Gå til innhold
Arkivverket

Maria Olsdotter Kinserdal, fødd i Hafslo 1828 - busett i Solund 1865 - busett i Fana 1875 - busett på Dale i Bruvik 1900 - kvar vart det av ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Maria Olsdotter Kinserdal var fødd i Hafslo 26.9.1828 som yngste barn av husmann Ole Sjurson (Breisnes frå Aurland) og Maren Torgersdotter (frå Enebakk?).  Ho vart konfirmert i Hafslo i 1843.

 

Dei fleste søskeni hennar flytte til Nord-Noreg, men broren Christian Olsen (1825-1889) hamna i Bergen, og ein annan bror:

 

* Ole Olson, fødd i Aurland 13.4.1818, vart konfirmert i Hafslo i 1835, men han ser me ikkje noko meir til!  (Lagnaden hans vert teken opp i eit eige tema!)

 

Eg finn att Maria i FT1865 i Solund då ho er tenestejente på garden Hardbakke: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1411&kenr=013&bnr=0009&lnr=000

 

So finn eg ho att i FT1875 i Fana då ho bur i arbeidarbustaden ved Fana Spinneri:  http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1249&kenr=008&bnr=0035&lnr=00

 

Og her er ho i FT1900 som "vaskekone" på Dale fabrikker i Bruvik: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037326002086

 

Eg finn ho ikkje i FT1910, men eg finn ho heller ikkje mellom avlidne i Bruvik fram til 1934 (då ho ville ha vore 105 år gamal!)

 

So spørsmålet er:  Kvar i all verdi kan Maria ha vorti av??  Og skulle nokon ha sett noko til broren Ole Olson, fødd i Aurland i 1818, ville ogso det vera svært so kjærkomme!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for fleire fantastiske innlegg!

 

Det er jo skikkeleg imponerande å sjå kva du greier å grava fram!  Det kan ikkje vera mykje tvil om at det er "vår" Maria som har fått dotteri Hanna Marie, og det ser ut til at dotteri har teke namn etter far sin, kven no enn han kan ha vore...  Ho er òg nemnd i lag med mor si i FT1900, ogso då med dette Lunde-namnet (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037326002087)!

 

Fødestad Os er oppgjeven ved dødsfallet, men ho var då vitterleg fødd i Bergen!?  Kan Halvor Lunde ha vore frå Os?

 

Etter dette sit me att med to spørsmål:

 

* Dato og stad for dødsfallet til Marie Olsen (e. 1910)?

 

* Kven var Halvor Halvorson Lunde, som ho fekk barnet med i 1868?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp so langt og lever i voni om at fleire detaljar vil komma for ein dag...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nye spennande innlegg!

 

Eg kjenner meg ganske so sikker på at du har finne den "rette" Halvor Halvorson Lunde.  Han var frå Lunde på Os, og kan henda har Marie tent der før ho flytte til Fana!

 

Då sit me att med spørsmålet om den endelege lagnaden til Marie Olsen.  Merkeleg at den skal vera so vanskeleg å finna...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Wikipedia: "Dale er ein relativt ny kyrkjestad. Staden vart bygd opp kring tekstilverksemda Dale fabrikker, og fekk kapellkyrkje i 1896. Før det sokna folk til Bruvik kyrkjeOsterøy, men då Vossebanen kom i 1883 vart det greiare å reise til Evanger kyrkje på Voss når det skulle haldast bryllaup eller barnedåp."

 

Så vidt jeg vet, er ikke kirkebøker fra Dale tilgjengelige i Digitalarkivet ennå. Men det kan være en ide å sjekke kirkeboken for Evanger.

 

Hilsen Tore

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore for eit svært so interessant innlegg!

 

Eg har no blatt litt igjennom kyrkjebøkene for Evanger, men eg finn ingen dødsfall som gjeld Dale!

 

Derimot er det mange avlidne på Dale som er registrerte i klokkarboki for Bruvik fram til kring 1911.  So er det slutt!

