Gå til innhold
Arkivverket

Maren Torgersdotter (1788-1850) - frå Enebakk til Hafslo i Sogn - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi vart første gongen teki opp i det gamle Brukarforum i 2002 som tema #7928 (http://forum.arkivverket.no/topic/93882-7928-ole-knutson-og-maren-torgersdotter-gifte-i-eneba/?hl=%2Benebakk+%2B%C3%B8yane), men me vart sitjande att med fleire spørsmål utan svar!

 

Før eg går i detalj på spørsmåli, vil eg gjerne få syna fram siste versjon av manuskriptet mitt for denne huslyden (eg har her berre teke med dei fire eldste borni som Maren fekk, dei to frå første ekteskapet og dei to eldste frå det andre):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Sjurson Breisnæs, opphavleg frå Vinjum i Aurland, var son av strandsitjar og båtbyggjar Sjur Hansson frå Breisnes i Aurland og kona Ingeborg Olsdotter på ein plass under Vinjum og vart døypt i Aurland 29.10.1785.  Han gifte seg i Aurland 5.6.1816 med enkja Maren Torgersdotter, opphavleg frå

 

     ¤¤¤¤¤ (kalla Bøe i 1816)

 

     Ho var dotter av

 

     ¤¤¤¤¤ (namni på foreldri hennar?)

 

     og f.

 

     ¤¤¤¤¤ (1788?)

 

Maren gifte seg første gongen i Enebakk 6.2.1810 med Ole Knutson frå Bøler i Enebakk.  Han var son av husmann Knut Olson i Korsveien under Bøler nordre, opphavleg frå Dammerud under Enebakk prestegard, og kona Ingeborg Christophersdotter frå Stakkerud under Breivik vestre og f. i Enebakk kring 1788. 

 

¤¤¤¤¤ (nøyaktig dåpsdato?)

 

Ole Knutson og Maren tok først over heimeplassen hans i Korsveien under Bøler nordre i Enebakk, men flytte derifrå i 1813 til Dammerud under Enebakk prestegard i Enebakk.  Ole Knutson d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – ikkje finni korkje i Enebakk eller i Aurland!)

 

Ole Sjurson var truleg soldat i

 

¤¤¤¤¤ (svenskekrigen?)

 

men han og Maren flytte attende til Aurland og var husmannsfolk på ein plass under Vinjum fram til 1821.

Ole og Maren flytte i 1821 til Urnes og fekk ein plass i Kinserdalen under garden.  Her vart parfolket buande levetidi ut.  Maren d. i Kinserdalen 3.10.1850, medan Ole Breisnæs d. som legdelem på Urnes 14.5.1865.  Dei fekk seks born i lag, men Maren hadde òg to born frå første ekteskapet sitt:

 1. Anna Olsdotter (1810-1897), vart gift første gongen med husmann Bendik Olson i Botnen 2 i Kinserdalen under Urnes (1802-1838) og sidan attgift med husmann og enkjemann Ole Johannesson, òg i Botnen 2 i Kinserdalen under Urnes (1804-1869).

 2. Christian Olson, f. i Enebakk 17.10.1812, vart gravlagd i Enebakk 11.4.1813.

 3. Ingeborg Marie Olsdotter (1815-1905), vart gift med husmann Nils Johannesson på ein plass under Urnes (1809-1877).

 4. Ole Olson, f. i Aurland 13.4.1818,

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hovudproblemi er følgjande:

 

*** Kven var Maren Torgersdotter?  Ho hadde namnet "Bøe" då ho gifte seg att i Aurland i 1816, og eg trur ho KAN ha høyrt til denne huslyden:

 

Torger Amundson og Anna Erlandsdotter gifte seg i Vestby 18.3.1775 og fekk først fire born i Vestby og deretter tre born i Moss før Maren som åttande og truleg yngste barnet vart døypt i Frogn/Ås:

 

