Gå til innhold
Arkivverket

Gunnhild Ellingsdotter Talle, fødd i Luster 1829 - gift to gonger i Bergen - lagnaden hennar og huslyden hennar?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #16648 i det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/102425-16648-til-lars-e-oeyane-luster-kommune-eller-andre/?hl=%2Bgunnhild+%2Bellingsdotter#entry841574), ein huslyd som eg opphavleg skreiv om i band III av Gards- og Ættesoga for Luster (1987) men som eg aldri greidde å finna ut kvar dei vart av!  Med nye kjelder og nye forskarar vil eg tru det kanskje no er vorte lettare?

Her følgjer eit oppdatert manuskript med diverse spørsmål:

~~~~~~~~~~~~~~~~

Gunnhild Ellingsdotter, f. i Luster 26.6.1829, flytte til Bergen i ung alder og gifte seg der første gongen 26.5.1854 med Nils Hansson frå Kleppe på Askøy, i Bergen kjend som Nils Hansen.  Han var son av gardbrukar Hans Mikkelson på Kleppe nedre og andre kona Nicolina Nilsdotter frå Solheim i Årstad, Bergen og f. på Askøy 3.4.1828.  Nils Hansen tok til som bakardreng, men vart sidan ølbryggjar i Bergen.  Han og Gunnhild budde fleire stader i Bergen, mellom anna i Kjældersmuget, i Lille Øvregate, i Hollænd­ergaten, på Torvet og i Ytre Markeveien.  Nils Hansen vart brått borte frå huslyden sin sist i 1860-åri,

##### (opplysningar om lagnaden hans??)

og etter ein del år fekk Gunnhild gifta seg att i Bergen 21.12.1881 med enkjemannen Olaus Jacobson, opphavleg frå Aker ved Christiania (Oslo), i Bergen kjend som Olaus Jacobsen.  Han var son av arbeidar Jacob Oveson på Bergfjerdingen i Aker, opphavleg frå Jødal søndre i Ullensaker, og kona Anna Marie Olsdotter frå

##### (opphavet hennar?)

og f. i Aker 23.4.1833.  Sjølv var Olaus smedarbeidar i Bergen,

##### (Olaus Jacobsen 1865 smedarbeidar på Dælenenga i Aker, gift første gongen med Caroline Friberg, f. i Christiania 1836 med born:  Karl O. Olausen f. Christiania 1858, Gustav Olausen f. V. Aker 1861, Fridthjof Olausen f. Ø. Aker 1862)

##### (sagt so i 1881, men kvar vart dei av?? – flytte frå Bergen??)

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Gunnhild fekk sju born, alle frå første ekteskapet:

a. Hans Andreas Johan Nilsson Hansen, f. i Bergen 15.6.1853,

##### (n. 1865 – lagnaden hans?)

b. Henrik Carl Martin Nilsson Hansen, f. i Bergen 6.7.1855,

##### (n. 1865 – lagnaden hans?)

c. Nils Olaf Mikal Nilsson Hansen, f. i Bergen 4.5.1857,

##### (1875: skomakarlærling i Kjældersmuget i Bergen – 1900: ugift skomakarsvein, losjerande Glesnesholmen i Sund – 1910: ugift skomakarsvein losjerande Dynnersmug, nedre 2 i Bergen (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708032160) – seinare lagnad?)

d. Hanne Gundrikke Gjertine Marie Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 13.5.1859, d. i Bergen 5.1.1865.

e. Trine Serene Dorothea Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 14.8.1861,

##### (n. 1870 hjå mosteri Christine i Fjeldgaten i Bergen – lagnaden hennar?)

f. Karoline Wilhelmine Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 7.8.­1864, voks opp på barneheimen som Anna Christine Jacobsdotter Klerck frå Høyeim (1835-1919) dreiv, d. i Oslo 4.8.1935.  Karoline gifte seg i Bergen 16.10.1894 med Franz Christian

##### (farsnamnet hans?)

Schumann, f. i Halverstad, Magdeburg i Sachsen, Tyskland 1.1.1851.  Han d. i Christiania 4.2.1918. 

##### (yrke og bustad? – 1891: enkjemann – maskinist ved tobakksfabrikk i Bergen! – 1900: røyrleggjar i Christiania)

Dei fekk sju born i lag.

g. Udøypt Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 9.4.1867, d. i Bergen 30.4.­1867.