 

Dette får ogso meg til å tru at det her manglar kyrkjebøker (og klokkarbøker) for Dale sokn i Bruvik frå den tid og utover, og at det er grunnen til at me ikkje finn dødsfallet hennar Marie Olsen Kinserdal!

 

Eg vil ta saki opp som eige tema hjå Statsarkivet i Bergen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan!

 

No oppdaga eg at ein digitalisert utgåve av avlidne i Dale sokn av Bruvik prestegjeld ligg ute hjå Digitalarkivet, og denne tek til i 1912!  Då har me altso forklaringi på at innførslene manglar i kyrkjeboki for Bruvik, som frå den tid ikkje nemner dødsfall på Dale i det heile!

 

Etter dette ser det altso ut til at Marie Olsen (Kinserdal) IKKJE kan vera avlidi på Dale!  So kvar vart det av ho??

 

Ikkje lett, dette, men kanskje einkvan har ein "glup" idé om kvar ein skal leita vidare...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nye spennande innlegg!

 

Eg kjenner meg ganske so sikker på at du har finne den "rette" Halvor Halvorson Lunde.  Han var frå Lunde på Os, og kan henda har Marie tent der før ho flytte til Fana!

 

Då sit me att med spørsmålet om den endelege lagnaden til Marie Olsen.  Merkeleg at den skal vera so vanskeleg å finna...

 

Bygdesoga i Os nemner stutt dette om Halvor/Halvard Halvardsson Lunde frå Lunde i Os f. 1844, son av gardbrukar og fiskar Halvor Nilsson og Unna Nilsdotter: "Halvard f. 1844, kommunearbeidar, busett Bergen".

Slekta hans var stort sett gardbrukarar, eldstebroren Nils Halvardsson overtok farsgarden på Lunde i Os, ein annan bror Torkjell overtok eit anna bruk på Lunde og ein tredje, Ola, var ei tid paktar på Rindedalen under Lyse kloster hovudgard i Os før han flytta til Bergen og vart verksarbeidar på BMV i Solheimsviken, Årstad/ Bergen.

Eg berre nemner dette i tilfelle det kan gjera det lettare å finna att dei etterspurte personane.

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje, Tore og Carsten for dei siste innleggi her.

 

Eg kjenner meg framleis ganske so trygg på at me har finne "rette" barnefaren til Hanna Marie Halvorsdotter Lunde.  Elles synte dødsmeldingi hennar at ervingane hennar var ukjende!

 

Problemet kring dødsfallet hennar Marie Olsen Kinserdal står elles framleis ganske so uløyst, fødd i Hafslo 1828 og busett på Dale i 1910!  Kvar i all verdi kan ho ha vorti av?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje, Tore og Carsten for dei siste innleggi her.

 

Eg kjenner meg framleis ganske so trygg på at me har finne "rette" barnefaren til Hanna Marie Halvorsdotter Lunde.  Elles synte dødsmeldingi hennar at ervingane hennar var ukjende!

 

Problemet kring dødsfallet hennar Marie Olsen Kinserdal står elles framleis ganske so uløyst, fødd i Hafslo 1828 og busett på Dale i 1910!  Kvar i all verdi kan ho ha vorti av?

 

Eg tillét meg å kommentera dette med at "Elles synte dødsmeldingi hennar at ervingane hennar var ukjende!".

Det tyder mest truleg på at søskenborna hennar (i alle fall på farssida i Os) kan hende ikkje var klar over at ho Hanna Marie på Dale i Bruvik eksisterte.

 

For som allereie nemnt hadde ho både farsystre og farbrødre på Lunde i Os og desse reproduserte seg i stor món, eg nemner her desse søskena av Halvor Halvorson Lunde (1844 - 1867) i Bergen:

 

Elisabeth Halvorsdtr. Lunde (1830 - 1901), g. til Nordstraumen i Os, hadde to vaksne søner.

 

Nils Halvorson Lunde (1834 - 1913) på Lunde i Os, fekk fire gutar og fem jenter med kona si.