* Anna Marie Torgersdotter, døypt i Vestby 25.5.1775

* Johanna Torgersdotter, døypt i Vestby 9.10.1776

* Anna Torgersdotter, døypt i Vestby 11.7.1779

* Elen Torgersdotter, døypt i Vestby 30.12.1781

* NN Torgerson, døypt i Moss 2.12.1784

* NN Torgerson, døypt i Moss 3.3.1786

* Amund Torgerson, døypt i Moss 14.4.1787

* Maren Torgersdotter, døypt i Frogn, Ås 19.10.1788

 

I januar 2011 skriv Espen Tjernshaugen følgjande:

 

"Skifte etter Torger Amundsen på Hallangen søndre 1790, Follo sorenskriveri, skifteprotokoll nr. 10, folie 66 og 154b.

* Stervboenken Anne Erlandsdatter og barna:

1, eldste datter Johanne Torgersdatter, 12 år.

2, andre datter Anne Torgersdatter, 9 år.

3, tredje datter Ellen Torgersdatter, 7 år og som var vanfør og ”ganske lam i arme og hender” fikk 50 rd fra boet.

4, fjerde datter Maren Torgersdatter, ½ år.

Har notert ved navnet til Maren Torgersdatter: Nore i Rygge, Østfold. Tror skiftet gir nærmere opplysning om den siste opplysningen.ET"

 

Det at eldste dotteri til Maren Torgersdotter vart døypt Anna, kan vera eit indisium på at dette er huslyden me leiter etter, men eg mangar prov!

 

*** Når det so gjeld Ole Knutson, første mann hennar Maren, er det eit stort mysterium kvar det vart av han.  Eg vil gissa på at han fall som soldat i svenskekrigen, men kvar er dødsfallet hans i so fall registrert?

 

*** Til sist hadde det òg vore kjekt å identifisera Ole Sjurson (Breisnes) i ein soldatrulle som syner at han slost i svenskekrigen, men er det mogeleg å finna?

 

Denne utfordringi er sikkert ikkje so enkel å finna ei løysing på, men er det nokon som kan greia det, må det vera brukarane i digtalarkivets brukarforum!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare et lite spørsmål: ved dåpen til Ole i 1818, står det Olsdatter på Maren?

 

Sogn og Fjordane fylke, Aurland, Ministerialbok nr. A 5 (1801-1821), Kronologisk liste 1818, side 121. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8613&idx_id=8613&uid=ny&idx_side=-122
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070320610720.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for interessant kommentar!

 

Jau, det står faktisk Olsdotter på mori Maren, men alle andre kjelder syner Torgersdotter, so eg trur nok me lyt halda oss til det...

 

Eg legg elles merke til at om ein søker på FamilySearch etter gifte Maren Torgersdøttrer i perioden 1805-1825, finn me berre EI EINASTE mellom Christiania og Svinesund, og det er ho som gifte seg i Enebakk i 1810!!  Og sjølv i Chistiania er det berre EI som kan passa so nokolunde, ei Maren Torgersdotter (31), som 11.5.1821 gifte seg i Garnisonskyrkjelyden med Halvor Hansson (28)

 

Eg kan ikkje for det, men eg tykkjer "oddsen" er svært so god for at det er Maren Torgersdotter frå Hallangen i Frogn/Ås som er den "rette" Maren...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har prøvd å se litt på historien til Torger Amundsen her i Vestby og notater jeg har fra diverse lesninger. Historien viser flere eiendomskjøp - og trolig basert på tømmerhandelen.

 

Faren, Amund Torgersen eide Snallum (del av dagens Tørfest) i Vestby fra 1749 og til 1773. Det året kjøpte han nordre Kalfjøs (i Vestby) - og døde samme år. Enken satt med gården til Torger tok over i 1776.  Kalfjøs hadde han fram til 1780 da han tok tilbake Snallum (på odel?).

 

I 1783 kjøpte han Nore - angitt i Rygge, men ligger vel i nåværende Moss - like ved Mosseporten. Videre kjøpt han søndre Hallangen i Frogn 1786.

Torger død i 1788.

