Gå til innhold
Arkivverket

Marie Kvisvik Olsen, fødd i Frei 1842 - fattigunderstøtta enkje i Bergen 1900 - kvar vart ho av? - kva med dotteri Anna Magdalene Olsen, fødd 1877?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet vart første gongen teke opp i januar 2011 som tema #84342 i det gamle brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/169676-84342-kvar-vart-det-av-marie-kvisvik-olsen-1842-19-fraa-frei-til-bergen/?hl=%2Bchristian+%2Bolsen+%2Bbergen+%2B%C3%B8yane), men ingen svar kom inn.  Eg gjentek det opphavlege innlegget her:

 

Marie Andersdotter Kvisvik, fødd på Kvisvik i Frei 26.10.1842, gifte seg i Kristiansund 8.5.1864 (tvilsam dato - sjå første vigsli på denne siden:

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Ministerialbok nr. 572A09 (1855-1865), Ekteviede 1864, side 46.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6415&idx_id=6415&uid=ny&idx_side=-288
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071016620490.jpg

 

med Christian Olsen (Kinserdal) frå Hafslo i Sogn.

 

Christian og Marie flytte til Bergen der Christian døydde 9.1.1889.  I 1891 var Marie Olsen ''vaskekone'' busett på Engen 45 i Bergen, medan ho i 1900 var ''fattigunderstøtta'' busett på Øvre Korskirkeallmenning i Bergen.

 

Dei fekk åtte born i lag; fleire døydde som born, og alle dei andre ser ut til å ha butt i Bergen, unnateke:

 

* Anna Magdalene Olsen (fødd i Bergen 25.9.1877), som budde i lag med mor si i 1891, men som deretter ''forsvinn''!

 

Men kvar vart det av Marie??  Eg finn ho ikkje avlidi i Bergen 1900-1911; eg finn ho ikkje i FT1910, og etter eg har sjekka alle avlidne Marie Olsen i Bergen 1912-1935, finn eg ho ikkje der heller!  Kanskje er det nokon som har betre auge enn eg?

 

PS:  Eg ville òg vera svært takksam for alle opplysningar om lagnaden til dotteri Anna Magdalene!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"

Marie Andersdotter Kvisvik, fødd på Kvisvik i Frei 26.10.1842, gifte seg i Kristiansund 8.5.1864 (tvilsam dato - sjå første vigsli på denne siden:"

 

 

----

 

Ser at det ble lyst til ekteskap 19 nov,6 des og 13 des 1863.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Står det "conf" utenfor Anna Magdalenas navn i fattigmanntallet? Jeg synes også det står at understøttelsen begynte 1.11.92.

Anne Magdalena sin konfirmasjon 1892 (nederst)

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Klokkerbok nr. C 3 (1880-1892), Konfirmerte 1892, side 196.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8354&idx_id=8354&uid=ny&idx_side=-195

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070301650357.jpg

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary, Grethe og Egil for spennande opplysningar!

 

Då veit me etter kvart at Anna Magdalene framleis budde med mor si i 1892, og kan henda lyt me kontakta Bergen byarkiv for fleire opplysningar om mor og dotter?

 

Men det er vel kanskje mogeleg at Anna Magdalena kan vera fari frå Bergen før 1900...  Kvar kan ho i so fall ha teke vegen?

 

Og dersom ho er flytt frå byen, er kanskje ogso mori flytt etter?

 

Eg har ei kjensle av å stå litt i "stampe" når det gjeld denne huslyden, men før eller sidan vonar eg at sanningi om dei vil "dukka opp"!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne utfordringi frå sist haust som framleis står utan resultat.

 

Eg ser av fattigprotokollane at desse folki dels skreiv seg for Breisnes - eit namn som faren Christian Olsen hadde med seg frå Breisnes i Aurland, men eg kan ikkje sjå at nokon av dei nytta Breisnes-namnet ved dødsfall (Marie) eller vigsel (Anna Magdalene).

