Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Ludvig Tvedt (1890-1964) og Helga f. Ytrefjord (1895-1972) - busette i Stavanger - opplysningar om dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

På Eiganes kyrkjegard i Stavanger ligg dette parfolket gravlagt:

 

Ludvig TVEDT, fødd 4.11.1890, døydde 22.12.1964

 

Helga TVEDT, f. Ytrefjord, fødd 30.6.1895, døydde 27.1.1972

 

Ludvig skal vera fødd i Alversund, og eg ser ein matros Ludvig Tvedt som i 1921 utvandra til Amerika frå Stavanger, fødd i Alversund i 1897, men det er truleg ein annan...  Helga var fødd i Balestrand.

 

Ludvig skal ha vore børsemakar i Stavanger.  Eg kjenner ikkje til born etter dei.

 

Kan nokon med kjeldekunnskap i Stavanger hjelpa meg finna følgjande:

 

** Identifikasjon av Ludvig Tvedt?

 

** Dato og stad for vigsli til Ludvig og Helga?

 

** Dødsstadene deira?

 

** Talet på søner og døtrer som dei fekk?  Eventuelt dødsannonser?

 

Helga var søskenbarn til Christen og Eyvinn Laberg!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pedersgata nr. 090
Kategori: Hus Publisert 06. august 2015 Treff: 341

Pedersgata 90

 

 

1920

Ludvig A. Tvedt, f. 4-11-1890, Alværsund  ( Sportsforretning) bøssemaker, død 22-12-1964, 74 år gammel

Helga Ytrefjord, f. 30-6-1895, Balestrand, død 1-2-1972, 77 år gammel

Johanne, f. 13-1-1919, Bergen, g. m. Kristian Haaland

Herman Andreas, f. 23-4-1921, g. m. Ruth

   Alfred, f. 2-10-1900, Alværsund, børsemakerlærling

Lev H. Tvedt

http://pedersgaten.org/index.php/hustilhus/342-pedersgata-nr-090

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ludvig Andreassen Tvedt f 4/11-90,døpt 25/12-90,ble konfirmert i Alversund i 1905.

 

Alversund Ministerial 1897-1926.

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050725020079.jpg

 

Telling 1910

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1257&kenr=011&bnr=0031&lnr=00

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Norges håndverkere 1938:

 

Ludvig Tvedt, bøssemakermester, aut. våben- og amminisjonsforhandler, Stavanger, f. 4-11-1890 i Alversund. Foreldre: Garver og gårdbruker Andreas Skare Tvedt og Maria Alver. Læretid 4 år hos Joseph A. Grindstad i Bergen, tekn. aftenskole s.s., i marinens minevesen 5 år til 1920, startet forr. (våben-, sykkel- og sportsforr. med bøssemaker- og sykkelverksted) i Stavanger 15. mars 1932, sv.pr., håndv.- og hdl.brev. Medl. av Stavanger Håndverk- og Industriforening.

 

Gift 1918 med Helga Ytrefjord. Foreldre: Herman Ytrefjord og Johanna Sjøtun. 1 sønn. 1 datter. - Medl. av Stavanger Skytterlag flere år, i styrey 10 år, nu revisor i Rogalands Skyttersamling. Mange skyttermedaljer og premier.

 

Vielsen i DK Bergen 16-3-1918

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=272&idx_id=272&uid=ny&idx_side=-142
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050425020142.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg, Ann-Mary og Carsten for nyttige og spennande opplysningar!

 

So vidt eg kan sjå, har eg fått svar på alle spørsmåli mine, bortsett ofrå at det synest vera "strid" om talet på born!?  Biografien frå 1938 seier Ludvig og Helga hadde ein son og ei dotter, men dødsannonsa hans frå 1964 seier klart at dei hadde TO søner og ei dotter...  "Rapporten" frå Pedersgata 90 nemner òg tre born, men med broren Alfred Tvedt imellom dei to første og det siste!  Litt underleg...

 

Ein ny stor takk for kjempegod hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for siste kommentar!

 

Eg har vore inne på same tanken når det gjeld Leiv, men i dødsannonsa står det ei eiga linje med barnebarn, so kvifor skulle Leiv då vera nemnd særskild under borni?

 

Eg ser no at ein Leiv Harald Tvedt er busett i Stavanger i 2001 (jmf. sagat skattelister) med fødeår 1938.  Han KAN soleis likevel vera son av Ludvig og Helga.  Helga var i 1938 43 år gamal!  Sidan biografien var skriven i 1938, var ikkje Leiv Harald enno fødd!?  Og det ville vel ikkje vera so urimeleg at Ludvig og Helga då kalla opp seg sjølve?  Personleg vart eg, då eg vart fødd som einaste son av foreldri mine, oppkalla etter dei båe, Lars og Else, med namnet Lars Erik...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jau, og sjølv om me manglar ei stadfesting av at Helga døydde i Stavanger, trur eg me kan seia at dette problemet no er heilt løyst!

 

Eg takkar på ny for all hjelpi eg har fått med denne huslyden!

 

PS: Eg har no hatt kontakt med denne ætti og fått stadfest at Helga døydde i Stavanger, og dei hadde TRE born!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.