Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Arne Laberg (1889-1970) - Bergen - Amerika - Nittedal - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Overlærar og bygdebokskrivar Jon Laberg i Bergen hadde mellom anna denne sonen:

 

Arne J. LABERG, fødd i Bergen 2.9.1889.  Han reiste ute som sjømann frå kring 1905 og i alle fall til hausten 1910 då han utvandra til Moorhead, MN

 

Eg finn ikkje noko meir om Arne i amerikanske kjelder, men då far hans døydde i Bergen i 1948, var Arne busett på Slattum i Nittedal.  Der budde han òg i 1968, og han ligg gravlagd på kyrkjegarden i Nittedal.  Støtta syner:

 

Arne Laberg - fødd 2.9.1889 - døydde 28.3.1970

Magnhild Laberg - fødd 10.1.1904 - døydde 17.9.1984

 

Eg mistenker Magnhild for å vera fødd i Romedal som dotter av Julius Embretsen i Skjælsethagen...(?)

 

Er det mogeleg, til dømes med hjelp av Aftenposten, å finna fleire opplysningar om denne huslyden - som til dømes:

 

** Dato og stad for vigsli til Arne og Magnhild?

 

** Identifikasjon av Magnhild?

 

** Dødsstadene deira?

 

** Kva yrke hadde dei?

 

** Kor mange born fekk dei?

 

** Kanskje dødsannonsene deira kan finnast?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for direkte melding som hjelpte meg komma i kontakt med slekti etter Arne Laberg, og eg har gjennom denne kontakten fått svar på det alle meste.

 

MEN, eit par detaljar står framleis uløyste:

 

* Arne Laberg skal ha vore busett i Amerika (Alaska?) like fram til kring 1930.  Det vert fortalt at han var "cowboy" i Alaska, men so var det å finna ei stadfesting av dette?

 

* Han kom heimatt kring 1930 og var då ei tid gardsarbeidar på Risløkka i Aker.  Der skal han ha gift seg 10.11.1933 med Magnhild Juliussen, fødd i Romedal 10.1.1904.  Eg har leitt etter denne vigsli både i Gamle Aker og i Vestre Aker, men greier ikkje finna ho, d.v.s. eg finn ikkje noki lysing i noko av desse kyrkjelydene.  Kanskje leiter eg på feil stad?

 

* Elles har eg fått vita at Arne Laberg under krigen arbeidde som vaktmann ved ein fabrikk i Oslo.  Denne fabrikken vart bomba kort før krigen var slutt, og Arne låg i ruinane i to døger før dei fann han att!  Dette har det kanskje vore skrive om i Aftenposten?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ragnhild for interessant innlegg!

 

Eg stussa litt på vigselsstaden, men det ser for meg ut som om sorenskrivarkontoret på Nedre Romerike alt den gongen låg på Lillestrøm(?).  Eller tek eg feil?

 

Eg ser elles at Arne er omskriven som sjømann, so kan henda har han vore meir sjømann enn "cowboy" den tidi han var borte frå Noreg...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Morten Laberg

Hei ! Er redd jeg ikke kan hjelpe deg med informasjon ,men er litt nyskjerrig på familienavnet Laberg .. Selv er jeg sønn av Jon Laberg . Jeg er født på Aker sykehus 1958 og vokst opp i Nittedal. Flere i min familie er begravet på Nittedal kirke.  Lurer bare på hvor langt tilbake i tid en finner dette navnet knyttet til min familie . Dette er ikke av stor viktighet ,men kunne være artig om en kommer helt til 1600 tallet . Med vennlig hilsen Morten Laberg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Morten for nytt innlegg!

 

Manuskriptet mitt for Laberg-ætti er etter kvart vorte ganske so komplett, so om du ikkje har fleire detaljar, er ikkje det so farleg...

 

Når det gjeld namnet Laberg, so var det ein gamal husmannsplass under garden Urnes i Hafslo som hadde dette namnet, og då ein av sønene frå eitt av bruki på Urnes, John Arneson Laberg (1801-1866), gifte seg i 1831, slo han seg ned på denne plassen Laberg som låg nær Lustrafjorden.  Sidan flytte han husi til ein stad høgre opp på garden, og denne bustaden fekk då namnet Laberg.  Denne John Arneson Laberg, som altso var den første av ætti di som nytta Laberg-namnet, var bestefar til overlærar Jon A. Laberg (1859-1948) som igjen var bestefar til far din, men forfedrane dine kan lett sporast attende til 1600-talet...

 

Eg vonar dette gjev deg svar på spørsmålet ditt...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JJV8-9ZH

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-C9T3-TQ3H-L?i=302&cc=1368704

 

Arne Laberg

New York Passenger Arrival Lists (Ellis Island)
Name Arne Laberg
Event Type Immigration
Event Date 02 Sep 1910
Event Place Ellis Island, New York City, New York, United States
Residence Place Bergen, Norway
Gender Male
Age 21
Marital Status Single
Nationality Norway, Scandinavian
Birth Year 1889
Departure Port Liverpool
Ship Name Lusitania
Additional Name J Laberg
Departure Contact Name Relationship Fath
Arrival Contact Name Rm L Walaker
Page Number 146
Affiliate Line Number 0007

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for interessante opplysningar om «sjømannslivet» til Arne Laberg før han utvandra til Amerika.

 

Verre vert det nok å finna detaljaopplysningar om livet hans i Amerika...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.