~~~~~~~~~~~~~~~~

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enkemann Jakob Ovsesen gifter seg med pigen Anne Maria Olsdtr 27.12.1831 i Aker, hun er der oppgitt å være 28 år og kommet fra Eger, faren er Ole Olsen Flødager, Ole var gift med Randi Jensdtr og Flødager vil jeg tro var en plass under Hegstad. Deres datter Ane Maria blir konfirmert 11.10.1818, og hun er født 22.09.1804, ved dåpen er hun kalt Mallene

Lenke til kommentar
Del på andre sider

##### (Olaus Jacobsen 1865 smedarbeidar på Dælenenga i Aker, gift første gongen med Caroline Friberg, f. i Christiania 1836 med born:  Karl O. Olausen f. Christiania 1858, Gustav Olausen f. V. Aker 1861, Fridthjof Olausen f. Ø. Aker 1862)

##### (sagt so i 1881, men kvar vart dei av?? – flytte frå Bergen??)

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Dette er vel en god kandidat til Olaus Jakobsen i 1910  http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392252987 

Samme mann i 1900 http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037045023953

Olaus Jakobsen dør i 1911 se nr 907 http://arkivverket.no/URN:sk_read/27270/266/

Endret av Magne N.G Hagen-Pettersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #16648 i det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/102425-16648-til-lars-e-oeyane-luster-kommune-eller-andre/?hl=%2Bgunnhild+%2Bellingsdotter#entry841574), ein huslyd som eg opphavleg skreiv om i band III av Gards- og Ættesoga for Luster (1987) men som eg aldri greidde å finna ut kvar dei vart av!  Med nye kjelder og nye forskarar vil eg tru det kanskje no er vorte lettare?

