Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Gulbrand Stenen - husmann under Kroken i Hafslo 1762 - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ekstraskatten for Hafslo 1762 syner at Zacharias Svabo i Kroken i Hafslo hadde fleire husmenn, mellom anna:

 

Gulbrand Stenen med kone og ei dotter:

 

* Christi (Kirsti) Gulbrandsdotter.

 

Dette manntalet har ingen aldrer oppgjevne, men eg mistenker Gulbrand for å vera identidsk med ein Gulbrand Dalen som vart gravlagd i Hafslo 15.3.1774, 70 år gamal!?

 

Gulbrand-namnet var so å seia "ikkje eksisterande" i Hafslo på 1700-talet; kyrkjebøkene syner ingen barnefødsler med far Gulbrand, ingen konfirmantar med far Gulbrand og ingen vigsler med far eller svigerfar Gulbrand.  Det var ein gardnrukar Gulbrand Sjurson på Joranger øvre, men han døydde kring 1729 og let berre etter seg ei dotter som ikkje førte namnet vidare...

 

"Vår" Gulbrand ser ut til å vera komen til Stenen som husmann kring 1757.

 

Gulbrand-namnet var nytta både i Sogndal og i Årdal, men eg kan ikkje sjå noko samband mellom denne Gulbrand og dei som budde i nabobygdene.  Ein Gulbrand Olson i JHola under Sogndal prestegard hadde ei dotter Kirsti fødd i 1739, som bygdebokskrivaren i Sogndal ikkje har finne att, men ho vart truleg gift i Årdal i 1759 med ein Nils Sjurson og sidan attgift i 1767 med ein Johanners Larsson, so ho er det nok ikkje!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i dag å henta fram dette emnet som har lege i eitt år utan at noko meir har skjett.

 

Mysteriet er framleis «komplett» når det gjeld lagnaden til denne huslyden som i 1762 budde i Stein under Kroken, og alle gode tips er hjarteleg velkomne!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.