Enken Anna Erlandsdtr solgte Snallum i 1789. Giftet seg igjen samme år (15.8.) med Simon Hansen fra Råde, og paret bor med hennes og felles barn på Nohre i 1801.

 

Det var min korte oppsummering, og som du ser kommer jeg ikke nærmere å dokumentere om Maren i Enebakk kommer fra Vestby-familien.

Men det er vel en mulighet å sjekke om Maren i Rygge/Moss har en videre historie der? Om så er, faller vel hypotesen om at hun giftet seg til en husmannsplass i Enebakk. Underforstått leses det vel at jeg er noe i tvil. Og Torger/Torgeir/Torjer er vel ikke veldig sjeldent navn på disse kanter?

 

Mvh Jarleif Nordheim, Vestby

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarleif og Anne for nye spennande innlegg om Maren Torgersdotter.

 

Eg greier ikkje å opna denne boki frå Rygge sidan eg sit i utlandet, men på FamilySearch finn eg at:

 

Anders Nilsson og Maren Torgersdotter får to born i Rygge:

 

* Anne Maria, fødd 28.7.1811 og døypt i Rygge 4.8.1811

 

* Nils, fødd 17.9.1813 og døypt i Rygge 26.9.1813

 

Den originale kyrkjeboki syner at borni var fødde på Børsebakke i Rygge, og mellom fadrane til den eldste var både Anne Torgersdotter og Elen Torgersdotter, og huslyden hadde tydeleg tilknytting til garden Nore!  Maren Torgersdotter frå Hallangen i Frogn fødd i 1788 hadde to søstrer med nettopp namni Anne og Elen!

 

Eg finn ikkje noko ekteskap mellom Anders Nilsson og Maren Torgersdotter, men på bakgrunn av dei nemnde funni er eg overtydd om at eg er på "villspor" når det gjeld opphavet til den Maren Torgersdotter som hamna i Sogn!

 

So, då er det "back to square #1"!

 

Kven kan so Maren Torgersdotter, gift første gongen i Enebakk i 1810 med Ole Knutson Bøler, ha vore?

 

Eg har søkt litt meir på FamilySearch og finn følgjande:

 

A. Akershus:

 

* Mari Torgersdotter Holtop, døypt i Enebakk 9.10.1791

 

* Maria Torgersdotter, døypt i Ås 19.10.1794, far Torger Hansson

 

* Maren Maria Torgersdotter, døypt i Ås 7.2.1790, far Torger Hansson - budde 1801 på Drøbak i Ås med foreldri Torger Hansson og Mari Christensdotter - då kalla Mari

 

* Mari Torgersdotter, døypt i Kråkstad 4.12.1785, foreldri Torger Olson og Anna Bentsdotter - nemnd 1801 som Maren Thorgersdotter på Solberg i Ås, dotter av Anna Bentsdotter i andre ektesjkap med husmann Lars Ingebrigtson!

 

B. Austfold:

 

* Mari Torgersdotter, døypt i Trøgstad 26.3.1786, foreldri Torger Hansson og Ingrid Johannesdotter - ser ut til å bu 1801 på Rud i Trøgstad med far og stemor

 

* Maria Torgersdotter, døypt i Trøgstad 5.4.1790, foreldri Torger Trondson og Kirstine Christophersdotter - budde 1801 på Havnaas i Trøgstad med far og stemor Anna Pedersdotter

 

* Mari Torgersdotter, døypt i Trøgstad 28.8.1791, foreldri Torger Svendson og Anna Jensdotter

 

* Maren Torgersdotter, 10 år, bur i 1801 hjå faren Torger Hansson i Moss i andre ekteskap med Kari Henriksdotter, som IKKJE var mor til Maren

 

Yngste barnet til "vår" Maren Torgersdotter var født i 1828.  Kan ei av desse vera jenta me leiter etter?  Eg mistenker mor hennar for å ha heitt ANNA, og me har i alle fall TO kandidatar som dette kan høva for!