Her følgjer eit oppdatert manuskript med diverse spørsmål:

~~~~~~~~~~~~~~~~

Gunnhild Ellingsdotter, f. i Luster 26.6.1829, flytte til Bergen i ung alder og gifte seg der første gongen 26.5.1854 med Nils Hansson frå Kleppe på Askøy, i Bergen kjend som Nils Hansen.  Han var son av gardbrukar Hans Mikkelson på Kleppe nedre og andre kona Nicolina Nilsdotter frå Solheim i Årstad, Bergen og f. på Askøy 3.4.1828.  Nils Hansen tok til som bakardreng, men vart sidan ølbryggjar i Bergen.  Han og Gunnhild budde fleire stader i Bergen, mellom anna i Kjældersmuget, i Lille Øvregate, i Hollænd­ergaten, på Torvet og i Ytre Markeveien.  Nils Hansen vart brått borte frå huslyden sin sist i 1860-åri,

##### (opplysningar om lagnaden hans??)

Det er rett at Nils Hansen forsvann rundt 1870, og det som er blitt sagt i familien (Gunhild er tippoldemor til kona mi) er at han reiste frå sine plikter her, til Amerika. Eg har aldri sett noko prov på dette, men det vert og fortalt at eldste sonen Hans Andreas Johan, som var 17 år i 1870, var svært sint på faren for dette. Hans Andreas, som var snikkarlærling, måtte forsørge mora si og småsøskna dei fyrste åra. 

og etter ein del år fekk Gunnhild gifta seg att i Bergen 21.12.1881 med enkjemannen Olaus Jacobson, opphavleg frå Aker ved Christiania (Oslo), i Bergen kjend som Olaus Jacobsen.  Han var son av arbeidar Jacob Oveson på Bergfjerdingen i Aker, opphavleg frå Jødal søndre i Ullensaker, og kona Anna Marie Olsdotter frå

##### (opphavet hennar?)

og f. i Aker 23.4.1833.  Sjølv var Olaus smedarbeidar i Bergen,

##### (Olaus Jacobsen 1865 smedarbeidar på Dælenenga i Aker, gift første gongen med Caroline Friberg, f. i Christiania 1836 med born:  Karl O. Olausen f. Christiania 1858, Gustav Olausen f. V. Aker 1861, Fridthjof Olausen f. Ø. Aker 1862)

##### (sagt so i 1881, men kvar vart dei av?? – flytte frå Bergen??)

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

Siste kjelde eg har for Gunhild er i 1885. Då bur ho saman med sin ugifte son Nils Oluf (som er skomakar) i Nøstegaten 34.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053295025375

Gunhild er førd opp som "handlende". Det er ikkje nemnd noko om mannen, så eg tenkte at ho kanskje var enke. Etter det andre her har funne ut kan det tenkast at mannen reiste til Kristiania medan ho var att i Bergen. Hennar dødsfall veit eg ikkje noko om.

Gunnhild fekk sju born, alle frå første ekteskapet:

a. Hans Andreas Johan Nilsson Hansen, f. i Bergen 15.6.1853,

##### (n. 1865 – lagnaden hans?)

Hans Andreas var som nemnd snikkar. Han gifte seg 11.05.1878 i Lindås med Malene Jakobsdotter Grimstad, f. 06.11.1854 i Lindås, dotter av Jakob Larsson og Olina Ivarsdotter. Hans Andreas døydde  22.08.1900 i Bergen, Malene døydde 20.02.1943 i Bergen. Dei fekk tilsaman 10 born: Jakob (15.06.1878 - 21.02.1937), Harald Martin (22.11.1879 - ?), Henrik Severin (05.08.1881 - 23.09.1906), Olga Marie (15.10.1883 - 01.03.1946), Hanna Laura (24.11.1885 - 05.05.1959), Frantz Konrad (05.05.1888 - 08.11.1955), Olaf Lauritz (25.09.1890 - 15.09.1961), Alma Marie (07.11.1891 - 21.09.1968), Jenny Olivia (19.05.1894 - ?) og Astrid (04.10.1897 - 26.04.1965). Dei to eldste gutane er fødde i Lindås, dei andre i Bergen.

b. Henrik Carl Martin Nilsson Hansen, f. i Bergen 6.7.1855,

##### (n. 1865 – lagnaden hans?)

Han var matros i 1875

c. Nils Olaf Mikal Nilsson Hansen, f. i Bergen 4.5.1857,

##### (1875: skomakarlærling i Kjældersmuget i Bergen – 1900: ugift skomakarsvein, losjerande Glesnesholmen i Sund – 1910: ugift skomakarsvein losjerande Dynnersmug, nedre 2 i Bergen (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708032160) – seinare lagnad?)

d. Hanne Gundrikke Gjertine Marie Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 13.5.1859, d. i Bergen 5.1.1865.

e. Trine Serene Dorothea Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 14.8.1861,

##### (n. 1870 hjå mosteri Christine i Fjeldgaten i Bergen – lagnaden hennar?)

Eg veit ikkje om det var Fjeldgaten. I 1875 budde Christine i rode 18, hus 48, det skulle vere Steinkjellerbakken 2?

Thrine gifte seg med Anders Simonsen, truleg litt før 1900. Dei flytte til Kristiania, der Anders arbeide som, mellom anna, restauratør, kokk, kelner, fabrikkarbeider. Anders døyde der 24.05.1917, Thrine 09.01.1946, i Oslo. Eg veit ikkje om nokre barn.

f. Karoline Wilhelmine Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 7.8.­1864, voks opp på barneheimen som Anna Christine Jacobsdotter Klerck frå Høyeim (1835-1919) dreiv, d. i Oslo 4.8.1935.  Karoline gifte seg i Bergen 16.10.1894 med Franz Christian

##### (farsnamnet hans?)

Schumann, f. i Halverstad, Magdeburg i Sachsen, Tyskland 1.1.1851.  Han d. i Christiania 4.2.1918. 

##### (yrke og bustad? – 1891: enkjemann – maskinist ved tobakksfabrikk i Bergen! – 1900: røyrleggjar i Christiania)

Dei fekk sju born i lag.

g. Udøypt Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 9.4.1867, d. i Bergen 30.4.­1867.

