogn fogderi, Ekstraskatt 3418 (RA/EA-4092/R52/L3418), 1762-1769, oppb: Riksarkivet.

Merknader: Ekstraskatt 1762-1772, se også kat. nr. 1145/51.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47516/105/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-rk10051111030110.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er vel skiftet etter Asbjørn Aamundsen:

 

Namn arvtakar: Asbjørn, Aamundsen 

Gard: Lindgierde, nr.:4 Husmannsplass:  

Yrke: Kaarmand

Skipreide: Luster

Protokoll/side: 8b-627

Datering: 1774-1781

Dato: 9.2.1781

Eiga: 261 Dalar, 4 ort, 2 skilling

Gjeld: 237 Dalar, 4 ort, 10 skilling

Netto: 23 Dalar, 5 ort, 8 skilling

Merknad:  

Personar i skiftet :
(1) Guri Tostensdatter Enken
(2) Kirstie Asbiørnsdatter Datter
(3) Tosten Hagensen Gift med Randj
(4) Boets gjeld Kreditor
(5) Anders Halvorsen Ehrie Øfre Lerdahl Laugverge for Enken
(6) Randj Asbiørnsdatter Datter
(7) Anders Ehrie Øfre Gift med Kirstie

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser at Sisilie Asbjørnsdatter Lindgjerde ble konfirmert i Luster i 1770, 19 år gammel:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/kf/person/pk00000000457227

 

Storesøster Randi ble konfirmert i 1764, 17 år gammel:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/kf/person/pk00000000456993

 

Og den enda eldre søsteren, Christi, ble konfirmert i 1762, 18 år gammel:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/kf/person/pk00000000456948

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire spennande og interessante meldingar!

 

Denne huslyden er utførleg omskriven i Gards- og Ættesoga for Luster, band III, under garden Lingjerde, men kva eg IKKJE visste den gongen, var opphavet til Guri Torstensdotter, og eg visste heller ikkje kvar Asbjørn og Guri hadde butt FØR dei kom til Luster i 1748.

 

So ser det altso ut som om Guri (og broren Ole) kom frå garden Kjerstein i Vang, men finst det belegg for denne påstanden?  Kva seier til dømes bygdeboki for Vang om denne skyldskapen?

 

Eg takkar på ny for den kjappe oppklaringi av dette spørsmålet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Ser at dette spørsmålet fra 2015 ikke har fått noe svar.

 

At Guri Torsteinsdatter, kona til Asbjørn Amundsen Lingjerde, var fra Kjerstein i Vang er det ingen tvil om. I skiftet etter Iver Torteinsen Kjerstein 1751 er det nevnt at hans svoger var Asbjørn Olsen (!) Lingjerde i Luster prestegjeld. Det står også at barnas farbror var Ole Torsteinsen Kirkevold i Lærdals prestegjeld, og denne Ole var bror til Guri Torsteinsdatter Lingjerde.

 

Guri var derfor datter av Torstein Iversen på søndre Kjerstein (av ukjent opphav) og Ragndi Olsdatter fra søndre Kjerstein. De hadde barna Iver, Ole, Anne, Guri og ei datter til.

 

Vet ikke hvor i Vang Asbjørn og Guri bodde da de fikk dattera Rangdi i 1747, men de er nevnt som faddere i mars 1742 og mars 1743, og da bodde de på Kjerstein. De er ikke nevnt som faddere etter det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit interessant og nyttig innlegg om denne huslyden som diverre er vorten liggjande utan merksemd i fleire år.

 

Med dei nye opplysningane som no er komne, har eg oppdatert manuskriptet mitt som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Asbjørn Aanundson Lindgjerde, frå Farnes i Årdal, men son av gardbrukarsonen Aanund Sjurson, opphavleg herifrå Lingjerde nedre (1689-1735) (sjå over), var f. kring 1715, truleg her på Lingjerde, og gifte seg i Vang i Valdres 20.11.1741 med Guri Torstensdot­ter frå Kjerstein nordre i Vang.  Ho var dotter av gardbrukar Torsten Iverson på Kjerstein nordre, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans? – ein son var gardbrukar Ole Torstenson på Kyrkjevoll i Borgund, Lærdal 1707-1779)

 

     og kona Randi Olsdotter frå Kjerstein søndre og f. i Vang kring 1709.

Asbjørn og Guri budde først i Vang, kan henda på Kjerstein nordre, fram til 1748.

Men Asbjørn hadde som før nemnt odelsrett til bruket her på Lingjerde nedre.  Han lyste odelsretten sin på tinget fleire gonger, først 7.11.­1732 og sidan 2.11.1741, men begge gongene var det «pengemangel» som gjorde at han ikkje kunne løysa inn garden.  Derimot vart det 22.4.1747 forlik i odelsstriden mellom Asbjørn og Johannes Johannesson, og 6.1.1749 fekk Asbjørn skøyte på heile bruket og flytte hit.  Han vart gravlagd frå Lingjerde 8.11.1780, medan Guri vart gravlagd herifrå 29.4.1781.  Det ser elles ut til at Asbjørn alt kring 1772 lét frå seg garden til svigersonen Torsten Haagenson.  Asbjørn og Guri på Lingjerde fekk tre born i lag:

