Gå til innhold
Arkivverket

Paul Sigvard Sæther (1852-1944) og kona Euphrosine (1844- ) - Trondheim - Tana - ?Namsos - Minnesota - kva tid utvandra dei? - kva med borni?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Får ikke sett navnet hennes og dødsdatoen hvis man ikke er innlogget på FS.

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Får ikke sett navnet hennes og dødsdatoen hvis man ikke er innlogget på FS.

Det står at Afrosine Sæther (f.Aastrøm) døde 21. januar 1923 i Norge. Ingen steder oppgitt.

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Ann-Mary for nye interessante innlegg!

 

Då kan det sjå ut som om Euphrosina er finni, men eg vil no likevel sjekka denne datoen hjå Statsarkivet i Tromsø...  Ein kan ikkje alltid stola på FamilySearch...!

 

Om dette er rett, er denne ætti no etter kvart ganske so "komplett", i alle fall på "norsk side", men identifikasjonen av Johannes Andersson Vik er framleis ei stor utfordring...

 

Og me manglar jo òg nokre detaljar frå Namsos...

 

Eg takkar og bukkar nok ein gong for kjempefin hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nytt spennande innlegg!

 

Då kan me altso gå ut ifrå at Euphrosina døydde i januar 1923, men eg ser at datoen er ulik datoen me hadde frå før.  No har eg i føremiddag kontakta kyrkjevergen i Gamvik, og ho lovde meg svar på dødsdatoen på fredag, so får me sjå...

 

Interessant var ogso opplistingi av pårørande:

 

Paul Sæther (mann), Hilmar, Johan, Oluf, Marie, Alfred (barn), Sigurd, Oskar (barnebarn), Liva, Elna, Teodor Johnsen (Svigerbarn), Hendry, Pauline (olderbarn)

 

Nokre av namni frå Amerika ser ut til å vera noko "vridne".  Hilmar i Namsos var gift med Olivia "Liva", medan Marie var gift i Amerika med Theodore Johnson.  Alfred var enkjemann på den tidi, men Oluf var gift med ei Mabel (ikkje Elna, men det heitte kona til Sigurd Sæther!!), medan Johan var ugift.  Sigurd og Oskar var borni til Hilmar i Namsos.  Ingen av borneborni i Amerika er nemnde, og kven oldeborni Henry og Pauline var, kan eg ikkje sjå i farti, med mindre dei kunne vera born av Sigurd og Elna frå Namsos?

 

Velvel, so heilt nøya skulle ein vel ikkje vera...  Diverre er dødsmeldingsprotokollane frå den tidi borte (jmf. melding frå Statsarkivet i Tromsø i arkivforum), so nærare kjem me nok aldri...  Godt me har andre kjelder, og gode eksperthjelparar som Carsten, Ann-Mary, Sven og Grethe...

 

Eg takkar nok ein gong for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opplysningar er i dag komne frå Gamvik:

 

"Eufrosine Sæther f. 14/11-1844  døde av hjerneblødning og lamhet 24/1-1923.
Bosatt i Finkongkjeilen."

 

So er denne datoen stadfest, og her følgjer eit oppdatert manuskript for denne Sæther-huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Olson, f. {i Hafslo} 25.10.1841,