~~~~~~~~~~~~~~~~

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gunhild står i fattigmantallet i Bergen inntil 1887 http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt276&sideid=138&storleik=150

Hun står med bopel Strømgaten 45, og hjemstavn Christiania. Det er en merknad om at "manden forladt konen".

Olaus står med status som enkemann i FT 1910 i Kristiania http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392252987

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Magne, Carsten, Leif Erik og Lars J. for mange interessante og nyttige innlegg!

Eg har etter innleggi dykkar kunna oppdatera mange av «hòli» og vil gjerne få leggja fram eit nytt oppdatert manuskript, som i grunnen talar for seg...:

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Oppdatert etter nye opplysningar frå Ann-Mary i dei følgjande innleggi!

Gunnhild Ellingsdotter, f. i Luster 26.6.1829, flytte til Bergen i ung alder og gifte seg der første gongen 26.5.1854 med Nils Hansson frå Kleppe på Askøy, i Bergen kjend som Nils Hansen.  Han var son av gardbrukar Hans Mikkelson på Kleppe nedre og andre kona Nicolina Nilsdotter frå Solheim i Årstad, Bergen og f. på Askøy 3.4.1828.  Nils Hansen tok til som bakardreng, men vart sidan ølbryggjar i Bergen.  Han og Gunnhild budde fleire stader i Bergen, mellom anna i Kjældersmuget, i Lille Øvregate, i Hollænd­ergaten, på Torvet og i Ytre Markeveien.  Nils Hansen vart kring 1870 brått borte frå huslyden sin og skal vera faren til Amerika,

##### (opplysningar om lagnaden hans??)

Etter ein del år fekk Gunnhild gifta seg att i Bergen 21.12.1881 med enkjemannen Olaus Jacobson, opphavleg frå Aker, kjend som Olaus Jacobsen.  Han var son av arbeidar Jacob Oveson på Bergfjerdingen i Aker, opphavleg frå Jødal søndre i Ullensaker, og kona Malena, kjend som Anna Marie Olsdotter frå Fløtager under Hegstad i Eiker og f. i Aker 23.4.1833.  Olaus gifte seg første gongen i Aker 15.4.1855 med Caroline Josephine Johannesdotter Friberg frå Christiania.  Ho var dotter av skreddarmeister Johannes Henrikson Friberg i Christiania, opphavleg frå Nærs sokn i Värmland, Sverige, og kona Kirstine Christensdotter frå Christiania og f. i Christiania 15.12.1835. 

##### (dødsfallet hennar? – var 1875 ”gift Karoline Friberg” f. 1837 på ”Puella pubica” på Arbeidsanstalten i Christiania!),

Olaus var smedarbeidar og budde med første kona si ei tid på Dælenenga i Aker, men hadde nok for det meste opphald i sjølve Christiania.  Ekteskapet med Gunnhild varte ikkje lenge, for alt i 1885 var Gunnhild attende i Bergen der ho etter kvart kom på fattigkassa.  Ho d.

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – n. Bergen 1888 – seinare lagnad?)

