Gå til innhold
Arkivverket

Sjur Johannesson og Rannei Bjørnsdotter - vigde i Årdal 1735 - kven var dei og kvar budde dei? - huslyden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Sjur Johannesson og Rannei Bjørnsdotter, båe av ukjent opphav, gifte seg i Årdal 13.11.1735

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1735, side 63.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-66
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620006.jpg

 

So vidt eg kan sjå, fekk dei berre ei dotter i lag:

 

* Martha Sjursdotter, døypt i Årdal 1.1.1737

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1737, side 67.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-70
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620010.jpg

 

Kvar det vert av foreldri, veit eg ikkje.  Ei Rannei Asbjørnsdotter døydde i Årdal 1.9.1761, 56 år gamal.  Ho KAN vera mori...

 

Martha Sjursdotter er i 1763 nemnd som tenestejente på nabogardane Hestetun og Midtun.  Truleg er det tale om same jenta, men so ser eg ikkje noko meir til ho, med mindre ho er identisk med den Martha Sjursdotter som 11.11.1781 gifte seg i Årdal med Sjur Halvorson Lægreid (1755-1791).  Sjur gifte seg på ny i Årdal 16.5.1784 med Kari Gulbrandsdotter frå Åbølle i Årdal (1753-1822), so Martha må vera avlidi før 1784.  Ingen born er nemnde i kyrkjebøkene i Årdal etter Martha og Sjur, men Martha fekk nok i alle fall ein son før ho gifte seg med Sjur:

 

* Sjur Jacobson, fødd "uægte" i Årdal 9.3.1769 - barnefar Jacob Davidson

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1769, side 171.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-172
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620240.jpg

 

Kanskje var ogso denne guten son hennar:

 

* Sjur Madsson, fødd i Årdal 17.3.1776 - barnefar Mads Bjørnson - tilsynelatande ektefødd

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1776, side 87.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-90
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620158.jpg

 

Og foreldri gifte seg 29.10.1775:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Ekteviede 1772-1775, side 221.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-223
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620291.jpg

 

Men dei fekk ikkje fleire born enn sonen Sjur!

 

Eg finn ikkje dødsfall i Årdal for korkje Sjur Jacobson (fødd 1769) eller Mads Bjørnson (gift 1775), men eg mistenker kyrkebøkene for ikkje å vera heilt fullstendige!

 

Eg trur at:

 

* Martha Sjursdotter først fekk sonen Sjur Jacobson i 1769

 

* At Sjur Jacobson døydde før 1776

 

* At Martha Sjursdotter gifte seg i 1775 med Mads Bjørnson

 

* At Mads Bjørnson døydde før 1781

 

* At Martha Sjursdotter gifte seg att i 1781 med Sjur Halcvorson!

 

* Og endeleg at Martha Sjursdotter døydde før 1784!

 

Men er det mogeleg å finna prov på noko av dette - eventuelt "motprov"?

 

Elles er eg sjølvsagt interessert i fleire opplysningar om opphavi til Sjur og Rannei samt opplysningar om kvar i Årdal dei kan ha butt!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.