 

Her er status pr. i dag for dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christian Olson, f. 25.9.1825,

Christian Olson flytte i 1852 til Nordland, men gifte seg i Kristiansund 8.5.1864 med Maria Andersdotter frå Kvisvik i Strømsneset, Frei på Nordmøre.  Ho var dotter av ungkar Anders Nilsson frå Osen og jenta Anna Christiansdotter frå Kvisvik og f. i Frei 26.10.1842.  Christian Olson tok til som matros, men vart sidan jekteskipper og los.  Han og Maria budde ulike stadar i Bergen og på Laksevåg, men Christian d. i Bergen 9.1.1889.  Marie Olsen d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900! - budde 1900 som fattigunderstøtta på Øvre Korskirkealmenningen i Bergen!)

 

Dei fekk åtte born i lag:

a. Olise Amalie, kjend som Elisa Amalie Christiansdotter Olsen, f. i Kristiansund 18.5.1864, d. på eit sjukehus i Bergen 22.5.1929.  Ho gifte seg første gongen i Bergen 16.9.1886 med enkjemannen Ole Nilsson, opphavleg frå Leikvollen under Spilde i Granvin, Ulvik, f. i Ulvik 1.6.1846, i Bergen kjend som Ole Nilsen.  Ole hadde gift seg første gongeni Bergen 17.11.1872 med Ingebrigtine Helene Andrea, kjend som Helene Hansdotter, f. i Bergen 26.9.1846, men ho d. i Bergen 31.3.1884.  Ole Nilsen var maskinist og budde i Bergen, men han og Elisa flytte frå kvarandre alt kring 1895 og vart formelt skilde kring 1901.  Ole flytte kring 1895 i lag og gifte seg tredje gongen hjå byfogden i Bergen 14.2.1903 med enkja Ida Gunelia Petersdotter Nøst, f. Hansen, f. i Trondheim 28.1.1860.  Ole og Ida busette seg på Hasseløen i Haugesund, men Ole d. på eit sjukehus i London, England 24.7.1907.  Ida Nilsen d. på Hasseløen 18.3.1921.  Elisa gifte seg att i Bergen 21.7.1903 med Oliver Nikolai Andersson Olsen frå Bergen, f. i Bergen 10.12.1870.  Han d. i Bergen 1.1.1945.  Oliver var ei tid vognlakkerar, men vart sidan målarmeister i Bergen der han og Elisa budde levetidi ut.  Elisa fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Ole Nilsen hadde fem born frå første ekteskapet sitt og fire frå det tredje, medan Elisa og Oliver tok til seg ei fosterdotter.

b. Christine Marie Christiansdotter Olsen, f. i Bergen 1.9.1866, d. i Bergen 22.3.1895.  Ho var tobakkhandlar og budde i Bergen, ugift.

 

     ¤¤¤¤¤ (kanskje ho hadde born?? – dødsmeldingi: ”gravlagd av fattigvesenet” - sjå kommentar nedanfor!!)

 

c. Maren Ovidia Christiansdotter Olsen, f. i Bergen 7.6.1869, d. i Bergen 16.6.1939.  Ho gifte seg i Bergen 7.4.1888 med Erling Johnson Schei frå Skei i Åre, Tingvoll, f. i Tingvoll 17.2.1858.  Han d. i Bergen 23.2.1923.  Erling Schei flytte til Bergen i 1881 og var militærsersjant og fanejunkar til han fekk arbeid som likningsassistent.  Han og Maren fekk åtte born i lag.

d. Oluf Christian Christianson Olsen, f. i Bergen 15.3.1872, d. på Laksevåg 13.2.1873.

e. Olaf Christian Christianson Olsen. f. på Laksevåg 7.3.1874, d. på Laksevåg 5.7.1874.

f. Olufine Marie Christiansdotter Olsen, f. i Bergen 28.6.1875, d. i Bergen 11.1.1881.

g. Anna Magdalene Christiansdotter Olsen, f. i Bergen 25.9.1877,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1892 – lagnaden hennar?)

