Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Christopherson (1751-1823) og Karen Knutsdotter (1749-1804) - budde i Bergen og sidan i Hafslo - kvar vart det av dei tre sønene deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #84396 frå det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/169730-84396-ole-christophersonkari-knutsdotter-bergen-1770-1790-so-hafslo-borni-deira/?hl=umdahl), og eg vil aller først få takka Grethe, seint, men like hjarteleg, for innleggi frå 2011, som eg ikkje oppdaga den gongen fordi eg ikkje visst korleis ein kunne abonnera på dei ulike emni...!

 

Eg saksar frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Christopherson Kinserdal, opphavleg frå Lykkja under Kjørlaug, vart døypt 14.2.1751 og gifte seg i Bergen 16.9.1781 med ei Karen Knutsdotter, som me trur var frå Bergen.  Ho var i so fall dotter av Knut Andersson og Anna Johannesdotter i Bergen og døypt der 4.3.1749. 

 

     ¤¤¤¤¤ (budde i Bergen frå 1770-åri og fram til 1790-åri!? - detaljar?)

 

Men ein gong på 1790-talet flytte Ole og Karen til Hafslo, og etter ei tid som innerstfolk på Urnes finn me dei kort etter hundreårsskiftet att som plassfolk i Kinserdalen.  Karen vart gravlagd i Hafslo 22.4.1804, medan Ole d. som husmann i Kinserdalen 18.10.1823.  Me kjenner til tre søner etter dei:

 1. Christopher Olsen, f. i NK, Bergen 24.8.1777,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

 2. Knut Olsen, f. i KK, Bergen 4.6.1784,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

 3. Johannes Umdahl Olsen, f. i KK, Bergen 3.8.1786,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – ein daglønnar Ole Christophersons drengebarn Johannes, 4 år, vart gravlagd i Bergen (9-46) 24.12.1791 – kanskje han?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg ser ikkje noko til desse gutane i Hafslo, so kan henda døydde dei alle tre i ung alder i Bergen?

 

Eg ville sett stor pris på å kjenna lagnadane deira og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

3. Johannes Umdahl Olsen, f. i KK, Bergen 3.8.1786,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – ein daglønnar Ole Christophersons drengebarn Johannes, 4 år, vart gravlagd i Bergen (9-46) 24.12.1791 – kanskje han?)

 

Legger for ordens skyld inn dødsfallet til Johannes - gravlagt på St. Pauls kirkegård i Nykirkens sokn. Den eldste sønnen til Ole og Karen var døpt i Nykirken, mens de to andre var døpt i Korskirken:

 

Bergen fylke, Nykirken, Klokkerbok nr. A 3 (1775-1820), Døde og begravede 1791, side 47. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8732&idx_id=8732&idx_listetype=bg&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-47
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416660371.jpg

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

 2. Knut Olsen, f. i KK, Bergen 4.6.1784,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 
Finner dette dødsfallet:
 
Her dødsfallet i selve kirkeboka - far er musketer Ole xstophersen; lille Knud døde, 2 år gammel:
Bergen fylke, St. Martini gravplass i Korskirken, Ministerialbok nr. A 12 / 2 (1786-1832), Døde og begravede 1786, side 3. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8679&idx_id=8679&uid=ny&idx_side=-4
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321620350.jpg

 

Fra det gamle tema sakser jeg dette fra ett av mine innlegg: "Da sønnen Knut ble døpt i Korskirken i 1784 var Ole musketer." 

 

Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 5 (1751-1789), Fødte og døpte 1784, side 213. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8675&idx_id=8675&uid=ny&idx_side=-216
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610376.jpg

 

Da kan vel dette være sønnen Knud?

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Etter det eg kan forstå, so må dødsfalli til Knut og Johannes no vera komne til rette.  Det finst ikkje nokon andre «høvande» Knut Olson eller Johannes Olson med far Ole Christopherson fødde på den tidi i Bergen!

 

Men kva med Christopher Olson?

