Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Bernt Johan Nicolaisen - død i Vågan mellom 1900 og 1904 - kvar er dette dødsfallet? - kvar vart det av enkja Martha?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Bernt Johan Nicolaisen, fødd i Svolvær, Vågan 9.5.1845, var i 1900 busett som fattigunderstøtta sjauararbeidar på Festvåg i Vågan.  Kona Martha Jensdotter var fødd på Dal nedre i Borge 26.2.1848.

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037540000169

 

Som enkje gifte Martha Jensditter seg att i Vågan 18.9.1904 med enkjemannen Peder Torbjørnsen frå Urnes i Hafslo (1828-1907)

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A06 (1899-1907), Ekteviede 1904, side 219.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2867&idx_id=2867&uid=ny&idx_side=-219
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317020892.jpg

 

Peder Torbjørnsen døydde som "gift mann" i Svolvær 28.1.1907.

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A06 (1899-1907), Døde og begravede 1907, side 284.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2867&idx_id=2867&uid=ny&idx_side=-275
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317020948.jpg

 

Eg har to utfordringar her:  Eg er ikkje i stand til å finna:

 

** Dato og stad for dødsfallet til Bernt Johan Nicolaisen i Vågan (1900-1904)?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Martha Jensdotter i Vågan (etter 1907)?  (Eg finn ho heller ikkje i FT1910 for Nordland fylke!)

 

Kanskje er eg blind vorten?

 

Huslyden til Peder Torbjørnsen var oppe til drøfting i tema #84454 i det gamle brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/169788-84454-peder-torbjoernson-fraa-urnes-i-hafslo-1828-1907-gift-3x-i-svolvcr-huslyden/?hl=%2Bpeder+%2Btorbj%C3%B8rnson+%2Bv%C3%A5gan) og kjem att i eit nytt tema i dag!

 

Eg takkar i alle fall so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for svært interessante opplysningar!

 

Det undrar meg at Martha kalla seg Pedersen og at ho var snikkarenkje då ho døydde, men det er ingen tvil om at det er ho!  Pedersen-namnet kjem truleg av Peder Torbjørnsen(?)

 

Soleis er andre delen av problemet mitt løyst!

 

Men kvar i all verdi kan dødsfallet til Bernt Johan Nicolaisen vera registrert?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dette har kanskje fra før, Lars, men legger det inn: datteren til Bernt og Martha, Johanna Petrikke, ble konfirmert i 1904 - nr. 23 - 52:

 

Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A06 (1899-1907), Konfirmerte 1904, side 167. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2867&idx_id=2867&idx_listetype=kf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-32
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317020840.jpg

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

http://forum.arkivverket.no/topic/160804-75459-bernt-nikolaisen-valberg-og-i-1900-festvaag-i-vaagan/

 

http://forum.arkivverket.no/topic/161614-76271-nikolai-larsen-bosatt-i-vaagan-og-valberg-mellom-1844-og-1851/?hl=%2Bbernt+%2Bnikolaisen#entry1379425

 

Her står det at Bernt Nicolaisen døde i 1902 og ble gravlagt 28 apr 1902 i Valberg kirkegård, Vestvågøy.

Men hvor finnes dødsfallet innført?

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for nye spennande innlegg!

 

Dette spørsmålet om dødsfallet til Bernt Johan Nicolaisen er verkeleg frustrerande!  Om han døydde i Valberg, skulle dødsfallet vore innført i kyrkjeboki for Valberg sokn i Borge, men der finst det jo ikkje.

 

Kanskje Steinar Olsen har finne ut av dette sidan emnet hans var oppe i 2010?  Om eg finn kontaktdata for han, vil eg senda han ei melding...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.