 

h. Halfdan Gunerius Gaas Christianson Olsen, kjend som Halfdan Goss-Olsen, f. i Bergen 27.9.1882, d. i Bergen 24.5.1961.  Han gifte seg i Bergen 26.10.1907 med Signe Augustsdotter Næsdahl frå Bergen, f. i Bergen 7.3.1885.  Ho d. i Bergen 10.8.1955.  Halfdan var målar, og han og Sigrid budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld Christine Marie Olsen, har eg ein mistanke om at ho ikkje var heilt «uskuldig» då ho døydde i 1895, og eg har finne to born, som KAN vera hennar:

 

* Jens Birger, fødd 18.4.1887, døypt KK 22.5.1887 - foreldre korporal Jens Hansson Berge f. 1857 (døydde 29.5.1887) og Christine Marie Olsen, f. 1866.  Første leigarmål for båe - foreldri var trulova!  https://media.digitalarkivet.no/view/7124/244

 

* Katharina, fødd 26.12.1891, døypt KK 31.1.1892 - foreldre kontorist Peder Tistel f. 1864 og Christine Marie Olsen, f. 1867.  Første leigarmål for båe!   https://media.digitalarkivet.no/view/7125/72

 

Men særleg er det dødsfallet til Marie Kvisvik Olsen og lagnaden til dotteri Anna Magdalene Olsen som er dei STORE utfordringane, og eg ville verta svært so takknemlig for eitkvart lite tips om kvar desse kan ha vorte av!

 

PS: Eg har i kveld òg sendt eit spørsmål om Marie og dotteri Anna Magdalene til Bergen byarkiv, men eg veit at arkivet deira er vanskeleg tilgjengeleg...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i føremiddag analysert ein database eg har for fødde i Bergen mellom 1894 og 1911, men finn INGEN Anna Magdalene Olsen mellom mødrene, bortsett ifrå ei som gifte seg i Mariakyrkja i 1897 med Alfred Gunnerus Johannessen.  Ho var på om lag same alder som «vår» Anna Magdalene, men hadde andre foreldre...

 

Dette tyder at Anna Magdalene Olsen, dotter av Christian og Marie, IKKJE fekk born i Bergen.  Det kan sjå ut som om Anna Magdalene er flytt frå Bergen, og kanskje er mori flytt etter?  Mori var tross alt berre 58 år gamal i 1900...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så vesle Katharina var sin tantes pleiedatter!

 

Jens Birger döde kort etter dåpen (29 mai 1887).

Jens Berges dödsdato er 18 desember 1886.

Adressen var 13-13 for begge.

Og faddrene hans ser ut til at han var (halv)bror av Katharina! (SAB, Korskirken Sokneprestembete, H/Haa/L0021: Ministerialbok nr. B 7, 1878-1889, s. 243)

Mad. Olise Nilsen, Jfr Ovidia Olsen, Kontorist Erling Johnsen Schei, Korporal Johan (uleslig initial) Tysse (??), Samlagsbetj. Jacob Langvand.

 

Jeg finner ikke Katharina Tistel i FT 1910.... og ikke död eller gift i Bergen. Har jeg blingset eller skjuler hun seg sammen med sin yngste tante og bestemor?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Vibeke for skikkeleg spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg hadde ikkje fått med meg at tanta Elisa (Olisa) hadde vore inne i biletet når det gjaldt søsteri, og at det var dotteri til Christine som var fosterdotter hjå Elisa i 1900 (og sikkert ogso både før og etter...).

 

Men Katharina er ikkje hjå Elisa i 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708006183

 

og ho er heller ikkje nemnd i dødsmeldingi etter Elisa frå 22.5.1929: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27865/328/?size=gigant&mode=0

 

Eit anna interessant faktum er det at Jens Hansson Berge, korporalen som Christine var trulova med, var fødd på ein husmannsplass under garden Berge i Fortun sokn i Luster!

 

Om Katharina kan vera ei lykkjel til lagnadane til bestemori Marie og/eller tanta Anna Magdalene?  Eg veit ikkje, men vil ikkje utelukka noko!  Sikkert er det at Katharine IKKJE er skrivi som avlidi i Bergen mellom 1900 og 1912!  Og eg finn ho ikkje nokon stad i Noreg i 1910!  Kan henda Amerika??

 

Denne huslyden vert berre meir og meir spennande...

 

** Kanskje kan Katharina Tistel finnast som konfirmert i Bergen?  Eller som emigrant frå Bergen?

 

** Eit anna spørsmål: Finst det register over TRULOVA i Bergen frå 1886 der me kan finna trulovingi til Jens Hansson Berge og Christine Marie Olsen?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og held fingrer og tær krossa...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jens Birger döde kort etter dåpen (29 mai 1887).