 

Eg ser ein interessant kandidat i Undersøkjingsk0mmisjonen 1804:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=743&merk=743#ovre

 

Denne Christopher Olson går i kopparsmedlære i Bergen, er rett nok fødd i Domkyrkjesokni, men han er 25½ år gamal, og faren er «bonde i Sogn»!  Eg finn ikkje nokon annan Christopher Olson fødd i Bergen på den tidi!!

 

Kvar vart det so av denne Christopher Olson?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har halde fram med leitingi etter Christopher Olson, men so langt utan hell.  Eg fin han ikkje i Bergen i 1801, og heller ikkje kan eg sjå han er vorten gift eller gravlagd i Bergen.

 

Derimot har eg finne ei stadfesting av at Karen Knutsdotter verkeleg var dotter av Knut Andersson og Anna Johannesdotter.  Ole og Karen hadde ein son døypt Johannes Umdahl, og her er vigsli til Knut og Anna:

 

Name Knudt Andersen Omdal

Spouse's Name Anna Johannisdr Elsacher

Event Date 21 Apr 1745

Event Place Nykirken,Bergen,Hordaland,Norway

 

Med desse namni burde det vera mogeleg å finna ut kvar Knut og Anna var komne ifrå?

 

* Omdal synest vera eit gardsnamn som er mykje nytta i Telemark, men kan Knut verkeleg vera derifrå?  Kanskje det heller skal vera Amdal eller Aamdal?

 

* Elsacher vil eg tru må vera Elsager på Tysnes i Sunnhordland.  Kanskje bygdebøkene for Tysnes kan hjelpa til å klara opp i dette spørsmålet?

 

Spennande huslyd dette...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg kontakta Ernst Berge Drange, forfattaren av bygdebøkene for Tysnes, om Knut Andersson og Anna Johannesdotter Elsacher, og han skriv følgjande attende:

 

~~~~~~~~~~

 

Johannes Akselsen Elsåker f. o. 1671, var sjømann (båtsmann) og b. Bergen, var g. m. Brita Samsonsdtr. Neravåge, også Tysnes. Dei budde altså i Bergen, begge var frå Onarheim sokn (austsida av Tysnes).
Johannes er omtala i TYsnes b.4 s.557.
Under Brita Samsonsdtr. Neravåge (b.4 s.289) finn eg at Brita Samsonsdtr. f.o. 1680, var g. m. Johannes Akselsen Elsåker og b. Bergen. Og: Brita var d. før 1746 (skifte etter far henner), men let etter seg dottera Anna «som er udi æcteskab med een Mand boende i Bergen». Dette må vel vera di Anna Johannesdtr. "Elsacher" g. i 1745 m. Knut Anderssen Omdal.

 

~~~~~~~~~~

 

Då kan me altso slå fast at Anna Johannesdotter må vera fødd i Bergen, og i Nykyrkja i Bergen finn me følgjande born døypte av Johannes Axelson og Britha Samsonsdotter:

 

* Rosamunda, døypt 13.5.1705

* Samson, døypt 25.5.1707

* Hans, døypt 11.1.1709

* Anna, døypt 17.4.1710

* Guri, døypt 17.1.1716

 

Men kven var Knut Andersson Omdal?

 

Men endå viktigare:  Kvar vart det av kopparsmedlærlingen Christopher Olson, fødd i Bergen 1777?

 

Eg takkar igjen for alle gode innspel og held fingrer og tær «krossa»!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Gangstø

 

 

"* Omdal synest vera eit gardsnamn som er mykje nytta i Telemark, men kan Knut verkeleg vera derifrå? Kanskje det heller skal vera Amdal eller Aamdal?"

 

Iflg Kartbok for Vestlandet finnes Omdal og i Egersund og Lund.

 

Mvh

Hans Gangstø

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Hans for nytt interessant innlegg!

 

Sidan eg framleis står heilt utan spor når det gjeld opphavet til Knut Andersson Omdal, er eg open for alle gode forslag!  Eg vil i utgangspunktet tru at Lund/Egersund er ein langt meir sannsynleg opphavsstad for Knut Andersson enn Telemark, men finst det eventuelt bygdebøker for Lund/Egersund som kan bidra med opplysningar?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan, eg sjekka dødsfall i Bergen og fann at

 

Fløtmann Knut Andersson AMDAL vart gravlagd frå Nykyrkja 13.1.1781, 63 år gamal!