 

Den mest interessante av desse er truleg Maren Torgersdotter fødd i Kråkstad 1785 og busett i Ås 1801 - kyrkjeboki syner ho var fødd på Fosspladsen:

 

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Kråkstad, Ministerialbok nr. I 1 (1736-1785), Fødte og døpte 1785, side 110.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7555&idx_id=7555&uid=ny&idx_side=-110
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061026050277.jpg

 

Eg vonar kanskje nokon kan hjelpa meg vidare med desse alternativi og kanskje sørleg denne siste?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er visst ikke enkelt å påvise noen sammenhenger her, men jeg prøver å nøste i noen tråder vedr din siste favoritt Lars, Mari Torgersdtr f i Kråkstad 1785. Du har funnet henne (sannsynlig) som Mari Thorgersdtr  på Solberg i Ås ved FT 1801 sammen med mor og stefar Lars Ingebrigtson.

 

Ås bygdebok forteller at Lars Engebretsen ca 1800 bodde på Tamburbakken under Solberg. Han ble gift 1799 med Anne Bentsdtr - enken etter Torger Olsen som hadde brukt østre Solberg fram til sin død 1797. Altså samme personer.

 

Jeg antar Maren Torjersdtr Askjem - som ble konfirmert i Ås 17 år gammel i 1803, er en god kandidat til Mari's videre liv her.

 

Jeg ser også at da Mari døpes i 1785, så er flere faddere fra Nesodden.

Videre ser jeg at da Maren T og 1. mann Ole Knudson får sin datter Anna 3.6.1810, er en fadder angitt som Wilhelm Krogstad. Er da Krogstad et sted i Enebakk, eller peker det tilbake til Marens mulige fødested i Kråkstad?

 

Ja, det var forsøk på å komme litt videre her!

 

Mvh Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarleif for nytt spennande innlegg!

 

Det høyrest ut som om lagnaden til denne Maren Torgersdotter frå Solberg i Ås er ganske so ukjend.  Eller har bygdeboki for Ås noko om ho i det heile?

 

Mor hennar heitte Anna, og alderen er ikkje so "hakkande gale"...

 

Eg ventar spent og lever i voni om at nokon greier finna fleire opplysningar om denne Maren...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvordan er mulighetene for å finne soldatlister fra 1814 og deromkring? Fant litt ved en tilfeldighet en soldat Nr 84 Ole Knutsen gravlagt i Vinger 14. august 1814. Noen som har kjennskap til slike?

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9131&idx_id=9131&uid=ny&idx_side=-102

 

Mvh Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarleif for eit skikkeleg spennande innlegg!

 

Tidspunktet for dette dødsfallet på Kongsvinger sjukehus passar svært so godt med "vår" Ole Knutson, men det hadde jo vore kjekt om me kunne finne skiløperbataljonen 3dje divisjon for sikkert å kunna identifisera denne soldaten...!

 

Kanskje katalogen over militærarkivet hjå Riksarkivet kan hjelpa oss på veg?

 

Er det nokon som sit inne med ekspertise på å finna fram i dette materialet?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit ikkje om det har noko å seia for dsette problemet, men då eldste dotteri hennar Maren Torgersdotter, Anna Olsdotter, fødd i Enebakk i 1810, døydde i Målselv 28.1.1897, er ho kalla for ANNA KRISTINE!

 

Kildeinformasjon: Troms fylke, Målselv i Målselv, Ministerialbok nr. 7 (1884-1903), Døde og begravede 1897, side 302.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3732&idx_id=3732&uid=ny&idx_side=-260
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060428020260.jpg

 

Ho var i alle fall ikkje døypt med dette namnet, men ho kan jo ha hatt det "i bakhand"!?  Kanskje endå ei oppkalling?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne saki som tross inngåande drøftingar, både i nærverande emne og i eit anna emne: https://forum.arkivverket.no/topic/192247-ole-knutson-og-maren-torgersdotter-vigde-i-enebakk-1810-maren-sidan-attgift-i-aurland-og-flytt-til-urnes-i-hafslo-opphavi-deira/?tab=comments#comment-1626594

framleis står utan «endeleg konklusjon» med omsyn til Maren Torgersdotter og opphavet hennar.