Jens Berges dödsdato er 18 desember 1886.


 


Jens Birger, 1887 og Jens Berge, 1886:


Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 5 , 1886-1892, oppb: Statsarkivet i Bergen.


Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27887/12/


Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090615341179.jpg


 


Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 5 , 1886-1892, oppb: Statsarkivet i Bergen.


Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27887/2/


Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090615341169.jpg


 


Da folketellingen 1891 ble tatt opp i januar, bodde Christine i Engen 45. Da Katharina ble født og døpt, var adressen Ole Eidesgt. 4. Barnefaren bodde for øvrig i Engen 10. 


Lenke til kommentar
Del på andre sider

Se her:

http://forum.arkivverket.no/topic/169671-84337-doedsmelding-bergen-1945-olsen/

 

Han var født 10. nov. 1870 i følge dødsfallsprotokollen og enkemann etter Elise, død 22. mai 1929. De hadde en pleiedatter Catharina Thistel Bruyere i Frankrike.

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 15 , 1927-1929, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27865/328/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090611350328.jpg

 

Oliver Nikolai døde 1.1.1945:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/15/pa00000000686637

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Katharina var governess i London i 1911

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XWGX-KY5

 

Catharina Tisthell
Kjønn: Kvinne
Født: Ca. 1891
Norway Resident
Bosted: 2 apr 1911
15. Store Street, St Giles in The Fields and St George Bloomsbury, London, England
Alder: 20
Ektskapsstatus: Enslig
Yrke: Governess
Folketelling
Sogn: St Giles in The Fields and St George Bloomsbury Serier: RG14
Registreringsdistrikt: St Giles, St Giles and Bloomsbury Del: 1183
Fylke: London Folketellingsdistrikt: 14
Land: England Familie: 86
Dato: 2 apr 1911 Linje: 7

Husholdning
Slektskap til overhode Navn Alder
Husfar/-mor Leon Curtyor Myriantheus 65
Hustru Mary Jane Cu Myriantheus 53
Tjener Laura Emily Claydon 26
Leieboer Arthur F Martin 72
Leieboer R L Hurst 30
Leieboer Borg Patrickson 20
Leieboer Catharina Tisthell 20
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg må berre bøyga meg i støvet og takka på det hjartelegaste for interessante og spennande innlegg frå Grethe, Randi Elisabeth og Lars J.!

 

Eg hadde ikkje notert meg noko meir om pleiedotteri den gongen spørsmålet var oppe i arkivforum, for eg hadde ingen mistanke om skyldskap, men no er det i alle fall stadfest at Katharina voks opp og at ho tok vegen til London og sidan vidare til Frankrike!

 

Etter dette kan me vel berre slå fast at Katharina ikkje har noko å gjera med lagnaden til korkje bestemori Marie eller tanta Anna Magdalene, med mindre ogso dei fór til London??  Noko utvandring var det jo til England frå Bergen på den tidi, men...?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit skikkeleg overraskande og spennande innlegg!

 

Eg var ikkje klar over at Christine Marie hadde endå eit barn, men her fann eg dåpen hennar der det går fram at ho vart adoptert i 1897: https://media.digitalarkivet.no/view/2021/105

 

Og her er ho i FT1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708072120

 

Men diverre fører heller ikkje Erna oss nærare ei løysing på spørsmålet om lagnadae til Marie Olson og tanta Anna Magdalene...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for siste merknad!  Du har so rett so rett!  Eg var so oppglødd over at eg fann dåpen at eg ikkje las heile merknaden til endes!

 

Me kan med andre ord trygt slå fast, som eg sa tidlegare; heilt «uskuldeg» var nok ikkje denne tobakkhandlersken då ho døydde ugift i 1895 knappe 29 år gamal...

 

MEN, hovudproblemet er framleis ei kjempeutfordring...  Eg har snakka med byarkivet i Bergen, og dei skal ha ein person som er «ekspert» på å finna att slike «fattiglemar», so me får halda fingrer og tær godt krossa...  Eg ser ikkje bort ifrå at mori og kanskje òg dotteri kan ha vore «bortsette» i pleie utanfor Bergen by, ein eller annan stad på «strilelandet»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er det kome til eit visst «gjennombròt» når det gjeld Marie Kvisvik Olsen!