Ole Olsen flytte med foreldri i 1861 til Målselv og sidan vidare til Tana der han 15.11.1868 gifte seg med Euphrosina, kjend som Sina Ulriksdotter Aaström frå Fjelmastrand i Tana.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Nils Ulrik, kjend som Ulrik Andersson Aaström på Fjelmastrand i Tana, opphavleg frå Lycksele i Västerbottens län, Sverige, og kona Helena Lovisa Fredriksdotter, òg frå Lycksele, og f. i Lycksele, Västerbottens län i Sverige 14.10.1844, men budde mellom anna i Stensele i Västerbottens län og i Tärna ved Umeå i Västerbottens län, men flytte i 1860 med foreldri sine til Tana.  Ole var fiskar, og han og Sina busette seg på Birkestrand i Tana, men Ole sette livet til i ein båt utanfor Sletnes i Tana alt 27.4.1869, og Sina gifte seg att i Tana 5.3.1876 med Paul Sigvard Berntson Sæther frå Trondheim.  Han var son av fiskar og handelsmann Bernt Martinus Zachariasson Sæther i Trondheim og kona Helene Pettersdotter f. Wold, òg frå Trondheim, og f. på Ila i Trondheim 31.1.1852.  Paul var òg fiskar, og han og Sina flytte kring 1878 som gardbrukarar til Finkongkjeila i Gamvik der Paul livnærte seg som fiskeoppkjøpar, medan Sina so seint som i 1906, 62 år gamal, melde til handelsegisteret at ho då starta opp med landhandel, men i 1910 ser det ut til at verksemdi var redusert til kafédrift.   Sina d. i Finkongkjeila 24.1.1923, og i 1930 utvandra Paul som enkjemann til Amerika.  Me finn han att under namnet Paul Sather der han busette seg hjå yngste sonen Alfred ved Sandy Lake i Shamrock township, Aitkin Co., Minn., men han d. på ein gamleheim i Brainerd, Minn. 21.7.1944.  Sina fekk i alt sju born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Ole Olson:

a. Nikoline Antonette, kjend som Antonette Olsen, f. i Tana 15.4.1868, gifte seg i Tana 15.1.1893 med Adolph Andreasson Thynæs frå Namsos, f. i Namsos 19.7.1871.  Adolph Thynæs var ei tid snikkarsvein i Tana og sidan snikkarmeister i Namsos der han og Antonette budde til Adolph i 1902 og Antonette i 1903 utvandra til Amerika. 

 

     ¤¤¤¤¤ (1905: carpenter Elk Mound, Dunn Co., WI – 1910 renting farm same place! - 1920 Thynas wid same place – farmer! – (but no death found for Antonette in WI 1910-1920!) – remarried Sherburne Co., MN Oct. 3, 1920 to Anna Olson – born Molde, Norway Aug. 27, 1874 – em. 1911 – farmed 1930 in Rutland township, Dane Co., WI)

 

     Adolph d. i Stoughton, Wis. 6.2.1935, medan Anna Thynes d. same staden 24.7.1940. 

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900 nemnd ein son: Ole Johan Thynæs, f. i Kjelvig 1891 – n. 1905 John – 1910 John adopted son! – 1920: adopted son Andrew 17  WI  WI  WI – 1930 a daughter Elizabeth born MN 1916/1917 – both par. Norway – informant 1940!)

 

b. Johan Viktor Johannesson Vik, son av Sina og fiskar Johannes Andersson Vik

 

     ¤¤¤¤¤ (f. 1840 – kven var han?)

 

     var f. i Tana 6.9.1872, men d. på Guldholmen i Tana 14.9.1872.

c. Johan Andreas Johannesson Vik, sidan kjend som John A. Wick, likeins son av Sina og fiskar Johannes Andersson Vik

 

     ¤¤¤¤¤ (f. 1844 – kven var han?)

 

     var f. i Tana 22.2.1874, budde ei tid som sagarbeidar i Namsos, men var elles fiskar og steinarbeidar til han i 1907 utvandra til Amerika med reisemål Colfax, Dunn Co., Wis.  Nokre år etter finn me John Wick att som skogsarbeidar (”lumber camp laborer”) i Schroeder township, Cook Co., Minn.,

 

     ¤¤¤¤¤ (destiny? – ?maybe 1940 single pulpwood laborer in Summit township, Douglas Co., WI?  lived June 1956 at Gordon, Douglas Co., WI!)

 

d. Hilmar Martin Paulson Sæther, f. i Tana 29.12.1876, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – gravlagd Namsos 13.6.1947!)

 

     1947.  Hilmar gifte seg første gongen i Namsos 12.8.1900 med Anna Birgitte Edvardsdotter Myhr frå Hildrum i Overhalla, f. på Bakklandet i Trondheim 20.3.1881.  Men ho d. på sjukehuset i Namsos alt 16.9.1901, og Hilmar gifte seg so att

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for andre vigsli hans? – før 1904!)