Olaus Jacobsen vart buande i Christiania der han d. som enkjemann 3.7.1911.  Olaus hadde fire born, som alle var frå første ekteskapet hans.  Gunnhild fekk desse sju borni, som alle frå første ekteskapet hennar:

a. Hans Andreas Johan Nilsson Hansen, f. i Bergen 15.6.1853, d. på eit sjukehus i Bergen 22.8.1900.  Hans gifte seg på Lindås 11.5.1878 med Malena Jacobsdotter frå Grimstad på Lindås, f. på Lindås 6.11.1854.  Ho d. i Bergen 20.2.1943.  Hans var bygningssnikkar, og han og Malena budde i Bergen.  Dei fekk ti born i lag.

b. Henrik Carl Martin Nilsson Hansen, f. i Bergen 6.7.1855,

##### (n. 1865 og 1875 (matros) – lagnaden hans?)

c. Nils Olaf Mikal Nilsson Hansen, f. i Bergen 4.5.1857,

##### (1875: skomakarlærling i Kjældersmuget i Bergen – 1900: ugift skomakarsvein, losjerande Glesnesholmen i Sund – 1910: ugift skomakarsvein losjerande Dynnersmug, nedre 2 i Bergen (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708032160) – seinare lagnad?)

d. Hanne Gundrikke Gjertine Marie Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 13.5.1859, d. i Bergen 5.1.1865.

e. Thrine Serene Dorothea Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 14.8.1861, d. i Oslo 9.1.1946.  Thrine voks opp hjå mosteri Christine i Bergen, men gifte seg

##### (før 1900!)

med Anders Elias Endreson Simonsen frå Bergen, f. i Bergen 20.11.1868.  Han d. i Christiania 24.5.1917.  Anders og Thrine budde først i Bergen, men Anders reise ei tid til sjøs som stuert og var fleire gonger i Amerika.  Frå kring 1902 var dei busette i Christiania der Anders livnærte seg som tenar og fabrikkarbeidar.  Dei var barnlause.

##### (sjekka?)

f. Karoline Wilhelmine Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 7.8.­1864, d. i Oslo 4.8.1935.  Karoline voks opp på barneheimen som Anna Christine Jacobsdotter Klerck frå Høyeim (1835-1919) dreiv, og gifte seg i Bergen 16.10.1894 med enkjemannen Franz Christian

##### (farsnamnet hans?)

Schumann, f. i Halverstad, Magdeburg i Sachsen, Tyskland 1.1.1851.  Han d. i Christiania 4.2.1918. 

##### (yrke og bustad? – 1891: enkjemann – maskinist ved tobakksfabrikk i Bergen! – 1900: røyrleggjar i Christiania)

Dei fekk sju born i lag.

