Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Manglar ministerialboki for vigde i Solvorn sokn, Hafslo frå 1879?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Lars Johannesson Haugen, fødd i Solvorn sokn i Hafslo 16.11.1860 og

 

Anna Knutsdotter Hæreid, fødd i Årdal 9.9.1858

 

må ha gift seg, anten i Hafslo eller i Årdal, på sommaren i 1885!

 

Anna er meld utflytt frå Årdal til Hafslo 8.6.1885 (siste innførsli på høgre side):

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Årdal, Ministerialbok nr. A 3 (1863-1886), Inn- og utflyttede 1885, side 374.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6949&idx_id=6949&uid=ny&idx_side=-310
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116340616.jpg

 

og første barnet deira, Johannes, var fødd i Solvorn sokn, Hafslo 27.9.1885, døypt 18.10.1885, «ægte»!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Solvorn i Hafslo, Klokkerbok nr. C 1 (1882-1908), Fødte og døpte 1885, side 14.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5258&idx_id=5258&uid=ny&idx_side=-13
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060815050030.jpg

 

Dei må soleis ha gift seg på sommaren i 1885, men vigsli er IKKJE innført korkje i Ministerialboki i Årdal eller i Klokkarboki for Solvorn sokn i Hafslo!

 

Ministerialboki for Hafslo, A13, dekker vigde 1854-1879, men eg finn ikkje noki Ministerialbok for vigde i Hafslo ETTER 1879.

 

Klokkarboki for Hafslo, A1, dekker alle forretningar 1866-1908, men vigslene for Solvorn sokn tek slutt i 1881, då eigi klokkarbok for Solvorn sokn, C1, byrjar 1882.

 

Det ser ut for meg som om klokkarboki for Solvorn sokn (vigde) IKKJE er komplett, og difor manglar ovannemnde vigsle (og kanskje ogso fleire andre...?)  (Eg kjem i farti ikkje på det, men eg er ganske so sikker på at eg ogso har vore på leiting etter ei anna vigsle frå Solvorn frå same tidsperioden, som eg heller ikkje har finne...)

 

** Eg ønskjer å få greie på dato (og stad) for vigsli til Lars Johannesson og Anna Knutsdotter frå 1885?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Den mangler ikke, men dekker årene 1881-2000. Det var år det ikke var noen vielse i det hele tatt, og mange år med bare en. Slikt blir det ikke mange sider av!  

 

Den vielsen det er spurt etter fant sted i Solvorn 25. juni 1885.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for oppklarande svar og nyttig dato!

 

Då er dette konkrete problemet løyst!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×