 

Ola Halvorson Lunde (1837 - 1915), først i Rindedalen under Lysekloster i Os, seinare b. i Solheimsviken i Årstad, hadde to gutar og éi jente som vaks opp.

 

Torkel Halvorson Lunde (1841 - 1913) på Lunde i Os, hadde òg fire døtre som vaks opp.

 

Med andre ord hadde ho minst 18 søskenborn berre i Os, Årstad, Bergen, USA osv..

Så dersom skifteretten hadde vilja det so hadde dei lett funne ervingar etter Hanna Marie, men - det var vel kanskje lite og inkje å skifta etter henne, so då gadd dei vel ikkje bry seg?

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Eg ønskjer i kveld å henta frsm att denne utfordring frå sist haust som framleis står uløyst, samstundes som eg vil nytta høvet til å takka Terje for dei siste kommentarane kring slektstilknyttingi til Os.

 

Siste spor etter Maria Olsdotter Kinserdal har me frå FT1910 på Dale i Bruvik der dotter hennar då òg budde, men eg har ikkje greidd å finna dødsfallet til Maria.  Kan ho vera avlidi i BERGEN?

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden ser pr. i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Maria Olsdotter (Kinserdal), f. i Hafslo 26.9.1828,

Marie Olsen flytte i ung alder til Solund og tente der på garden Hardbakke, men alt i 1868 finn me ho att i Bergen, og i 1870-åri var ho tekstilarbeidar på spinneriet i Fana.  Noko seinare flytte ho til Dale i Bruvik der ho truleg òg var tekstilarbeidar til ho sist på 1890-talet vart reingjeringsassistent.

 

¤¤¤¤¤ (budde framleis på Dale i 1910 – dato og stad for dødsfallet hennar? - ikkje finni avlidi på Dale!)

 

Marie Olsen var ugift, men fekk ei dotter:

a. Hanna Marie Halvorsdotter Lunde, dotter av Marie og tenestedreng Halvor Halvorson Lunde i Bergen (1844-1867), gardbrukarson frå Lunde i Os, var f. i Bergen 9.3.1868 og d. på gamleheimen på Dale i Bruvik 21.5.1936.  Hanna var tekstilarbeidar på Dale i Bruvik der ho budde levetidi ut.  Ho var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg krossar alle fingrer og tær i von om at ein eller annan kan greia løysa denne saki og vil vera for evig takksam for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fra att denne utfordringi som framleis ser ganske so «vonlaus» ut!  Manuskriptet mitt frå innlegg #20 står uendra...

 

Eg finn det so merkeleg at ikkje Maria Olsdotter skal vera avlidi på Dale når einaste dotteri budde der, og står heilt utan nye tips.  Det einaste eg kan tenkja meg, er at Maria på sine gamle dagar er vorti so «skrøpeleg» at ho er vorti «send» på ein eller annan gamleheim eller pleieheim, men kvar?

 

Det hadde vore KJEMPE om nokon greidde å finna dødsfallet til Maria, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...

Eg ønskjer i kveld endå ein gong å henta fram att denne kjempeutfordringi som av ukjende òrsaker skal vera so vanskeleg å finna ei løysing på.  Maria levde framleis i 1910 som 82 år gamal hushaldar hjå den ugifte dotteri på Dale i Bruvik og har her namn etter far til dotteri:

 

Maria Lunde: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1251&kenr=009&bnr=0062&lnr=00

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036695003580

 

Eg har vanskeleg for å tenkja meg at ho kan vera bortflytt frå Dale etter 1910 so lenge (einaste) dotteri budde der, men kvar er dødsfallet hennar?  Sjå elles manuskriptet i innlegg #20 som framleis står uendra...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne gåta!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Harald for siste innlegg!

 

Eg har no sendt ei forespørsle til Vaksdal og vonar på positivt svar.  Eg held fingrer og tær vel krossa...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av biografien om Maria Kinserdal Lunde!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.