 

     med Olivia Edvarda Olsdotter Liaunet frå Namsos, f. i Namsos 7.11.1881.  Ho d. i Namsos 4.8.1961. 

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1900/1904: steinarbeidar – 1910: sjømann, bus. Namsos! – vart Hilmar og Olivia kan henda skilde sidan Olivia sidan gifte seg med Egil Andreas Aas? – må vera slik sidan Egil Aas døydde alt i 1948, året etter Hilmar!)

 

     Hilmar fekk to søner, ein frå kvart av ekteskapi sine.

e. Sigvard Emmanuel Paulson Sæther, f. i Gamvik, Tana 31.12.1879, d. i Tana 7.7.1895.

f. Oluf Nikolai Paulson Sæther, sidan kjend som Olaf N. Sather, f. i Gamvik, Tana 17.2.1884, utvandra til Amerika i 1903 og var ei tid farmarbeidar (”farm laborer”) i Baldwin township, St. Croix Co., Wis., men gifte seg i McGregor, Aitkin Co., Minn. 14.10.1913 med Mabel Elizabeth Warner, f. i Dakota Co., Neb. 8.11.1898.  Olaf og Mabel slo seg ned som farmarar nær Sandy Lake i Shamrock township, Aitkin Co., Minn., men flytte hausten 1966 som pensjonistar til Eugene, Lane Co., Ore. der Olaf d. 4.8.1969.  Mabel Sather d. same staden 4.4.1992.  Dei fekk sju born i lag.

g. Helene Marie, kjend som Marie Paulsdotter Sæther, sidan kjend som Mary H. Sather, f. i Gamvik, Tana 19.2.1884, var ei tid tenestejente i Namsos, men utvandra i 1903 til Amerika og gifte seg i Baldwin, St. Croix Co., Wis. 16.7.1904 med Theodore C. Johnson, f. i Dunn Co., Wis. 5.8.1869.  Theodore var bakar og bakerieigar (”baker and bakery owner”) i Colfax, Dunn Co., Wis. der parfolket budde levetidi ut.  Theodore d. då han 25.10.1950 ramla i kjellartrappi i heimen sin i Colfax, Wis., medan Mary Johnson d. same staden 14.2.1975.  Dei fekk fire born i lag.

i. Paul Alfred, kjend som Alfred Paulson Sæther, sidan kjend som Alfred P. Sather, f. i Gamvik, Tana 28.12.1887, kom i ung alder som barberlærling til Namsos, men utvandra derifrå til Amerika i 1907.  Han var liksom broren Oluf òg ei tid farmarbeidar i Baldwin township, St. Croix Co., Wis., men gifte seg første gongen i St. Louis Co., Minn. 29.12.1917 med Ke Nees E Quay, kjend som Mae Snetsinger, f. i Aitkin Co., Minn. 11.4.1892.  Mae var sjukepleiar (”nurse”), men ho og Alfred farma i Turner township, Aitkin Co., Minn.  Mae d. i Libby, Minn. 21.7.1921, og Alfred gifte seg so att i Minneapolis, Minn. 22.6.1927 med Ruth Marion Meikle, f. i Stevens Co., Minn. 22.6.1905.  Alfred og Ruth starta i 1927 opp med landhandel og kafé (”general merchants and café owners”) ved Sandy Lake i Shamrock township, Aitkin Co., Minn. og budde der levetidi ut.  Alfred d. i Minneapolis, Minn. 15.6.1956, medan Ruth Sather d. i Red Wing, Minn. 1.3.1994.  Alfred fekk to søner, som båe var frå andre ekteskapet med Ruth.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Framleis står nokre spørsmål opne.  Denne andre vigsli til Hilmar Sæther i eller nær Namsos bør vel vera mogeleg å finna?  Å identifisera Johannes Andersson Vik vert kanskje verre...

 

Men, det er "von i hangande snøre", og eg gjev ikkje opp....

 

Nok ein kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for eit skikkeleg spennande innlegg!

