Gå til innhold
Arkivverket

Ole Aamundson Bolstad (1722- ) og kona Ingeborg Jørgensdotter - frå Luster til Kvinnherad? - son Jørgen gift Kvinnherad 1772 - kven var kona hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i dag gjerne få henta fram eit problem som eg ikkje greidde løysa då eg i 1984 arbeidde med band I i bygdebokserien for Luster.  Kanskje nye tilgjengelege kjelder kan hjelpa oss finna ut meir om denne huslyden?

 

Ole Aamundson, fødd på plassen Eidsbakken under Eide i Luster kring 1722, gifte seg i Luster 30.10.1747 med ei Ingeborg Jørgensdotter, som eg ikkje kjenner korkje opphav eller alder til.

 

Ingeborg hadde ein son før dei vart gifte:

 

* Ole Torbjørnson, døypt i Luster 8.1.1741 av Ingeborg og Torbjørn Erikson Skjolden (1718-1785).  Denne Ole Torbjørnson ser me ikkje noko meir til i Luster!

 

So fekk Ole og Ingeborg (minst) ein son i lag:

 

* Jørgen Olson, døypt i Luster 9.7.1747.  Under namnet Jørgen Olson LYSTER vart denne Jørgen 17.1.1772 trulova i Ølve sokn i Kvinnherad 17.1.1772 med enkja Britha Andersdotter; kausjonistar var Ingebrigt Grandahlen og Christen Olson Bergmand:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Kvinnherad, Ministerialbok nr. A 3 (1754-1777), Kronologisk liste 1772, side 360-361.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11552&idx_id=11552&uid=ny&idx_side=-184
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510660314.jpg

 

Parfolket var vigt i Ølve kyrkje 2. pinsedag 1872:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Kvinnherad, Ministerialbok nr. A 3 (1754-1777), Kronologisk liste 1772, side 366-367.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11552&idx_id=11552&uid=ny&idx_side=-187
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510660317.jpg

 

Dei skal ha hatt tre born:

 

* Ole Jørgenson, døypt i Ølve 13.p.T.1772

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Kvinnherad, Ministerialbok nr. A 3 (1754-1777), Kronologisk liste 1772, side 370-371.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11552&idx_id=11552&uid=ny&idx_side=-189
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510660319.jpg

 

* Siver Jørgenson, døypt 19.8.1775 - då er faren kalla Bergmand!

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Kvinnherad, Ministerialbok nr. A 3 (1754-1777), Kronologisk liste 1775, side 424-425.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11552&idx_id=11552&uid=ny&idx_side=-216
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510660346.jpg

 

* Ingeborg Jørgensdotter, fødd ??

 

Jørgen og Britha skal ha butt på garden HUSE i Kvinnherad, men flytte sidan til Bergen der Jørgen livnærte seg som sjømann under namnet Jørgen BOLSTAD.  Kona finn me att som Bertha Bolstad, og ho døydde 5.7.1806 i Strangesmuget i Bergen.  Eg har ikkje finne dødsfallet hans Jørgen...  Sonen Sivert Bolstad vart "blokkedreiemester" i Bergen.

 

Dei store spørsmåli her er følgjande:

 

** Ole Aamundson og Ingeborg Jørgensdotter må vera flytte frå Luster kring 1750, men eg har so langt ikkje finne ut kvar det kan ha vorte av dei!  Kanskje ogso dei fòr til Kvinnherad?  Kanskje fekk dei fleire born?

 

** Opphavet til Ingeborg Jørgensdotter er neste utfordring.  Og då kan eg leggja til følgjande:  Ho hadde ei søster Ragnhild Jørgensdotter (1719-1749) som 17.11.1743 gifte seg på Fitjar, STORD med Aamund Erikson frå Bolstad i Luster (1710-1783) og som busette seg i Bergen:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Stord, Ministerialbok nr. A 1 (1725-1744), Kronologisk liste 1743, side 86.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11670&idx_id=11670&uid=ny&idx_side=-92
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070516630493.jpg

 

Ved trulovingi på Fitjar 18.d.p.T.1743 kjem det fram at kausjonistane var Jacob og Samson "Fidje":

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Stord, Ministerialbok nr. A 1 (1725-1744), Kronologisk liste 1743, side 85.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11670&idx_id=11670&uid=ny&idx_side=-91
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070516630492.jpg

 

Eldste barnet deira, sonen Erik, vart døypt frå Fitjar 2.d.p.E.1745:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Stord, Ministerialbok nr. A 2 (1744-1777), Kronologisk liste 1745, side 6.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11671&idx_id=11671&uid=ny&idx_side=-7
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070516630506.jpg

 

Kan søstrene ha vore frå Fitjar??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Aamundson flyttet ganske riktig til Ølve i Kvinnherad. Han finnes på en skatteliste for ansatte ved Lilledals kopperverk 1764-1767. På samme liste finner vi Jørgen Olsen under arbeidernes barn.

 

For ordens skyld: Forloverne til Jørgen og Brita het Ingbrigt Grandahlen og Christen Olsen. Etter navnene er det tilføyd "Bergmænd begge". Bergmand var altså ikke en del av navnet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for nytt interessant innlegg!

 

Eg ser no at Ole Aamundson er nemnd i lista frå 1764-1767 for Lilledals kopparverk, og likeins er Jørgen Olson nemnd som eit barn deira.  Då veit me at dei framleis levde på den tidi, men ogso Ole og Ingeborg må vera flytte derifrå, for ingen av dei er lista som avlidne i Kvinnherad!  Kanskje hamna dei òg i Bergen?

