Gå til innhold
Arkivverket

Ranveig Thomasdotter Aasen (1896-1985) - barneheimsstyrar i Drammen eller Svelvik? - biografi/opplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ranveig Thomasdotter Aasen, fødd i Hafslo i Sogn 10.2.1896, reiste i ung alder austafjells og var i 1936 busett i Drammen.  Ho skal sidan ha busett seg i Nesbygda i Svelvik, og der skal ho vera avlidi 20.12.1985, ugift.

 

Slekti fortel at Ranveig skal ha drive ein barneheim anten i Drammen eller i Svelvik, men ingen er i dag i stand til å fortelja noko meir om dette.

 

** Kanskje finst det noko skrive om Ranveig i lokal presse, lokalhistoriske årbøker eller liknande?

 

** Kanskje finst det ei dødsannonse som kan fortelja litt meir?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det sto eit lite stykke i Aftenposten 10. februar 1966 i samband med 80-årsdagen til Ranveig Aasen, sjå vedlegg.

Det var naturlegvis 70-årsdagen ...

Aftenposten på 60 og 70 års-dagen

post-3741-0-93090700-1448540978_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Linda, Eli og Sven for interessante opplysningar som fyller det meste av kva eg treng om Ranveig Aasen i bygdeboki vår.

 

Det einaste eg kanskje kunne ønskt meg i tillegg, er opplysning om nøyaktig kvar ho døydde?  Kanskje finst det ei dødsannonse i Drammens Tidende?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På Dis-Norge gravminner står Ranveig Aasen oppført med bosted Nesbygda, gravsted Svelvik. Det er foto av gravsteinen der. Men nøyaktig hvor hun døde...si det...

 

Navn Ranveig Aasen

Bosted Nesbygda

Født dato 1002 1896

Død dato 2012 1985

Begravet dato 2312 1985

Felt V

Rad 11

Gravnr 8

Gravplass Svelvik

Fylke/Kommune Vestfold/Svelvik

 

Mvh

Linda

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Linda for siste innlegget om dette emnet.

 

Eg har i mellomtidi fått greie på at Ranveig døydde på sjukeheimen i Svelvik, og her er biografien hennar i komplett form:

 

~~~~~~~~~~~

 

Ranveig Thomasdotter Aasen, f. {i Hafslo} 10.2.1896,

Ranveig Aasen flytte i ung alder til Christiania (Oslo) der ho tok utdanning som sjukepleiar.  I 1934 kjøpte søsteri Signe eit bruk på Nordby i Svelvik der ho i lag med Ranveig bygde opp ein heim for psykisk utviklingshemma born.  Denne heimen dreiv Ranveig til sist på 1960-talet.  Ho var ugift og d. på sjukeheimen i Svelvik 20.12.1985.

 

~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.