 

Her følgjer eit utsnitt av det siste oppdaterte manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Sjurson Breisnæs, opphavleg frå Vinjum i Aurland, var son av strandsitjar og båtbyggjar Sjur Hansson frå Breisnes i Aurland og kona Ingeborg Olsdotter på ein plass under Vinjum og vart døypt i Aurland 29.10.1785.  Han gifte seg i Aurland 5.6.1816 med enkja Maren Torgersdotter, opphavleg frå

 

 

     ¤¤¤¤¤ (kalla Bøe i 1816)

 

 

     Ho var dotter av

 

 

     ¤¤¤¤¤ (namni på foreldri hennar?)

 

 

     og f.

 

 

     ¤¤¤¤¤ (1788?)

 

 

Maren gifte seg første gongen i Enebakk 6.2.1810 med Ole Knutson frå Bøler i Enebakk.  Han var son av husmann Knut Olson i Korsveien under Bøler nordre, opphavleg frå Dammerud under Enebakk prestegard, og kona Ingeborg Christophersdotter frå Stakkerud under Breivik vestre og f. i Enebakk kring 1788. 

 

 

¤¤¤¤¤ (nøyaktig dåpsdato?)

 

 

Ole Knutson og Maren tok først over heimeplassen hans i Korsveien under Bøler nordre i Enebakk, men flytte derifrå i 1813 til Dammerud under Enebakk prestegard i Enebakk.  Ole Knutson d.

 

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – ikkje funnen korkje i Enebakk eller i Aurland! – kan henda av skiløperbataljonen 3dje divisjon og d. på sjukehuset på Kongsvinger 11.8.1814?)

 

 

Ole Sjurson var truleg soldat i krigen mot svenskene, men han og Maren flytte attende til Aurland og var husmannsfolk på ein plass under Vinjum fram til 1821.

Ole og Maren flytte i 1821 til Urnes og fekk ein plass i Kinserdalen.  Her vart parfolket buande levetidi ut.  Maren d. i Kinserdalen 3.10.1850, medan Ole Breisnæs d. som legdelem på Urnes 14.5.1865.  Dei fekk seks born i lag, men Maren hadde òg to born frå første ekteskapet sitt:

 1. Anna Olsdotter (1810-1897), vart gift første gongen med husmann Bendik Olson i Botnen 2 i Kinserdalen under Urnes (1802-1838) og sidan attgift med husmann og enkjemann Ole Johannesson, òg i Botnen 2 i Kinserdalen under Urnes (1804-1869).

 2. Christian Olson, f. i Enebakk 17.10.1812, vart gravlagd i Enebakk 11.4.1813.

 3. Ingeborg Marie Olsdotter (1815-1905), vart gift med husmann Nils Johannesson på ein plass under Urnes (1809-1877).

 4. Ole Olson, f. i Aurland 13.4.1818, d. ugift i Kinserdalen 19.3.1842.

 5. Kirstina Olsdotter, f. 20.1.1823, {gift og d. i Tysfjord, Lødingen 18.11.1860}

 6. Maria Olsdotter (1824-1824).

 7. Christian Olson, f. 25.9.1825, {gift og d. i Bergen 9.1.1889}

 8. Maria Olsdotter, f. 26.9.1828, {ugift og busett Dale i Bruvik 1910}

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore kjempeflott om opphavet til Maren Torgersdotter kunne komma på plass, og eg takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om Bøe-navnet: Slik jeg forstår det har Maren brukt Bøe-navn i 1816? Men i hvilken sammenheng?

jeg har søkt gjennom Enebakk-historien, men ikke funnet noe Bø- bruk eller -plass der.

Kan det være at Bøler-navnet er feilskrevet/forkortet? 

 

Kan være greit ev å få ryddet dette forholdet av veien.

 

mvh Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarleif for siste innlegget!