 

Eg har i lang tid stått fast på lagnaden til Antonette Thynes, for ein hjelpar eg spurte i Wisconsin greidde ikkje finna ho i dødsregisteret for Wisconsin.  No tok eg eit nytt søk på ancestry.com, og der kom med eitt dødsfallet hennar fram i kyrkjebøkene for Elk Mound, WI.  Det syner seg at Nikoline Antonette Thynes døydde i Elk Mound, WI 11.12.1917, so då har me svar på spørsmålet om lagnaden hennar!

 

Samstundes oppdaga eg at denne "dotteri" Elizabeth nemnd i 1930 og 1940 i røyndi heitte Sofie Elizabeth, og ho var fødd i Duluth, St. Louis Co., MN 1.4.1917 med ættenamnet Olson.  Ho vart gift med ein Peter Wersland og døydde i Stoughton, WI 22.12.1993.  Denne Sofie Elizabeth er rimelegvis ei dotter som andre kona til Adolph Thynes, Anna Olson, hadde fått, anten med ein første ektemann eller utanfor ekteskap, og då kjem me attende til spørsmålet:

 

* Kven var denne Anna Olson, som vert sagd vera fødd i Molde 27.8.1874 og som skal ha utvandra til Amerika i 1911?  Eg finn ikkje nokon som høver i FT1910!!  Kanskje er ho fødd i eitt av nabosoknene til Molde?

 

Det er då siste "opne" spørsmål når det gjeld greini til Nikoline Antonette, og det hadde vore kjempebra å finna ut av dette...

 

Ein ny stor takk for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Mye spennende info om egen familie her ... Elna Sæther (f. Jessen) og Sigurd Henry Sæther var mine besteforeldre på morsiden. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 11.12.2015 den 12.55, Lars E. Øyane skrev:

Sina d. i Finkongkjeila 24.1.1923, og i 1930 utvandra Paul som enkjemann til Amerika.  Me finn han att under namnet Paul Sather der han busette seg hjå yngste sonen Alfred ved Sandy Lake i Shamrock township, Aitkin Co., Minn., men han d. på ein gamleheim i Brainerd, Minn. 21.7.1944.

Paul er min tippoldefar (Hilmar -> Sigurd Henry -> Elsa -> meg).

Etterkommerne etter Paul (kalt "Pap") har drevet forretning i mange år:

 

Google maps referanse: https://www.google.no/maps/place/Sather's+Gateway+Store/@46.7083127,-93.305732,14.92z/data=!4m5!3m4!1s0x52b100b0857907cd:0x82b3c2036fc94a71!8m2!3d46.7094853!4d-93.3070659

 

Jeg besøkte slekta i 1991. Og flere av de har vært på besøk her i Norge både før og etter, senest i fjor sommer.

 

 

Endret av Thorbjørn Liell
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Velkommen i Brukarforum, Thorbjørn, og hjarteleg takk for spennande innlegg om slekti di!

 

Som du vil ha sett av tidlegare innlegg, t.d. innlegg #33 over, strever eg med å komplettera eit manuskript for denne huslyden som skal vera med i bygdeboki vår for Luster i Sogn, band XII, som mellom anna omfattar garden Urnes, og særleg spennande er det jo at du er ein etterkomar etter Hilmar Martin Sæther (1876-1947) i Namsos.

 

Med din kunnskap og nærleik til denne fasmilien, kan du kanskje hjelpa meg finna svar på i alle fall nokre av dei spørsmåli som framleis står òpne?  Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #33:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Olson (Urnes), f. i Hafslo 25.10.1841,