 1. Kirsti Asbjørnsdotter, f. i Vang kring 1744,

Kirsti Asbjørnsdotter gifte seg i Luster 3.11.1768 med enkjeman­nen Anders Halvorson frå Øvste-Æri i Lærdal.  Han var son av gardbrukar Halvor Lasseson på Øvste-Æri og Ingeleiv Andersdotter frå Mo i Lærdal og døypt der 12.2.1739.  Anders gifte seg første gongen i Lærdal 28.10.1760 med Mari Johannesdotter frå Færestad i Lærdal.  Ho var dotter av gardbrukar Johannes Iverson på Færestad og Bothilda Pedersdotter frå Hundæri i Lærdal og døypt der 3.10.1741.  Men Mari d. på Øvste-Æri alt 22.1.1767.  Anders Halvorson var gardbrukar på Øvste-Æri i Lærdal etter foreldri og d. der 13.3.1816.  Kirsti var avlidi alt kring 1803. 

 

##### (dødsdatoen?)

 

Med første kona fekk Anders Halvorson fire born, medan Kirsti Asbjørnsdotter vart mor til desse åtte:

a. Guri Andersdotter, f. i Lærdal 8.4.1769, d. på ein plass under Øye i Lærdal 19.1.1821.  Ho gifte seg i Lærdal 24.9.1794 med Ove Ingvardson frå Øye i Lærdal.  Han var f. i Lærdal 19.12.1766 og d. på Øye 21.5.1819.  Ove og Guri hadde først plassen Håbakken under Øvste-Æri i Lærdal, men flytte 1810 til ein plass i Fortun under Øye i Lærdal.  Dei fekk ni born i lag.

b. Halvor Andersson, f. i Lærdal 28.3.1771, d. som kårmann på Øvste-Æri i Lærdal 11.3.1844.  Han gifte seg i Lærdal 13.5.1797 med Ingeleiv Jensdotter frå Hauge i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 13.3.1778 og d. på Øvste-Æri 23.7.1848.  Halvor og Ingeborg dreiv heimebruket etter foreldri hans på Øvste-Æri i Lærdal og fekk seks born i lag.

c. Ragnhild Andersdotter, f. i Lærdal 4.4.1772, d. i Lærdal 19.6.1772.

d. Anders Andersson, f. i Lærdal 3.6.1776, gifte seg i Lærdal 21.4.1807 med husmannsdotteri Ingeleiv Olsdotter frå Rikheim i Lærdal.  Ho var f. på plassen Øyane under Rikheim i Lærdal 28.9.1775.  Anders var soldat i felttoget 1807-1809,

 

     ##### (seinare lagnad til dette parfolket? – son: Anders, f. i Lærdal 28.3.1807)

 

     Ein son vart døypt i Lærdal.

e. Ragnhild Andersdotter, f. i Lærdal 23.2.1779, d. i Lærdal 4.3.1779.

f. Ingeleiv Andersdotter, f. i Lærdal 3.4.1780, d. som gardbrukarkone på Årebru i Årdal 11.5.1837.  Ho gifte seg i Lærdal 3.4.1815 med Thomas Hermundson frå Årebru i Årdal.  Han var f. i Årdal 30.11.1782 og d. som kårmann på Årebru 6.3.1852.  Som enkjemann gifte han seg 23.5.1841 att i Årdal med Metta Andersdotter frå Hovland i Årdal, ei dotterdotter av husmann Andreas Olson i Bakken under Nattviki (1767-1853) som ei tid hadde vore husmann på Teigane under Leri i Luster.  Metta var f. i Årdal 4.12.1816.  Som enkje etter Thomas Hermundson vart ho attgift to gonger, og ho d. som husmannskone på Lægreid i Årdal 2.10.1886.  Ingeleiv og Thomas på Årebru fekk tre born i lag, medan han fekk to born i andre ekteskapet sitt med Metta Andersdotter.

g. Ragnhild Andersdotter, f. i Lærdal 20.4.1783, d. som husmannsenkje i Bjøllehola under Øvste-Æri i Lærdal 5.11.1866.  Ho gifte seg i Lærdal 29.10.1804 med Jonas Ingvardson frå Øye i Lærdal.  Han var f. i Lærdal 8.11.1771 og d. som husmann på Øvste-Æri 1.7.1823.  Jonas og Ragnhild var plassfolk i Bjøllehola under Øvste-Æri i Lærdal og fekk fem born i lag.

h. Cecilia Andersdotter, f. i Lærdal 23.8.1787, d. i Lærdal 14.7.1793.

 2. Randi Asbjørnsdotter (1747-    ), vart gift første gongen med gardbrukar Torsten Haagenson på Stokkanes (1743-1796) og sidan attgift med gardbrukar og enkjemann Einer Augundson på Høgi i Hafslo (1751-1805).

 3. Cecilia Asbjørnsdotter (1751-1780), vart gift med gardbru­kar Marcus Larsson på Urnes i Hafslo (1746-1790).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det einaste me no manglar her, er opphavet til Torsten Iverson på Kjerstein nordre, men om bygdebokskrivar Frøholm for Vang ikkje har finne det, er det vel ikkje so enkelt å komma vidare der...?

 

Dessutan er det ei utfordring å finna ut kvar det vart av dottersonen Anders Andersoon frå Øvste-Æri og kona Ingeleiv?  Dei synest forsvinna frå Lærdal etter 1807...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.