 

Det er ved vigsli hennar i Aurland 5.6.1816 at enkja Maren Torgersdotter er kalla for BØE: https://media.digitalarkivet.no/view/8613/148

 

So vidt eg kjenner til, finst det ikkje nokon gard eller husmannsplass i Aurland med namnet Bøe, so dette namnet må ho ha hatt med seg frå Austlandet!  Og som du, Jarleif seier; me skal vel ikkje sjå heilt bort ifrå at det KAN vera ei avstutting av Bøler.  Kanskje presten har oppfatta namnet hennar som Bøe i staden for Bøler, særleg om ho nytta den «austnorske» uttaleformi av «l» midt i eit ord... (er det dette dei «språklærde» kallar for «palatinisering»?)

 

Elles må eg tilstå, eg heller ganske sterkt imot at «vår» Maren Torgersdotter mest sannsynleg må vera ho som er omskrivi i innlegg #7 og #8 over som fødd i Kråkstad i 1785 og oppvaksi på Solberg austre i Ås, men so var det å finna det endelege provet på dette...!?

 

Har forresten bygdeboki for Ås opplysningar om opphavi til Torger Olson og Anna Bentsdotter?  Då dei gifte seg i Kråkstad i 1775, står ingen gardsnamn på nokon av dei, berre at forlovarane var frå Bogerpladsen og Skjegstad: https://media.digitalarkivet.no/view/7555/90

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ås-boka og Torger Olsen/Anne Bentsdtr: Det sies kun at Torger - som hadde brukt Østre Solberg - døde i 1797, og at kona giftet seg igjen i 1799 i Tamburbakken (også den under Solberg).

 

Det kan jo være noe skiftemateriale vedr Torger?

 

Vh Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skiftet etter Torger 6.2.1798 er her https://media.digitalarkivet.no/view/23849/531 men gir vel ikke så mange opplysninger, han var gift med Anne Bentsdatter og hadde barna Kirstine 22 år, Maren 12 år og Baltzar 6 år (Baltzer Torgersen Faale(?) ble konfirmert i Ås 1808, 16 år). Enken var for øvrig utsagt fra bruket til første flyttetid.

 

Husmannskone Anne Bentsdatter f. ca. 1755 dør på Dammen under Ubberud i Enebakk 19.11.1832 https://media.digitalarkivet.no/view/7569/150 I 1801 var det ingen Anne Bentsdatter i Enebakk, så hun er innflyttet til Enebakk etter 1801. Den Anne Bentsdatter som var gift med Torger Olsen Solberg og seinere med Lars Engebretsen var 46 år i 1801, alderen passer med hun som dør i Enebakk. Og så lurer jeg på, er dette mor til Maren Torgersdatter som har blitt med Maren til Enebakk? Anne Bentsdatter er nevnt i Enebakk bygdebok under Ubberud, men uten flere opplysninger om henne. Og det er ikke skifte etter henne. Men jeg finner ingen Lars Engebretsen som er død  i Enebakk 1801-1850.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke mye nytt her, men jeg sjekket ut dødsfallet til Torger Olsen på Solberg.

Det er nok han som begraves fra Nordby Kirke i Ås 26.12.1797. Ingen angivelse av bosted.

 

Men noen er kanskje kreativ nok til å finne nye innfallsvinkler i saken?

 

Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarleif og Terje for nye interessante innlegg!

 

Eg er etter kvart ganske so overtydd om at me har finne den «rette» Maren Torgersdotter og at ho er dotter av Torger Olson og Anna Berntsdotter.  Det faktum at Anna Berntsdotter synest hamna i Enebakk der me veit Maren budde ei tid før ho flytte til Vestlandet, talar klart i «vår» favør...

 

Men eg må samstundes tilstå at eg er ganske so skuffa over kvaliteten på bygdeboki for Ås som seier so lite om opphavi og mogelege lagnadar til bygdi sine medborgarar!  Rett nok ligg ikkje kjeldene for dette alltid «oppi dagen», men gjennom «analyse» av til dømes kyrkjebøker, skifteprotokollar og tingbøker burde det etter mitt syn vera mogeleg å koma i alle fall eit stykke på veg, eller...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne gåta om opphavet til Maren Torgersdotter!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.