Ole Olsen flytte med foreldri i 1861 til Målselv og sidan vidare til Tana der han 15.11.1868 gifte seg med Euphrosina, kjend som Sina Ulriksdotter Aaström frå Fjelmastrand i Tana.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Nils Ulrik, kjend som Ulrik Andersson Aaström på Fjelmastrand i Tana, opphavleg frå Lycksele i Västerbottens län, Sverige, og kona Helena Lovisa Fredriksdotter, òg frå Lycksele, og f. i Lycksele, Västerbottens län i Sverige 14.10.1844, men budde mellom anna i Stensele i Västerbottens län og i Tärna ved Umeå i Västerbottens län, men flytte i 1860 med foreldri sine til Tana.  Ole var fiskar, og han og Sina busette seg på Birkestrand i Tana, men Ole sette livet til i ein båt utanfor Sletnes i Tana alt 27.4.1869, og Sina gifte seg att i Tana 5.3.1876 med Paul Sigvard Berntson Sæther frå Trondheim.  Han var son av fiskar og handelsmann Bernt Martinus Zachariasson Sæther i Trondheim og kona Helene Pettersdotter f. Wold, òg frå Trondheim, og f. på Ila i Trondheim 31.1.1852.  Paul var òg fiskar, og han og Sina flytte kring 1878 som gardbrukarar til Finkongkjeila i Gamvik der Paul livnærte seg som fiskeoppkjøpar, medan Sina so seint som i 1906, 62 år gamal, melde til handelsegisteret at ho då starta opp med landhandel, men i 1910 ser det ut til at verksemdi var redusert til kafédrift.   Sina d. i Finkongkjeila 24.1.1923, og i 1930 utvandra Paul som enkjemann til Amerika.  Me finn han att under namnet Paul Sather der han busette seg hjå yngste sonen Alfred ved Sandy Lake i Shamrock township, Aitkin Co., Minn., men han d. på ein gamleheim i Brainerd, Minn. 21.7.1944.  Sina fekk i alt sju born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Ole Olson:

a. Nikoline Antonette, kjend som Antonette Olsen, f. i Tana 15.4.1868, gifte seg i Tana 15.1.1893 med Adolph Andreasson Thynæs frå Namsos, f. i Namsos 19.7.1871.  Adolph Thynæs var ei tid snikkarsvein i Tana og sidan snikkarmeister i Namsos der han og Antonette budde til Adolph i 1902 og Antonette i 1903 utvandra til Amerika.  Adolph livnærte seg som snikkar («carpenter»), og han og Antonette busette seg på ein farm i Elk Mound township, Dunn Co., Wis. der Antonette d. 11.12.1917.  Adolph gifte seg 3.10.1920 att i Sherburne Co., Minn. med Anna Olson,

 

     ¤¤¤¤¤ (born Molde, Norway Aug. 27, 1874 – em. 1911)

 

     Dei flytte til ein farm i Rutland township, Dane Co., Wis., men Adolph d. i Stoughton, Wis. 6.2.1935.  Anna Thynes d. same staden 24.7.1940.  Adolph fekk ingen born sjølv, men han og Antonette adopterte to gutar, medan andre kona Anna hadde ein son frå før.

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900 nemnd ein son: Ole Johan Thynæs, f. i Kjelvig 1891 – n. 1905 John – 1910 John adopted son! – 1920: adopted son Andrew 17  WI  WI  WI – 1930 a daughter Elizabeth born MN 1916/1917 – both par. Norway – informant 1940! – Sofie Elizabeth Thynes, f. Duluth, MN 1.4.1917, konf. Stoughton, WI 1933, d. Dane Co., WI 22.12.1993, gift med Peter S. Wersland, f. 25.12.1912, d. 28.2.1983 – gravlagde Riverside, Stoughton, WI!)

 

b. Johan Viktor Johannesson Vik, son av Sina og fiskar Johannes Andersson Vik

 

     ¤¤¤¤¤ (f. 1840 – kven var han?)

 

     var f. i Tana 6.9.1872, men d. på Guldholmen i Tana 14.9.1872.

c. Johan Andreas Johannesson Vik, sidan kjend som John A. Wick, likeins son av Sina og fiskar Johannes Andersson Vik

 

     ¤¤¤¤¤ (f. 1844 – kven var han?)

 

     var f. i Tana 22.2.1874, budde ei tid som sagarbeidar i Namsos, men var elles fiskar og steinarbeidar til han i 1907 utvandra til Amerika med reisemål Colfax, Dunn Co., Wis.  Nokre år etter finn me John Wick att som skogsarbeidar («lumber camp laborer») i Schroeder township, Cook Co., Minn.  Sidan var han trelastarbeidar («pulpwood laborer») i Summit township, Douglas Co., Wis., men han d. ugift på ein gamleheim i Superior, Wis. 4.11.1961. 

d. Hilmar Martin Paulson Sæther, f. i Tana 29.12.1876, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – gravlagd Namsos 13.6.1947!)