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=51284&merk=51284#ovre

 

Kvar kan han då vera ifrå?  Amdal finst i alle fall i Sand, i Strand og i Tysvær, og då er me ikkje so langt ifrå Tysnes...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

????

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000005488163

 

Ministerialbok for Avaldsnes prestegjeld, Avaldsnes sokn 1801-1817

1 barn   Johannes 1803 *    

2 far Kobbersmed Sven Christopher Ols.     Bergen

3 mor Pige Anna Ormsd.     Østrheims-Stølen

 

Døpt: 

1803 06.01     Avaldsnes

 

Rogaland fylke, Avaldsnes i Avaldsnes, Ministerialbok nr. A 3 (1801-1817), Fødte og døpte 1803, side 24. - høyre side: 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8624&idx_id=8624&uid=ny&idx_side=-24
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070320630273.jpg

 

Her er vel den omtalte Torkel Torkelsen og hans kone Anna Larsdatter i Avaldsnes i 1801:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058363000490

 

Name: Anna Ormsdatter
Christening Date: 29 Nov 1778
Christening Place: NEDSTRAND, ROGALAND, NORWAY
Christening Age:
Death Date:
Father's Name: Orm Johansen
Mother's Name: Anna Larsdr
 
 
Lille Johannes Christophersen døde i Avaldsnes, 15 uker gammel:
 
 
 
Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at det er kopparsmedsveinen «vår» som har vore på ferde her som barnefar, men er det mogeleg å følgja han vidare?  Han vart jo tydeleg IKKJE buande i Bergen, men han kan jo ha slege seg ned nær sagt kvar som helst...

 

Elles er eg vorten merksam på at det finst ein gard i Gulen som heiter Omdal eller Åmdal, men eg kan ikkje sjå nokon samanhang mellom Knut Andersson og den garden...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter fleire månader i «dvale» vil eg i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå januar, og særleg er eg oppteken av lagnaden til sonen:

 

Christopher Olson, fødd i Bergen 24.8.1777, nemnd kopparsmedsvein i Avaldsnes 1803 (jmf. innlegg #11 ovanfor) og ogso nemnd i kopparsmedlære i Bergen i 1804 (jmf. innlegg #4 ovanfor).

 

Kvar i all verdi kan det ha vorte av denne kopparsmeden?  Han kan då ikkje berre «forsvinna»...?

 

Eg krossar fingrer og tær og vonar på at Christopher vil dukka opp frå gøymsli...

 

Stor takksemd følgjer med denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i ettermiddag gjerne nok ein gong henta fram att dette emnet.  Denne sonen, kopparsmed Christopher Olson, fødd i Bergen 24.8.1777, nemnd i Avaldsnes i 1803 og i Bergen 1804, berre MÅ vera der ute ein eller annan stad, men KVAR?

 

Eg takkar og bukkar nok ein gong for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

På denne årets siste dag vil eg gjerne få henta fram att dette emnet der ei kjempeutfordring framleis står att å løysa:

 

Eg attgjev frå innlegg #13 ovanfor:

 

Christopher Olson, fødd i Bergen 24.8.1777, nemnd kopparsmedsvein i Avaldsnes 1803 (jmf. innlegg #11 ovanfor) og ogso nemnd i kopparsmedlære i Bergen i 1804 (jmf. innlegg #4 ovanfor).

 

Kvar i all verdi kan det ha vorte av denne kopparsmeden?  Han kan då ikkje berre «forsvinna»...?  Eg vil gissa på at han har busett seg ein eller annan stad på Vestlandet...!?

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips og ønskjer dykk alle eit godt nytt år!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har ikkje heilt lyst til å sleppa tak i kjempeutfordringi om kvar det vart av kopparsmedsveinen Christopher Olson, fødd i Bergen 24.8.1777.  Han var barnefar på Karmøy i 1803 og i kopparsmedlære i Bergen i 1804, men kvar vart han av??

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips om lagnaden hans!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×