Gå til innhold
Arkivverket

Olivia Tronstad - gift i Minneapolis, MN i 1903 - kven var ho? - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

For om lag 35 år sidan arbeidde eg med ei Urness-ætt i Minnesota, og eg vart den gongen fortald om ein:

 

John J. Urness, fødd i Goodhue Co., MN 17.11.1869, avliden i Goodhue Co., MN 22.1.1943, at han:

 

"married 1st a young girl who had emigrated from Norway, but she went back to Norway, and John moved to Utah where he married a Belle - he may have had a daughter in Utah!"

 

Etter at ymse kjelder etter kvart er vortne tilgjengelege på Internet har eg finne følgjande:

 

* FT1900 syner John J. Urness, ugift telephone line man in Minneapolis, MN

 

* FT1930 syner John J. Urness, widowed, with mother Mary in Goodhue Co., MN

 

* FT1940 syner John J. Urness, single, with mother Mary in Goodhue Co., MN

 

Eg har førebels ikkje finne mannen i 1910 eller 1920, MEN eg fann denne vigsli:

 

* Minneapolis, MN May 30, 1903 John J. Urness and Olivia Tronstad

 

No er spørsmålet:

 

** Kven var Olivia Tronstad?  Eg ser ho ikkje i US i 1900, so truleg utvandra ho mellom 1900 og 1903!

 

** Kvar vart det so av denne Olivia Tronstad - om ho verkeleg reiste attende til Noreg?

 

Elles er eg sjølvsagt òg svært interessert i eventuelle opplysningar som måtte dukka opp om John Urness og den andre kona hans, Belle NN, i Utah!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sete lite vetta og "pusla" med dette namnet og ser følgjande:

 

* På Tronstad, Thueteigen i Sunnylven finn me i FT1900 denne:

 

Olave Nilsdotter, f. 1881 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037381001030)

 

* og på Hellesylt, Trygjord i Sunnylven finn me i FT1900 denne:

 

Olave H. Tronstad, f. 1882 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037381000153)

 

I klokkarboki for Sunnylven finn eg so desse:

 

* Anne Marie Olivia Samuelsdotter Tronstad, fødd 26.12.1880

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnylven i Sunnylven, Klokkerbok nr. 517C03 (1879-1912), Fødte og døpte 1881, side 9.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2311&idx_id=2311&uid=ny&idx_side=-9
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050614011040.jpg

 

* Inger Olivia Andersdotter Tronstad, fødd 3.2.1881

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnylven i Sunnylven, Klokkerbok nr. 517C03 (1879-1912), Fødte og døpte 1881, side 10.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2311&idx_id=2311&uid=ny&idx_side=-10
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050614011041.jpg

 

* Olave Petrine Tronstadsæter, fødd 15.9.1881

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnylven i Sunnylven, Klokkerbok nr. 517C03 (1879-1912), Fødte og døpte 1881, side 13.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2311&idx_id=2311&uid=ny&idx_side=-13
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050614011044.jpg

 

* Olave Halkjeldsdotter Tronstad, fødd 13.4.1881

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnylven i Sunnylven, Klokkerbok nr. 517C03 (1879-1912), Fødte og døpte 1882, side 15.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2311&idx_id=2311&uid=ny&idx_side=-15
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050614011046.jpg

 

Og so oppdagar eg at Inger Olivia Andersdotter Trondstad (1881) og broren Elias Andersson Trondstad (1885) utvandra over Ålesund til Amerika i 1902!

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIAALE&gardpostnr=5123&merk=5123#ovre

 

Er eg på sporet etter noko stort??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og sjå kva eg no fann i Borgund på Sunnmøre i 1910:

 

Olivia Urnæs, fødd i Sunnylven 3.2.1881, heimvend frå Minnesota i 1907:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036766001768

 

BINGO!!

 

Då er spørsmålet mykje meir oversiktleg:

 

** Kvar vart det av denne Olivia Urnæs??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for kjempemessige innlegg!  Det er berre heilt utruleg at du greidde å finna svar på dette problemet so raskt!  Og at du ogso oppdaga at dotteri hans John høyrde til Olivia...; eg er meir enn imponert!!

 

Eg hadde jo aldri drøymt om at ho skreiv seg Urnes etter ho flytte attende til Noreg!

 

No får eg ta kontakt med prestekontoret i Borgund for å sjå om dei har fleire opplysningar om t.d. dødsstaden hennar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Vibeke for nye interessante innlegg!

 

Eg har i dag greve litt meir i denne soga og har finne ut at Olivia må vera fødd på ein husmannsplass kalla Syneshaug under Tronstad (jmf. FT1900), og ein telefon til kyrkjekontoret i Ålesund har gjeve meg opplysning om at Olivia døydde på sjukeheimen i Borgund.

 

Den "norske" delen av dette problemet er soleis heilt løyst.  No spørst det om det er mogeleg å finna ut noko om andre kona (Belle) til John Urness i Utah?  Der står eg framleis heilt "blank".  Eg finn heller ikkje John korkje i 1910 eller i 1920!  Truleg er namnet feilskrive eller feiltolka i teljingane....