 

Men Knut, veit du kvar Ole og Ingeborg budde FØR dei kom til Kvinnherad?  Var dei kanskje òg i Årdal?  Eg er berre litt forundra over at dei ikkje hadde fleire born enn den eine sonen Jørgen...

 

Eg ser forresten av lista over bergfolk frå 1764-1767, men mellom "Døde og bortreiste", ein tydeleg ugift(?) Ole Olson Aardal, og i perioden 1766-1767 er det òg nemnt eit "arbeiders barn" Ole Aardal.  Veit du kven dei var?

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

 

Aamund, døpt 20.06.1742, uekte sønn av Ole Aamundsen og Randi Pedersdatter:

 

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1742, side 18. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-18
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680246.jpg

 

Og her er enda en uekte Amund, sønn av Ole Amundsen, døpt 11.09.1740:

 

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1740, side 15. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-15
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680243.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Jørgen og Britha skal ha butt på garden HUSE i Kvinnherad, men flytte sidan til Bergen der Jørgen livnærte seg som sjømann under namnet Jørgen BOLSTAD.  Kona finn me att som Bertha Bolstad, og ho døydde 5.7.1806 i Strangesmuget i Bergen.  Eg har ikkje finne dødsfallet hans Jørgen...  Sonen Sivert Bolstad vart "blokkedreiemester" i Bergen."

 

Sivert Jørgensen Bolstad i Undersøkelseskommisjonen:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/215/pp00000000009535

 

Sivert i Bergen borgerbok:

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=112&storleik=125

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=127&innhaldid=5&storleik=125

 

Og her er kanskje broren Ole i f.t. 1801 for Bergen:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390012991

 

Dødsfallet til Berthe Andersdatter i 1806, Jørgen Olsen Bolstad søefarendes kone, 65 år gammel:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=66285&merk=66285#ovre

 

 

 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg var ikkje merksam på at Sivert Jørgenson Bolstad i 1812 hadde sagt opp meistertitelen sin i Bergen.  Kanskje flytte denne huslyden frå Bergen att på den tidi?  Kanskje er Jørgen Bolstad avliden på ein heilt annan kant av landet?  Elles er det jo framleis eit stort mysterium kvar det vart av Ole Aamundson og kona Ingeborg Jørgensdotter, og om dei eventuelt hadde fleire born?

 

Når det gjeld dei "uekte" borni frå Luster, kjem me borti i nye spennande huslydar:

 

* Aamund Olson, døypt 20.6.1742. var sikkert nok son av "vår" Ole Aamundson.  Mori Rannei Pedersdotter, fødd på Berge i Dale sokn i Luster kring 1721, forsvinn òg frå Luster i 1740-åri liksom den eldre broren John Pederson (1703-    ) og fleire andre unge bror- og søsterborn.  Far hennar var Peder Kjøstelson Berge (1666-1743) som visstnok var komen til Luster frå Lom i Gudbrandsdalen kring 1690, men som elles er av ukjent opphav!  Aamund Olson forsviunn frå Luster med mori!

 

* Aamund Olson, døypt 11.9.1740, var sikkert nok òg ein son av "vår" Ole Aamundson.  Mori Bothilds Aamundsdotter (1720-1785) var frå Yttrishaugen under Yttri i Luster og vart sidan gift med ein enkjemann John Endreson (1706-1778) som var husmann i Høyeimeviki under Høyeim.  Dei fekk fire born i lag som me har styring på, men denne sonen Aamund Olson vert borte frå Luster!

 

Ein av desse gutane KAN sjølvsagt ha vorten oppalen med faren, men me har ingen kjelder som kan stadfesta dette...

 

Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi med denne huslyden so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi frå desember 2015, som har lege «i dvale» sidan juledag det året!

 

Dei to «uekte» gutane nemnde i innlegg #4 og #6 vert truleg meir eller mindre «umogelege» å finna ut noko meir om, men kanskje er det mogeleg å finna ut meir om:

 

** Lagnadane til Ole Aamundson og Ingeborg Jørgensdotter (sjå òg mellom anna innlegg #1)?  Siste kjende bustad var i Ølve i Hardanger, men eg kan ikkje finna dei avlidne der.  Kanskje flytte dei med sonen Jørgen til Bergen?

 

** Lagnaden til Ole Torbjørnson fødd 1741 (sjå innlegg #1)?

 

** Dødsfallet til Jørgen Olson Lyster/Bolstad, som tydeleg levde som enkjemann i Bergen i 1806 (sjå innlegg #5)?

 

** Hadde Ole Aamundson og Ingeborg Jørgensdotter fleire born enn sonen Jørgen?  Eg finn ikkje nokon i Luster...!

 

** Det er jo sjølvsagt òg eit spørsmål kva tid Ole og Ingeborg flytte frå Luster og kest dei då flytte?

 

** Opphavet til Ingeborg Jørgensdotter vert truleg vanskeleg å finna.  Eg ser ikkje bort ifrå at både ho og søsteri Ragnhild (sjå siste del av innlegg #1) KAN ha vore frå Luster, men at me på grunn av manglande kjelder frå tidleg 1700-tal ikkje enno har greidd å identifisera dei...?

 

Eg takkar igjen for framifrå bistand når det gjeld denne huslyden!

 

PS: Som eige tema vi eg i dag leggja ut spørsmål om Aamund Erikson Bolstad og kona Ragnhild Jørgensdotter, ho som var søster til Ingeborg ovanfor!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.