 

Bergen byarkiv har finne opplysningar som syner at Marie under namnet Breidsnæs vart fattigunderstøtta til ho døydde 22.6.1909.

 

Dødsfallet hennar er innført i dødsfallsprotokollen for Bergen:

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/27890/215/?size=gigant&mode=0

 

men sjølv om det ser ut som om ho budde og døydde i Bergen, er ho IKKJE å sjå i dødsfallsregisteret for Bergen 1881-1911!  Kan ho ha vore «bortsett» på slutten og avlidi ein annan stad?

 

Når det so gjeld dotteri Anna, er ho referert i same register som ugift tenestejente med fattigunderstøtte fram til 1899.  Då er ho borte, og Byarkivet finn ikkje noko meir ut om ho!  Tre mogelege forklaringar:

 

** Anten døydde ho på den tidi?

 

** Eller ho gifte seg?

 

** Eller ho flytte bort?

 

Det hadde vore «kjempe» om me hadde greidd å finna svar på dette siste spørsmålet innan denne huslyden, og eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i ettermiddag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan dei siste opplysningane kom frå Byarkivet i Bergen med opplysningar om dødsfallet til Marie Olsen Breisnes.

 

Er det heilt umogeleg å finna att Anna Magdalene (Christiansdotter) Olsen eller Breisnes, fødd i Bergen 25.9.1877, sist nemnd i fattigvesenet sine registre i Bergen i 1899?

 

Ein eller annan stad må ho jo ha gjort av seg...?

 

Eg takkar og bukkar på det djupaste for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Eg vil i dag på årets siste dag gjerne få henta fram att denne utfordrigi som framleis står uløyst:

 

Eg syner særskilt til innlegg #21 og #22 ovanfor og summerer opp her:

 

Anna Magdalene (Christiansdotter) Olsen, dotter av Christian Olsen (Breisnes) og Maria Andersdotter f. Kvisvik, var fødd i Bergen 25.9.1877 og er sist nemnd hjå fattigvesenet i Bergen i 1899.  Ho er då nemnd tenestejente!  Kvar vart det av ho?

 

Som nemnt ovanfor, ser eg tre alternative svar:

 

** Anten døydde ho kring 1899?

 

** Eller ho gifte seg kring 1899?

 

** Eller ho flytte bort kring 1899?

 

Ein eller anna stad må ho ha gjort av seg, og eg takkar nok ein gong for alle gode tips!  Godt nytt år til alle!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står ingenting om hvor denne Anna er født, men hun har samme fødselsdata som den Anna du leter etter.

Denne Anna er hjemme på besøk i 1912.

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000001128325

 

 

Sannsynligvis feil Anna, men måtte bare legge dette inn.

 

Her er en Anna Kristens. Som reiser fra Trondheim:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000181607

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit spennande innlegg!

 

Denne Anna Kristensen som var heime på vitjing i Christiania i 1912, ser so absolutt spennande ut, men kvifor Christiania?  Heile slekti hennar budde i Bergen!  Elles er det vel ikkje so uvanleg at Kristensen og Kristiansen vert «blanda»!

 

Eg finn ei jente i FT1910 for Nassau Co., NY som KAN høva:

 

~~~~~~~~~~

 

Name: Anna Christiansen

Age in 1910: 32

Birth Year: 1878

Birthplace: Norway

Home in 1910: Hempstead, Nassau, New York

Street: Stewart Ave

Race: White

Gender: Female

Relation to Head of House: Servant

Marital Status: Single

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

Native Tongue: English

Occupation: Nurse

Industry: Private Family

Employer, Employee or Other: Wage Earner

Able to read: Yes

Able to Write: Yes

Out of Work: N

Number of Weeks Out of Work: 0

Household Members Name Age

John F Doyle Jr. 40

Evangline N Doyle 37

Anna Christiansen 32 J

osephie Doyle 22

John F Doyle 2d 2

 

~~~~~~~~~~

 

Men er det ho?  Ho var sjukepleiar, og både namn og alder høver «på ein prikk»!  Utvandringsår er ikkje oppgjeve!

 

Er det mogeleg å finna ei anna Anna Kristensen/Kristiansen fødd i Noreg 25.9.1877?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Anna Magdalene!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.