 

PS: Då Olivia døydde i Borgund i 1972, står det at ho var enkje etter "JARNVEGSARBEIDAR" Johan Urnes i Amerika!  Eg visste ikke at John Urness nokon gong var jarnbanearbeidar, men det er sjølvsagt mogeleg.  Og det kan òg vera grunnen til at han ikkje let seg gjera å finna att i dei amerikanske folketeljingane.  Desse jarnbanearbeidarane var svært so "flinke" til å "gøyma" seg bort...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi med Olivia Tronstad!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg fått nokre nye og spennande opplysningar om Olivia Tronstad og mannen John Urness!

 

Det syner seg at John seinast i 2003 hadde fått jobb som vognreparatør på jarnbanen, so han var verkeleg jarnbanearbeidar den gongen Olivia kjente han.  Parfolket flytte kring 1904 til Denver, CO, der John heldt fram i same yrke.

 

So, i slutten av desember 2005 står det ein notis i avisa i Denver, CO om at John Urness og to andre menn hadde forlangt skilsmål frå konene sine "for desertion"!  Eg tolkar dette slik som at Olivia hadde "stikke av" frå mann sin, so når ho kom attende til Noreg som "enkje", var nok ikkje det heilt rett...

 

Elles seier John Urness sin dødsattest frå 1943 at han var "divorced", men om det var skilsmålet frå Olivia som er meint, eller om han hadde vore attgift, er ikkje godt å seia...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...

Hei

Dette var interessante opplysninger.  Jeg har arbeidet med Tronstadslektene i lang tid. Har fullstendig oversikt om Inger Olivia og hennes datter Lisa. Hvis du ønsker det, kan du ta kontakt på min mail   ar-tro@online.no


Hei

Dette var interessante opplysninger.  Jeg har arbeidet med Tronstadslektene i lang tid. Har fullstendig oversikt om Inger Olivia og hennes datter Lisa. Hvis du ønsker det, kan du ta kontakt på min mail   ar-tro@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Harald for nytt spennande innlegg!

 

Her er kva eg førebels har skrive om denne huslyden i manuskriptet mitt (Luster band XII, gnr. 183 Urnes - venta utgjeve i 2017):

 

~~~~~~~~~

 

John J. Urness, f. i Goodhue Co., Minn. 17.11.1869, d. i Goodhue Co., Minn. 22.1.1943.  John flytte i ung alder til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der han ei tid arbeidde for ei telefonverksemd (”telephone lineman”) før han kring 1902 tok til som jarnbanevognreparatør (”car repairer”).  Han gifte seg i Minneapolis, Minn. 30.5.1903 med Inger Olivia Andersdotter øad frå Tronstad i Sunnylven, i Amerika kjend som Olivia Tronstad.  Ho var dotter av husmann Anders Halkjeldson på Syneshaug under Tronstad og kona Brit Lovise Endresdotter frå Frøse og f. i Sunnylven 3.2.1881.  Ho utvandra til Amerika i 1902.  Kring 1904 flytte John og Olivia til Denver, Colo., men der vart dei skilde kring 1906, og i 1907 reiste Olivia attende til Noreg.  Olivia Urnes busette seg på Spjelkavik i Borgund der ho livnærte seg som hushaldar.  Ho d. på sjukeheimen i Borgund 14.5.1972.  John skal sidan ha butt i Utah og var attgift med ei Belle, som me ikkje veit noko meir om. 

 

     ¤¤¤¤¤ (further info?)

 

     På 1920-talet flytte John attende  til heimefarmen i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn. der han sidan farma i lag med yngste broren Albert.  John hadde ei dotter frå ekteskapet med Olivia, som flytte med mor si til Borgund og voks opp der.

 

~~~~~~~~~

 

Eg er sjølvsagt interessert i fleire detaljar om Olivia og ogso om dotteri Lisa.  John er del av ei stor ætt i Minnesota, som eg har hatt kontakt med i mange år.  Det har alltid vore eit mysterium dette med dotteri til John, som ingen «over there» visste noko om, men so vidt eg forstår, har ikkje Lisa etterkomarar som lever?  Eller tek eg feil?

 

Andre ekteskapet til John med denne «Belle» er elles eit stort mysterium, som eg gjerne òg skulle hatt ei løysing på, men det vert sikkert heller vanskeleg...

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for eit kjempespennande og for svært so lovande innlegg!

 

Her er det mykje som passar godt:

 

* Bustad i Utah

 

* Fødestad og alder, samt fødestad til foreldri

 

* Namnet John (som mellombels godt kan ha kalla seg for Johnson!!)

 

* Kona Belle (Isabelle)

 

* Yrke «car repairer», som John hadde ogso før han «forsvann»

 

Dette parfolket er det so absolutt vel verdt å sjekka ut nærare...  Eg vil senda ei etterlysning til Amerika for å sjå om det hjelper...

 

Nok ein kjempetakk, Anne, for denne oppdagingi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter at eg no har motteke gode opplysningar frå Amerika om John og Isabelle Johnson i Utah, har eg lagt ut ei oppfølgjing av dette emnet under ny titel:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/204772-john-johnson-urnes-og-isabelle-jarvie-med-born-john-alison-og-alexander-amerikansk-utfordring-i-utah/

 

Eg vonar det let seg gjera å komma vidare her...

 

Ein ny kjempetakk til Anne for den flotte oppdagingi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.