 

     1947.  Hilmar gifte seg første gongen i Namsos 12.8.1900 med Anna Birgitte Edvardsdotter Myhr frå Hildrum i Overhalla, f. på Bakklandet i Trondheim 20.3.1881.  Men ho d. på sjukehuset i Namsos alt 16.9.1901, og Hilmar gifte seg so att

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for andre vigsli hans? – før 1904!)

 

     med Olivia Edvarda Olsdotter Liaunet frå Namsos, f. i Namsos 7.11.1881.  Ho d. i Namsos 4.8.1961. 

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1900/1904: steinarbeidar – 1910: sjømann, bus. Namsos! – vart Hilmar og Olivia kan henda skilde sidan Olivia sidan gifte seg med Egil Andreas Aas? – må vera slik sidan Egil Aas døydde alt i 1948, året etter Hilmar!)

 

     Hilmar fekk to søner, ein frå kvart av ekteskapi sine.

e. Sigvard Emmanuel Paulson Sæther, f. i Gamvik, Tana 31.12.1879, d. i Tana 7.7.1895.

f. Oluf Nikolai Paulson Sæther, sidan kjend som Olaf N. Sather, f. i Gamvik, Tana 17.2.1884, utvandra til Amerika i 1903 og var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Baldwin township, St. Croix Co., Wis., men gifte seg i McGregor, Aitkin Co., Minn. 14.10.1913 med Mabel Elizabeth Warner, f. i Dakota Co., Neb. 8.11.1898.  Olaf og Mabel slo seg ned som farmarar nær Sandy Lake i Shamrock township, Aitkin Co., Minn., men flytte hausten 1966 som pensjonistar til Eugene, Lane Co., Ore. der Olaf d. 4.8.1969.  Mabel Sather d. same staden 4.4.1992.  Dei fekk sju born i lag.

g. Helene Marie, kjend som Marie Paulsdotter Sæther, sidan kjend som Mary H. Sather, f. i Gamvik, Tana 19.2.1884, var ei tid tenestejente i Namsos, men utvandra i 1903 til Amerika og gifte seg i Baldwin, St. Croix Co., Wis. 16.7.1904 med Theodore C. Johnson, f. i Dunn Co., Wis. 5.8.1869.  Theodore var bakar og bakerieigar («baker and bakery owner») i Colfax, Dunn Co., Wis. der parfolket budde levetidi ut.  Theodore d. då han 25.10.1950 ramla i kjellartrappi i heimen sin i Colfax, Wis., medan Mary Johnson d. same staden 14.2.1975.  Dei fekk fire born i lag.

i. Paul Alfred, kjend som Alfred Paulson Sæther, sidan kjend som Alfred P. Sather, f. i Gamvik, Tana 28.12.1887, kom i ung alder som barberlærling til Namsos, men utvandra derifrå til Amerika i 1907.  Han var liksom broren Oluf òg ei tid farmarbeidar i Baldwin township, St. Croix Co., Wis., men gifte seg første gongen i St. Louis Co., Minn. 29.12.1917 med Ke Nees E Quay, kjend som Mae Snetsinger, f. i Aitkin Co., Minn. 11.4.1892.  Mae var sjukepleiar («nurse»), men ho og Alfred farma i Turner township, Aitkin Co., Minn.  Mae d. i Libby, Minn. 21.7.1921, og Alfred gifte seg so att i Minneapolis, Minn. 22.6.1927 med Ruth Marion Meikle, f. i Stevens Co., Minn. 22.6.1905.  Alfred og Ruth starta i 1927 opp med landhandel og kafé («general merchants and café owners») ved Sandy Lake i Shamrock township, Aitkin Co., Minn. og budde der levetidi ut.  Alfred d. i Minneapolis, Minn. 15.6.1956, medan Ruth Sather d. i Red Wing, Minn. 1.3.1994.  Alfred fekk to søner, som båe var frå andre ekteskapet med Ruth.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar deg so mykje på førehand for hjelpi med desse opplysningane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
På 15.8.2017 den 14.03, Lars E. Øyane skrev:

g. Helene Marie, kjend som Marie Paulsdotter Sæther, sidan kjend som Mary H. Sather, f. i Gamvik, Tana 19.2.1884, var ei tid tenestejente i Namsos, men utvandra i 1903 til Amerika og gifte seg i Baldwin, St. Croix Co., Wis. 16.7.1904 med Theodore C. Johnson, f. i Dunn Co., Wis. 5.8.1869.  Theodore var bakar og bakerieigar («baker and bakery owner») i Colfax, Dunn Co., Wis. der parfolket budde levetidi ut.  Theodore d. då han 25.10.1950 ramla i kjellartrappi i heimen sin i Colfax, Wis., medan Mary Johnson d. same staden 14.2.1975.  Dei fekk fire born i lag.

 

Hei, Lars

 

Nevner at far til baker Theodore C ( Christiansen) Johnson var (Christ Johnson) Christian Johannessen Ødegård på Gjuv i Hjartdal, Telemark, mor Helge Olsdatter.  

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038143000886

 

Utflyttet 1867, nr 27

https://media.digitalarkivet.no/view/5963/378

 

 

F 21 DEC 1833 • Hjartdal, Telemark, Norway

D 1 APR 1926 • Elk Mound, Dunn, Wisconsin

 

1870, Elk Mound, Dunn, Wisconsin

 

Household Members

NameAge

Christian Johnson

Helga Johnson

Ole Johnson

Betsy Johnson

John Johnson

Anna Johnson

Theodore Johnson

 

Omgift 1875

 

NameKristian P Odegaard

GenderMale

Event TypeMarriage

Birth PlaceThelemarken, Norge

Marriage Date1 Mar 1875

Marriage PlaceMenomonie, Wisconsin, USA

FatherJohannes Odegaard

MotherBergit Kristiansdatter

SpouseBerit Evensdatter

Church NameLittle Elk Creek Congregation

Church LocationMenomonie Wisconsin

 

NameChristian Johanson Odegdarden

Death Age92

Event TypeBurial

Birth Date21 Dec 1833

Birth PlaceNorge

Death Date1 Apr 1926

Burial Date14 Apr 1926

Church NameBaerum Lutheran Church

Church LocationElk Mound Wisconsin

 

mvh Stine

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Stine for tilleggsopplysningane om opphavet til Theodore Johnson.  Det er alltid kjekt med slike opplysningar!

 

Elles slit eg framleis med komplettering av manuskriptet mitt for denne ætti, og særleg er det «Namsos-greini», huslyden til sonen Hilmar Martin Sæther, som er den store utfordringi:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

d. Hilmar Martin Paulson Sæther, f. i Tana 29.12.1876, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – gravlagd Namsos 13.6.1947!)

 

     1947.  Hilmar gifte seg første gongen i Namsos 12.8.1900 med Anna Birgitte Edvardsdotter Myhr frå Hildrum i Overhalla, f. på Bakklandet i Trondheim 20.3.1881.  Men ho d. på sjukehuset i Namsos alt 16.9.1901, og Hilmar gifte seg so att

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for andre vigsli hans? – før 1904!)

 

     med Olivia Edvarda Olsdotter Liaunet frå Namsos, f. i Namsos 7.11.1881.  Ho d. i Namsos 4.8.1961. 

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1900/1904: steinarbeidar – 1910: sjømann, bus. Namsos! – vart Hilmar og Olivia kan henda skilde sidan Olivia sidan gifte seg med Egil Andreas Aas? – må vera slik sidan Egil Aas døydde alt i 1948, året etter Hilmar!)

 

     Hilmar fekk to søner, ein frå kvart av ekteskapi sine.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Kyrkjebøkene for Namsos ser ut til å vera bra digitaliserte, men kvifor finn me då ikkje vigsli til Hilmar og Olivia, som truleg fann stad kring 1903?  Kan dei vera gifte borgarleg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.