Gå til innhold
Arkivverket
Håvard Moe

Formynder for gift mann ved skifte

Recommended Posts

Håvard Moe

Som sikkert dei fleste kjenner til var det slik at mellom 1619 og 1869 var myndigheitsalder for menn 25 år, medan menn mellom 18 og 25 år var mindreårige. I tillegg til dette var enkjemenn myndige, uansett alder (ihht. til art. 30 i NglL).

 

Ut frå dette, var det da slik at gifte menn under 25 år da var rekna som umyndige, og dermed fekk oppnemnt verge (kurator) ved skifte?

Endret av Håvard Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Singstad

Jeg har lurt på akkurat det samme i forbindelse med en annen sak og har ikke funnet ut av det. Kan ikke se at svaret er å finne i Kong Christian Den Femtis Norske Lov, 1687

Håper derfor noen vet svaret.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Som sikkert dei fleste kjenner til var det slik at mellom 1619 og 1869 var myndigheitsalder for menn 25 år, medan menn mellom 18 og 25 år var mindreårige. I tillegg til dette var enkjemenn myndige, uansett alder.

 

Ut frå dette, var det da slik at gifte menn under 25 år da var rekna som umyndige, og dermed fekk oppnemnt verge (kurator) ved skifte?

 

Det skulle ta seg ut.  - Myndig fordi kona er daud....

 

Dersom vi skal lite på Norsk Historisk Leksikon https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Leksikon:Lagalder, som seier det du seier, vil det vere logisk at gifte menn er myndige, også under 25 (også under 18) års alder.

Men som Grete seier, er dette ikkje sagt tydeleg i Kristian Vs lov.

 

For å oppklare spørsmålet må du truleg finne forordninga frå 1619.

Slike forordningar er trykte i

"Forordninger, Recesser og andre kongelige Breve, Danmarks lovgivning vedkommende : 1558-1660

udgivne ved V.A.Secher" København 1890-1918

Det er 6 bind, og 1619 kjem i bind 3.  Eg finn nokre av dei på nettet, men av b.3 berre den første delen (til året 1600)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inger Eik

Hvis det forholdt seg slik som nevnt ovenfor, så skulle vel en mann under 25 år være myndig hvis kona døde. Han ville jo da være enkemann. Det må vel være snakk om andre skifter (f.eks. etter foreldre, søsken etc) i tilfeller der myndigheten ikke er helt klart beskrevet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jørgen M. Steen

Som sikkert dei fleste kjenner til var det slik at mellom 1619 og 1869 var myndigheitsalder for menn 25 år...

 

 

Jeg var ikke klar over at dette var nedfelt i lov så tidlig som 1619. Takk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Om dette med enkjemenn som myndige uansett gjeld veit eg ikkje. Jfr. m.a. lenkja Ivar posta over var dette frå den gamle landslova. Om dette var med i den nye lova i 1604, eller om det vart regulert i forordninga i 1619, har eg ikkje undersøkt da dette ikkje var aktuelt i mitt tilfelle.

 

Det er slik: Anne Christensdotter døyr, og det vart avhalde skifte i 1752 (link). I skiftet er nemnt enkjemannen Anders Nilsson, og fire born:

1. Niels Andersen, gift, boende paa Svorchmoe
2. Christen Andersen, myndig, tienende i Tronhiem
3. Ellend Andersen, gammel 22 aar
4. Agnethe Andersdatter, gammel 20 aar, ugift

 

Til sist i skiftet får vi opplyst at til formynder er oppnemt "for Ellend Andersen hans svoger, den ærlige og velagte Dannemand Anders Olsen Grudtsætter"

 

I og med at Ellend si einaste syster var ugift har eg tolka dette til at han da må ha vore gift med syster til Anders Olsson. Dette vert styrka av at Ellend si kone var Ingri Olsdotter (jfr. t.d. FT1801). Det som gjer at eg lurer er at han ikkje er oppgitt å vere gift (som eldste bror Nils), samt at dei yngste borna ser ut til å vere født 15-20 år seinare. Ei anna muligheit som slo meg no kan sjølvsagt vere at Anders Olsson har vore gift med ei anna, no avdød, syster av Ellend. Eg vil tru at han fortsatt kunne reknast som svoger...

Endret av Håvard Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Det står noko om dette i Kristian IVs lov (1604), http://www.hf.uio.no/iakh/forskning/prosjekter/tingbok/kilder/chr4web/chr-IV-093.html

Men det er ikkje så lett å tolke det som står - m.a. fordi det er omsett frå gammalnorsk (Landslova m. rettarbøter) av omsetjarar som ikkje alltid forstod det som stod på gammalnorsk.

 

Sechers "Forordninger....." er tilgjengeleg på Gunnerusbiblioteket, om du tek deg tid på nyåret.

 

 

Til tilfellet med Ellend: det er vel kurator det er snakk om, ikkje formyndar?

"Svoger" er (iallfall var) litt romslegare enn du reknar. Og - det er ei tilleggsopplysning som ikkje har nokon juridisk verknad;

svogerskapen forklarar kvifor Anders er vald, men avgjer ikkje om han kan vere kurator eller ikkje.

Ein bror til kona til Nils (som var gift), eller ektemann til ei syster til kona til Nils, kunne kallast svoger til Ellend.

Også dersom Ellend var trulova (som på 1700-talet var ein bindande avtale), ville bror og systermenn til jenta kunne kallast svoger til Ellend.

Omgrepet kunne tøyast endå lengre, som mann til ei farsyster eller morsyster, osv.

Og ja - ein enkjemann etter ei avdød syster ville vere "svoger"; og likeins bror til kona til ein avdød bror.

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.