Gå til innhold
Arkivverket

Annike Rasmusdotter Berteigen, fødd i Luster 1708 - levde i 1740 - gift i Askvoll 1743? - bygdebokoppslag?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Annike Rasmusdotter Berteigen (husmannsplass under Flahammar) var fødd i Luster kring 1708 som dotter av Rasmus Simonson og Britha Olsdotter.  Annike vart i 1728 stemnd for leigarmål med ein fjern slektning, Johannes Pederson Bringe (1703-1763).  I 1736 heitte det om ho at ho ikkje var i stand til å betala leigarmålsbøtene frå 1728 og at var fari frå prestegjeldet.  Ho levde framleis i 1740, men bustaden vert ikkje oppgjeven!

 

Annike hadde eit svært so uvanleg namn, og ei jente med namnet Annike Rasmusdotter dukkar opp i kyrkjebøkene i Askvoll som gift der 28.12.1743 med ein Johannes Mikkelson Rinde!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 7 (1739-1748), Kronologisk liste 1744, side 75.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8595&idx_id=8595&uid=ny&idx_side=-76
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630158.jpg

 

Det er mykje som tydar på at me talar om den same Annike, men kan dette provast?

 

Kanskje kan dette parfolket finnast nemnt i bygdeboki for Askvoll?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Øystein for spennande,. om enn skuffande, innlegg!  Eg får ikkje fram bygdeboksida, men ser ikkje nokon grunn til å tvila på innhaldet.  Soleis er det IKKJE «vår» Annike Rasmusdotter som hamna i Askvoll (Hyllestad)!

 

Eg veit ikkje kva straff Annike Rasmusdotter fekk for leigarmålet med denne slektningen sin, men vanleg var «fiskeleiene», d.v.s. ytre Sogn eller Sunnfjord eller kanskje lenger nord, eller «bergverki» på Røros, og her ser eg ei spennande fødsel:

 

* Berger, døypt i Tolga, Hedmark 18.7.1745 som son av Christian Bergerson og Annike Rasmusdotter

 

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Tolga, Ministerialbok nr. 1 (1733-1767), Fødte og døpte 1745, side 62-63.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9218&idx_id=9218&uid=ny&idx_side=-34
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603420081.jpg

 

Tolga er naboprestegjeld til Røros!!  Kanskje er det ho me er på leiting etter?

 

~~~~~

 

Elles vil eg gjerne få nemna at Annike Rasmusdotter hadde to søstrer som òg forsvinn frå Luster på same tid som Annike, eller noko seinare:

 

** Maria Rasmusdotter, fødd i Luster kring 1708, levde i 1740, men budde òg i ei anna bygd.  Om ho var i Sogn, ser eg ei Maria Rasmusdotter som 2.7.1754 gifte seg i Svanø, Kinn med ein Peder Andersson, men ho vert kanskje litt i «eldste» laget...?

 

** Martha Rasmusdotter, fødd i Luster kring 1714, vart i 1739 stemnd for leigarmål med «gift mann» Hermund Andersson Mørkrid (1704-1789) (ein av forfedrane mine...); sonen dei fekk var:

 

*** Anders Hermundson, døypt i Luster 15.3.1739

 

Om Martha var i Sogn, ser eg ei Martha Rasmusdotter (Bjørnestad) som 17.7.1740 gifte seg i Askvoll med ein Hans Lasseson (Lammetun).  Kan det vera ho?

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 7 (1739-1748), Kronologisk liste 1740, side 25.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8595&idx_id=8595&uid=ny&idx_side=-26
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630107.jpg

17.7.1740

 

Ikkje nokon «enkel» huslyd å finna ut av dette, men eg lever i voni og takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.