g. Udøypt Nilsdotter Hansen, f. i Bergen 9.4.1867, d. i Bergen 30.4.­1867.

~~~~~~~~~~~~~~~

Eg har no søkt etter fleire opplysningar om Olaus Jacobsen og første kona hans i Christiania, Caroline Friberg, og eg har likeins søkt etter Anders Simonsen og vigsli hans med Thrine, men utan hell.  Eg ser Anders Simonsen står som emigrant til New York i 1904, men elles er det dårleg med detaljar...

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Olaus gifte seg første gongen i Gamle Aker 15.4.1855

##### (oppl. frå FamilySearch – eg finn ikkje denne vigsli!)

med Caroline Josephine Ferdinandsdotter Friberg frå Christiania.  Ho var dotter av

##### (foreldri hennar? – Ferdinand Friberg og ??)"

Vielse 15 april 1855.

Nr 54

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Aker, Ministerialbok nr. 20 (1853-1857), Ekteviede 1855, side 365.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=571&idx_id=571&uid=ny&idx_side=-368
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060301051040.jpg

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lysning nr 242,venstre side

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Aker, Lysningsprotokoll nr. 5 (1853-1864), Lysninger 1854, side 100-101.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=571&idx_id=571&uid=ny&idx_side=-54
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060301040227.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye gode innlegg!  Eg meiner eg var innom denne vigselsprotokollen, men eg må ha vore på feil side...  No har eg retta opp manuskriptet i innlegg #12 med dei nye opplysningane!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Charlotte Emilie Olsen

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
5 March 1855
christening:
16 September 1855
DOMKIRKEN, OSLO, AKERSHUS, NORWAY
residence:
1855
Oslo, Oslo, Norway
father:
Olaus Jacobsen
mother:
Caroline Josephine Frieberg

Carl Oscar Olsen

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
7 March 1858
christening:
28 March 1858
DOMKIRKEN, OSLO, AKERSHUS, NORWAY
residence:
1858
Oslo, Oslo, Norway
father:
Olaus Jacobsen
mother:
Caroline Friberg

Gustav Adolf Olausen

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
10 June 1860
christening:
12 August 1860
Oslo, Oslo, Norway
residence:
1860
Oslo, Oslo, Norway
father:
Olaus Jacobsen
mother:
Caroline Friberg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye spennande og nyttige innlegg!

Med denne konfirmasjonen lukkast eg i å identifisera opphavet til Caroline, og eg har oppdatert manuskriptet mitt frå innlegg #12.  Kjempebra!!

Her er forresten vigsli til Johannes Friberg og Kirstine Christensdotter:

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Domkirke / Vår Frelsers menighet, Ministerialbok nr. 19 (1828-1847), Ekteviede 1831, side 128-129.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=661&idx_id=661&uid=ny&idx_side=-67
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060215040244.jpg

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis du vil ha meir nøyaktig tid for flytting for Gunnhild Ellingsdotter frå Luster til Bergen så står ho i utflyttingsprotokollen med 6. mai 1853

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8401&idx_id=8401&uid=ny&idx_side=-217

søstera Christine året etter:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8403&idx_id=8403&uid=ny&idx_side=-7

Ho var då omlag 16 år gammal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Olaus var smedarbeidar og budde med første kona si ei tid på Dælenenga i Aker, men hadde nok for det meste opphald i sjølve Christiania.  Ekteskapet med Gunnhild varte ikkje lenge, for alt i 1885 var Gunnhild attende i Bergen der ho etter kvart kom på fattigkassa.  Ho d.

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – n. Bergen 1888 – seinare lagnad?)

Eg veit ikkje om Gunnhild nokon gong budde i Kristiania. Olaus forlet henne og flytte til Kristiania. Gunnhild budde ei tid (1885) hos den ugifte sonen Nils Oluf i Bergen. Seinare kom ho på fattigkassa, og bopel står vel som Kristiania avdi ho framleis formelt var gift med Olaus.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif Erik for nye interessante innlegg!

Eg har lagt inn flytteåri for Gunnhild og søsteri hennar, men diverre er det slik at desse «innanlandske» flytteåri ikkje alltid er å stola på.  Ofte flytte dei før, men om dei skulle gifta seg, laut dei kontakta presten på heimstaden for å få attest!  Difor ser ein svært ofte at flytteattestar er skrivne berre veker før vedkommande gifte seg...

Når det gjeld bustaden til Gunnhild (og Olaus), går det fram av fattigprotokollane at Gunnhild hadde vore heimehøyrande i Christiania, men om denne utsegni kjem av at mannen Olaus var heimehøyrande der, er eg usikker på!  Kanskje finst det ein «heimstavnsprotokoll» som forklarar dette nærare?  Det er elles «påfallande» at Gunnhild ikkje er å sjå nokon stad etter 1888, og dødsfallet hennar er definitivt IKKJE registrert i Bergen!  Kan det tenkjast at ho (på ny) er flytt til Christiania og døydde der?  Me skal ikkje gløyma at dei to yngste døtrene båe flytte til Christiania!

Men, som sagt, heimstavnsprotokollane KAN hjelpa oss på veg!

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.